Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

Brite Eriksdtr. Frøystad f. 1743-45 (?)

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg etterlyser opplysningar om Brite Eriksdtr. f.ca. 1743-45 på Frøystad i Breim av foreldra Erik Ingebrigtson og Anne Jacobsdtr.

Har ikkje funne henne døypt, men her er konfirmasjonen hennar i Gloppen 1760

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 4 (1758-1784), Fødte og døpte 1760, Konfirmerte 1760, side 19.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-19

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228300169.jpg

 

No er spørsmålet om kvar det vart av Brite etter konfirmasjonen i 1760.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No må eg stille spørsmål tilbake: Veit vi at foreldra hennar er dei du oppgjev, eller er det bygdeboka som lurer oss igjen?

 

Er det ikkje sannsynleg at dette er dottera Brite som Erik hadde med Marte Olsdtr Myklebust i 1740, før han gifte seg? Ho er i så fall 20 år ved konfirmasjonen, men det kan tenkjast ho ikkje er av dei skarpaste knivane i skuffa.

 

Og i såfall er ho ugift tjenestepige på Frøystad i 1801 - i sitt 62. år. Eg veit ikkje når ho døydde.

 

Her er dåpen - kven mora Marte Olsdtr er har eg ikkje greidd å plassere.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ok, du har sikkert rett i dine antakelsar. Eg finn heller ikkje døypt noko datter til Erik og Anne i det aktuelle tidsrommet.

 

Bygdeboka for Gloppen er ei rettesnor, men ikkje feilfri den heller som dei fleste bygdebøker.

Har nettopp reg. ein familie på Steinsåker der BB kallar faren JON medan det i kyrkjebøkene konsekvent vert skrive JAN.

 

Takk skal du ha Aase.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Einar Rygg

Hei og godt nytt år.

 

Er heilt samd med dykk. Frøystad er sers usannsynleg. Hallar til Myklebust br.nr. 1,4 og 8 i BB.

som meir truleg. Der er elles fleire personar på denne garden som er vanskelege å plassera,

fordi vi ikkje finn fødsel eller dåp i kyrkjeboka. Slik vil det vera mange stader. Men so blir det no

noko å bryna seg på for dei som har tid og interesse for det.

Lukke til.

 

Mvh Einar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Kjekt å sjå deg på bana, Einar! Eg vil nytte høvet til å gje deg skryt endå ein gong for det omfattande arbeidet med namnelistene i bygdebøkene for Gloppen - kva du fekk til utan å ha slektsprogram på data til hjelp er i grunnen heilt utruleg. Så når vi finn feil og manglar - som vi gjer - så skulle det berre mangle; med dagens hjelpemiddel er det mykje enklare å kunne slå saman eller splitte opp personar ut frå dei opplysningane vi har, så no er det dei verkelege nøttene som står igjen. Men vi knekkjer vidare med godt mot!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.