Gå til innhold
Arkivverket
Evy Dombestein

Johannes Staveteig frå Stavøy i Florø kommune. Leiter etter informasjon om min oldefar!

Recommended Posts

Evy Dombestein

Johannes Stavøteig (eller Stavø?) er far til mi mormor, Malfrid Magnussen (født 1928, jentenavn: Stavøy). Mor til Malfrid er Amanda Myrvang (født 1903 , jentenavn: Stavø). Amanda gifta seg seinare med Alfred Myrvang (Kalvåg) som adopterte Malfrid og dei fekk to barn saman, Signe og Harald.

Vi har aldri sett bilde av Johannes eller fått vite kor han er blitt av. Det einaste vi har hørt er at han flytta etter at Amanda ikkje ville gifte seg med han (dette kjem ikkje frå sikre kilder). Vi har også fått vite at han gifta seg, men aldri fekk andre barn. Dette veit vi ikkje om det stemmer.

 

Er det nokon her som kjenner til denne Staveteig-familien? Det hadde vore veldig kjekt å vite kor han flytta hen og om han eventuelt har etterkommarar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg har ikkje noko sikkert, men det finnes ein Johannes N. Stavøteig gravlagd i Kristiansand i 1956. Det er ikkje oppgitt noko fødselsår, men på same gravnummer finn vi ei Ingeborg Stavøteig f. 1895, som då truleg har vore kona hans. Det kan vel gje ein passeleg alder i forhold til Amanda.

 

Kor er Malfrid døypt, har du funne dåpsregistreringa i kirkjeboka?

 

mvh egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Evy Dombestein

Takk for svar! Malfrid budde på Stavøy saman med bestemora, Maren, til ho flytte på Kalvåg da ho var rundt 10 år? Ho er nok døypt i Kinn (Bru kommune). Men det finn eg vel ikkje i kirkebøker her?

 

Eg fann forresten en Johannes Nikolai Stavøteig i kirkeboka for Kinn (Bru). Født 1900, uekte sønn av Matias Larssen, Bergen og Oline Marie Johannesdatter Stavøteig. Dette er nok han.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Då trur eg at eg ville sendt eit spørsmål til statsarkivet i Bergen. Eg reknar med at dei har kyrkjeboka, og kan slå opp for å sjå kven som er nemnde som far hennar, og gjerne også fødselsår på han, dersom det er oppført.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Evy Dombestein

Takk, det skal eg prøve! Korleis kan eg finne ut om Johannes hadde barn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Sigdestad

Hei Evy!

 

Du kan jo f.eks. søkje i folketeljinga for 1910 som ligg her på Digitalarkivet, og der er mange søkekriterium, så du kan søkje både på namn, fødselsår, fødestad etc. Lykke til! :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Takk, det skal eg prøve! Korleis kan eg finne ut om Johannes hadde barn?

 

Det enklaste er truleg å kontakte Kristiansand kirkelige fellesråd, og høyre om du kan få opplyst kven som festar grava (Det varierer i kva grad slike opplysningar blir oppgitt). Som oftast vil det vere familie som står som festar.

 

Ingeborg og Johannes N. er gravlagd på Kristiansund gravplass, felt 09, rad D, grav nr. 4.

 

Lykke til

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Sigdestad

Hei igjen, Evy!

 

Eg ville ha ringt prestekontoret i Florø, for det var vel der Malfrid vart døypt i 1928, og spurt etter det fulle namnet og fødselsåret til Johannes Staveteig som står i ministerialboka der, og der står også kor han bur, yrke, og kanskje andre opplysningar. Dei plar vere velvillige... :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Evy Dombestein

Takk, det skal eg gjere, Egil! :)

 

Hei igjen, Evy!

