Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kari Larsdtr. Skinlo f. 1736-1738 i Breim


Recommended Posts

Eg søkjer opplysningar om Kari Larsdtr. f. mellom 1736 og 1738 på Skinlo i Breim

Foreldrer Lars Olsen og Marte Jakobsdtr.

 

Det einaste handfaste eg har om henne er det som bygdeboka skriv at ho er fødd i Lakuna 1736-38, og i 1791 var ho busett i Bergen og hadde born.

 

I Bergen er det fleire Karen/Kari Larsdtr. som gifter seg som er aktuelle kandidatar i aktuelt tidsrom.

Mokon som kan hjelpe meg vidare ?

Ja, Lakuna er ein fin stad å bli fødd, eg har fleire stader sett det brukt som eit stadnamn - av dei som ikkje veit at det betyr "hol" i protokoll-føringa. Men berre så det er sagt: Eg har ikkje greidd å lokalisere henne. Ingen openberre kandidatar i 1801, då ho bør vere rundt 64 år.

 

Ho som døyr i 1790 passar godt i alder, men så var det 1791 då - for å sleppe å leite viss du veit det: Kva skjedde i 1791?

Denne Karen Larsdtr. som dør i Bergen 1790 var gift med Nils Eriksen, fiskar i Sandviken og døyper sonen

Nils 10/2.1765 i Korskirken. Som fadder er det ein Tor Jacobsen.

Eg undrast om han kan være morbroren til mora Kari/Karen Larsdtr. ?

Bygdeboka har ikkje anna om Tor enn fødselsåret.

 

Skal sjekke ut fadrane på dei ande borna og

Dei andre borna er:

Anna Margrethe dpt. 10/-67 (KK)

Anna Inger dpt. 25/1-71 (KK)

Anna Margrethe dpt. 6/7-72 (KK)

Hans Andreas dpt. 29/12-80 (KK)

Elerth Tobias dpt. 8/4-82 (KK)

 

 

Ingen fleire namn eg såg interessande i dei andre dåpane

anna enn ei Cathrine Johannesdtr. som var fadder på Hans Andreas 29.12 -1780

Eg har rekna med at Tor er død før 1791 utan arvingar sidan han ikkje er nemnd i skiftet.

 

For min del finn eg heile 12 born i Bergen som kan sjå ut til å vere av det same paret!

 

Eller - det er nok to par ja, to born på kvar si tid i det same året er ikkje heilt logisk. Her må det studerast litt.

Ei avsporing av dette emnet, men når vi likevel er innom skiftet i 1791:

 

Etter det eg kan sjå av skiftet er Tora Larsdtr. Skinlo busett i Bergen 1791 -

Har du Aase funne att Tora og mannen Lars Pedersen eller nokon av borna etter at dei flytte frå Breim ?

 

Eg klarar ikkje tyde kva som står i skiftet etter Bergen ang. Thora.

Marte Jakobsdtr har angiveleg berre 3 søner og 1 dotter som arvar etter seg - sønene Ola, Jakob og Peder, alle i live, og den avdøde dottera - som eg no med nøyare lesing er usikker på namnet på - kan det stå Thore? Ja, det gjer det utan tvil når eg får forstørra det!

 

Og i så fall - finst det gjerne ikkje noka Kari i det heile! Det finst ikkje nokon person med det namnet i konfirmantlistene, og det kan sjå ut som dette skiftet er bygdeboka si kjelde for at ho finst - !? Her har vi visst gått i bygdebok-fella, både eg og du, Harald.

Takk skal du ha Aase for klårtenking.

Det står angjeveleg Thore i skiftet og ho bur då i Bergen, men eg klarar ikkje å finne henne att i Bergen korkje som levande i 1801 eller død der så truleg har dei flytta eller kansje helst at dei har vore busette "i nærleiken" av Bergen. - Men kvar ?

 

Sjølvsagt er ho død i 1791 ved skiftet... :rolleyes:

Nei, eg har heller ikkje funne henne, mannen eller borna nokon stad. Dei har dessverre svært vanlege namn. Eg tenkjer dessutan at vi snakkar om det utvida Bergens-begrepet her; Fana t.d. som "alle" dei andre vi har hatt føre oss i det siste.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.