Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

Kari Larsdtr. Skinlo f. 1736-1738 i Breim

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg søkjer opplysningar om Kari Larsdtr. f. mellom 1736 og 1738 på Skinlo i Breim

Foreldrer Lars Olsen og Marte Jakobsdtr.

 

Det einaste handfaste eg har om henne er det som bygdeboka skriv at ho er fødd i Lakuna 1736-38, og i 1791 var ho busett i Bergen og hadde born.

 

I Bergen er det fleire Karen/Kari Larsdtr. som gifter seg som er aktuelle kandidatar i aktuelt tidsrom.

Mokon som kan hjelpe meg vidare ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, Lakuna er ein fin stad å bli fødd, eg har fleire stader sett det brukt som eit stadnamn - av dei som ikkje veit at det betyr "hol" i protokoll-føringa. Men berre så det er sagt: Eg har ikkje greidd å lokalisere henne. Ingen openberre kandidatar i 1801, då ho bør vere rundt 64 år.

 

Ho som døyr i 1790 passar godt i alder, men så var det 1791 då - for å sleppe å leite viss du veit det: Kva skjedde i 1791?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Det med skiftet i 1791 har eg og studert på. Finn ikkje skifte der det skulle være naturleg at dei er nemnde (utan at eg har oversett det ), men eg ser at bygdeboka viser til det ved fleire høve.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ok, då får eg studere litt -

 

Her http://arkivverket.n...read/24239/169/

 

og her står då at Kari Larsdtr er avdød i 1791, og at ingen visste namn eller opphaldsstad på borna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Der fant du det aktuelle skiftet ja, takk skal du ha!

Synd det ikkje kan fortelje oss kven/kvar borna var.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Kansje det er ho som døydde i 1790 då, men å bevise det er noko anna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Denne Karen Larsdtr. som dør i Bergen 1790 var gift med Nils Eriksen, fiskar i Sandviken og døyper sonen

Nils 10/2.1765 i Korskirken. Som fadder er det ein Tor Jacobsen.

Eg undrast om han kan være morbroren til mora Kari/Karen Larsdtr. ?

Bygdeboka har ikkje anna om Tor enn fødselsåret.

 

Skal sjekke ut fadrane på dei ande borna og

Dei andre borna er:

Anna Margrethe dpt. 10/-67 (KK)

Anna Inger dpt. 25/1-71 (KK)

Anna Margrethe dpt. 6/7-72 (KK)

Hans Andreas dpt. 29/12-80 (KK)

Elerth Tobias dpt. 8/4-82 (KK)

 

 

Ingen fleire namn eg såg interessande i dei andre dåpane

anna enn ei Cathrine Johannesdtr. som var fadder på Hans Andreas 29.12 -1780

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har rekna med at Tor er død før 1791 utan arvingar sidan han ikkje er nemnd i skiftet.

 

For min del finn eg heile 12 born i Bergen som kan sjå ut til å vere av det same paret!

 

Eller - det er nok to par ja, to born på kvar si tid i det same året er ikkje heilt logisk. Her må det studerast litt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ei avsporing av dette emnet, men når vi likevel er innom skiftet i 1791:

 

Etter det eg kan sjå av skiftet er Tora Larsdtr. Skinlo busett i Bergen 1791 -

Har du Aase funne att Tora og mannen Lars Pedersen eller nokon av borna etter at dei flytte frå Breim ?

 

Eg klarar ikkje tyde kva som står i skiftet etter Bergen ang. Thora.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Marte Jakobsdtr har angiveleg berre 3 søner og 1 dotter som arvar etter seg - sønene Ola, Jakob og Peder, alle i live, og den avdøde dottera - som eg no med nøyare lesing er usikker på namnet på - kan det stå Thore? Ja, det gjer det utan tvil når eg får forstørra det!

 

Og i så fall - finst det gjerne ikkje noka Kari i det heile! Det finst ikkje nokon person med det namnet i konfirmantlistene, og det kan sjå ut som dette skiftet er bygdeboka si kjelde for at ho finst - !? Her har vi visst gått i bygdebok-fella, både eg og du, Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Takk skal du ha Aase for klårtenking.

Det står angjeveleg Thore i skiftet og ho bur då i Bergen, men eg klarar ikkje å finne henne att i Bergen korkje som levande i 1801 eller død der så truleg har dei flytta eller kansje helst at dei har vore busette "i nærleiken" av Bergen. - Men kvar ?

 

Sjølvsagt er ho død i 1791 ved skiftet... :rolleyes:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Nei, eg har heller ikkje funne henne, mannen eller borna nokon stad. Dei har dessverre svært vanlege namn. Eg tenkjer dessutan at vi snakkar om det utvida Bergens-begrepet her; Fana t.d. som "alle" dei andre vi har hatt føre oss i det siste.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ja eg og tenkjer Bergen "med omland" både nordover og sørover.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, det er slik det ser ut hos meg og. Synd dei har så vanlege namn!

 

Merkeleg - dette er eit svar til Harald sitt neste innlegg, men kjem altså FØR.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ingen av syskena Marie f. 1766, Lars f. 1769, Peder f. 1770 eller Jacob f. 1776 har eg funne konfirmerte i Gloppen. Marthe f. 1764 var konf. i Gloppen 1781.

Heller ikkje døde i Gloppen før 1785.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.