 

Eg ville ha ringt prestekontoret i Florø, for det var vel der Malfrid vart døypt i 1928, og spurt etter det fulle namnet og fødselsåret til Johannes Staveteig som står i ministerialboka der, og der står også kor han bur, yrke, og kanskje andre opplysningar. Dei plar vere velvillige... :)

 

Aha! Ja, da kan eg forhøyre meg litt der ;) Takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Evy Dombestein

Ja, den har eg funne :) Vi veit mykje om Amanda si side, men ho ville ikkje dele noko om Johannes. Ukjent av kva grunn og det får vi nok heller aldri vite.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Man kan jo også kontakte Statsarkivet i Kristiansand og be om opplysninger vedr. skifte/dødsmelding etter Johannes og Ingeborg Stavøteig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Sigdestad

Dette var feil, så eg fjerna innlegget...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Evy Dombestein

Har du sett dette:

Johannes Mathiasen og moren Marie Johannesdatter i ft 1900 Kinn:

http://www.rhd.uit.n...bnr=0005&lnr=00

 

Mvh Randi Elisabeth Haugros

 

Dette kan stemme med det eg fann i kirkeboka. Der stod det oppført en Nils Johannes Stavøteig i siste kolonna. Eg klarer ikkje å sjå kva som står der, men det er noko slikt som: "Uegte børn af hvem afg. giver"? Altså blei Johannes buande hos Nils Johannesen som du har funne i folketellinga på garden Teigen. Dvs at Johannes opprinnelig kjem frå bruk nr. 9 på Stavøy (der mora Oline kom frå).

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?urnread_imagesize=full&info=ingen&hode=nei&show=111&uid=1134796&js=j

 

Klarer noken å tyde det andre som står under fadderar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Sigdestad

Hei igjen, Evy!

 

Feil i lenka di i innlegg #17... :P

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Mulig det er denne som Evy la inn lenke til, Johannes sin dåp:

 

Kjeldeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Bru (Svanøy) i Kinn, Klokkarbok nr. C 2 (1869-1918), Fødde og døypte 1900, side 110.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6904&idx_id=6904&uid=ny&idx_side=-111

Permanent biletlenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115320425.jpg

 

 

I siste kolonne står det Johannes Hellesen som er Olines far, og Nils Johannesen Stavøteig som er Olines bror.

Her er de i ft 1865. Her finner du også Pernille Johannesdatter, søster til Oline.

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1437&kenr=007&bnr=0003&lnr=000

 

 

Mvh Randi Elisabeth Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Mon tro om dette er Johannes Nicolai f. 1900 ført med rett fødselsdato men feil år, som sønn av Nils Johannesen på Teigen i Kinn i 1910 og mor Marie Johannes. tilhørende familien, født 1867, 11/3 istedenfor 11. juni.

Maries mor Nicolaia er enke.

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1437&kenr=007&bnr=0003&lnr=000

 

Dåpen til Oline Marie:

 

Kjeldeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Bru (Svanøy) i Kinn, Klokkarbok nr. C 1 (1854-1868), Fødde og døypte 1867, side 67.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11536&idx_id=11536&uid=ny&idx_side=-69

Permanent biletlenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510630014.jpg

 

Mvh Randi Elisabeth Haugros

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Evy Dombestein

Mulig det er denne som Evy la inn lenke til, Johannes sin dåp:

 

Kjeldeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Bru (Svanøy) i Kinn, Klokkarbok nr. C 2 (1869-1918), Fødde og døypte 1900, side 110.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6904&idx_id=6904&uid=ny&idx_side=-111

Permanent biletlenke: http://www.arkivverk...70115320425.jpg

 

 

I siste kolonne står det Johannes Hellesen som er Olines far, og Nils Johannesen Stavøteig som er Olines bror.

Her er de i ft 1865. Her finner du også Pernille Johannesdatter, søster til Oline.

http://www.rhd.uit.n...nr=0003&lnr=000

 

 

Mvh Randi Elisabeth Haugros

 

Det kan verke som han vaks opp med broren til Oline, da?

 

Eg har forresten funne ut at grava vart sletta i 2002, det kan kanskje tyde på at han ikkje hadde etterkommarar der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×