Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Harald L. Bakke

Gloppen: To sysken frå Fløtre i Breim

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg søkjer opplysningar om Brite og Ole Ols. frå Fløtre i Breim.

Foreldra var Ole Iversen og Thora Jansdtr.

Om Brite Olsdtr. veit vi at ho var fødd 1784, fekk sonen Jon i 1818 med Ola Jonson Egge før ho i 1823 flytte til Bergen som ugift. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 6 (1816-1826), nr. 2 s. 568 Utflyttede 1822-1824, side 568-569.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11428&idx_id=11428&uid=ny&idx_side=-160

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228300692.jpg

I Bergen finn eg ikkje henne att, men det kan tenkast at "Bergen" innbefattar området rundt og ikkje bare nødvendigvis sjølve Bergen by.

 

Broren Ole Olsen var fødd 1793 - Døypt 13. august i Gloppen Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 5 (1785-1815), Kronologisk liste 1793, side 65.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11427&idx_id=11427&uid=ny&idx_side=-66

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228300403.jpg

Bygdeboka seier han er nemnd i 1820 ellers ikkje vidare opplysningar om han.

 

Er det nokon som har opplysningar om nokon av desse to syskena vidare ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Rune Bergesen

Kan det være henne, Berthe Olsdatter, som er gift i NK 12/10-1823 39 år f. i Gloppen, med Stephan Gundersen 21 1/2 aar tjenestekarl

Der er en Ole Olsen Flyttereide UK bordarbeidsmand 32 aar 10 mnd f. i Gloppen som gifter seg i KK 2/7-1826 med Pige Nille Olsdtr. Grimeland Førde 24 aar 4 mnd

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Mange takk Rune, dei må eg sjå nærare på! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har lurt på om han kanskje var den som seinare blei Breims-Ola på Isane, men du kjenner kanskje identiteten til den karen?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Brite/ Berthe er iallefall rette dama.

her er lenke til vigla i Nykirken 1823

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1844), Ekteviede 1823, side 421.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8726&idx_id=8726&uid=ny&idx_side=-426

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416630660.jpg

 

"Breim-Ola", det var interessant teori, men eg må vedgå at eg ikkje har studert på kven han var. Skal ha det i minnet vidare Aase.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Så flott! Veit du kvar det vart av sonen hennar?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Ole gifter seg iallefall i KK, Bergen 2. Juli 1826 nr.31

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 14 (1823-1835), Ekteviede 1826, side 423.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8684&idx_id=8684&uid=ny&idx_side=-433

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321640240.jpg

 

Han kan ikkje være "Breims-Ola " for den karen skal være fødd ca 1795 og gifte seg i 1825 med Mari Andersdtr. Indre Davik (1798-1866) alt i følge Bremanger Bygdebok IV s. 325

 

Så flott! Veit du kvar det vart av sonen hennar?

 

Nei han har eg ikkje forfølgt, han er ein generasjon for langt ute til at eg vier tid på han i denne omgang (eg stoggar ved tremmenningar).

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Det er rett, og der blir han kalla Ola Olsson Ise, så eg får spekulere vidare på han - men eg skal ikkje bruke Fløtre-tråden din til det. Men berre for å fullføre det eg trur: Breims-Ola er ikkje frå Breim. Men det er derimot farfaren hans, Ola Larsson Skinlo, gift til Isane.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Men hadde Ola Larsson på Iseneset ein son som heitte Ola då ?

 

Eg har bare registert desse borna på han

- Marte f- 1754 på Skinlo d. 1834 i Gloppen

- Abelone f. 1758 på Skinlo gift til Ravnestad

- Kari f. 1761 på Isane d. 1771

- Agothe f.1761 på Isane d. 1762

- Lars f. og død 1765 på Isane

- Jacob f. og død 1767 på Isane

 

Er der born eg ikkje har fått med meg ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

No skal eg ikkje skrive meir om Breims-Ola og forfedrene før eg har fått forvissa meg om at eg har dekning for det eg skriv, så det kjem vi tilbake til, Harald.

 

Men etter dobbeltsjekk: Skiftet etter Ola Larsson Isane i 1805 viser ei attlevande enkje Kristi Olsdtr og tre born - det er ikkje nemnt at ho ikkje er mor til alle borna, men det er ho då ikkje, berre til sonen Ola som er nemnt buande på Isane - og som eg meiner er far til "Breims-Ola". Døtrene Marte, gm Rasmus Olsson Dombestein og Abelone, gift på Ravnestad, er frå det fyrste ekteskapet med Lisbet Steinardtr, død på Isane i 1773. Bygdeboka kallar fyrste kona Marie Larsdtr, men skiftet etter Lisbet Steinardtr i 1773 er ikkje til å misforstå; Marte og Abelone arvar.

 

Orsak, Marte er ikkje gift med Rasmus, han er berre formyndar for henne.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Takk for oppklaringa Aase, då må eg sjå nærare på dette!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

No skal eg ikkje skrive meir om Breims-Ola og forfedrene før eg har fått forvissa meg om at eg har dekning for det eg skriv, så det kjem vi tilbake til, Harald.

 

Men etter dobbeltsjekk: Skiftet etter Ola Larsson Isane i 1805 viser ei attlevande enkje Kristi Olsdtr og tre born - det er ikkje nemnt at ho ikkje er mor til alle borna, men det er ho då ikkje, berre til sonen Ola som er nemnt buande på Isane - og som eg meiner er far til "Breims-Ola". Døtrene Marte, gm Rasmus Olsson Dombestein og Abelone, gift på Ravnestad, er frå det fyrste ekteskapet med Lisbet Steinardtr, død på Isane i 1773. Bygdeboka kallar fyrste kona Marie Larsdtr, men skiftet etter Lisbet Steinardtr i 1773 er ikkje til å misforstå; Marte og Abelone arvar.

 

Orsak, Marte er ikkje gift med Rasmus, han er berre formyndar for henne.

 

Men då trur eg du blandar to Ola Larsson på Isane.

Ola Larsson Skinlo og Lisbet Steinarsdtr. er ikkje komne med i bygdeboka i det heile.

Dei var plassefolk på Iseneset og den Ola Larsson du meinar er farfar til Breims-Ola var busette på br. nr. 5

han er oppført med to koner Marie Larsdtr. d. 1773 og 2. Kristi Olsdtr.

Marte og Abelone er ikkje nemnde i bygdeboka i det heile, men vi finn dei i kyrkjebøkene med

Marthe Olsdtr. konfirmert i Davik 15. des. 1771 og Abelone Olsdtr. konfirmert i Ålfoten 1774.

 

Ola Larsson si fyrste kone Mari(e) Larsdtr. vart gravlagt 29. mars 1773 Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Døde og begravede 1773, side 336.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-334

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418640200.jpg

 

og Ola Larsson si kone Lisbet Stenersdtr. gravlagt 9. september 1773 (same sida)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Nei her er det EG og bygdeboka som rotar Aase ! :wacko:

Har funne fram skiftet du siktar til og du har rett der ja.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Det er ikkje enkelt å holde tråden her, så det kan godt hende eg rotar. Kjekt viss eg kan låne denne tråden til å få rydda.

 

Skiftet etter Lisbet Steinarsdtr viser at ho er mor til Marte og Abelone. Skiftet etter Ola Larsson i 1805 viser at han er far til Marte og Abelone, og at Kristi Olsdtr er enkje etter han, men dermed ikkje mor til Marte og Abelone.

 

Er dette ikkje i samsvar med du meiner må vere rett?

 

Redigert: No ser eg svaret ditt - og ja, bygdeboka rotar! Her og.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Då er bare borna til Ola Larsson og Christi Olsdtr. nemnde i bygdeboka. Fyrste kona Lisbet Steinarsdtr. er ikkje nemnd og den kona som er oppgjedd som fyrste kona hans i bygdeboka, Marie Larsdtr. var ikkje gift med Ola i det heile.

 

Det er det som har forvirra meg her og trudd at eg hadde med to Ola Larsson på Isane å gjere.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Jamen då fekk vi rydda litt i dag og! Av og til avlivar vi folk, og av og til finn vi dei opp - fine saker.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Hehe.. ja det kan være lett å "dikte opp folk" i slike situasjonar.

Godt å få rydda opp og takk skal du ha for at du nemnde "Breims-Ola" i Fløtretråden min! :)

No fekk eg fleire slektningar på Isane "å ta meg av"....

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Hyggeleg å hjelpe - men tilbake til dei du spurde etter - kan du legge lenke til dødsfalla du skriv du fann? Eg fekk ikkje fram noko på den lenka som er der oppe.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Ja du skal få lenke til orginalane då.

 

Ole Olsen Fløtre 1854 nr. 27 s. 51

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. E 2 (1848-1862), Døde og begravede menn 1854, side 51.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8346&idx_id=8346&uid=ny&idx_side=-53

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301620453.jpg

 

Brite/Berthe Olsdtr. 1824 nr. 89 s. 511

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1840), Døde og begravede 1824, side 511.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8643&idx_id=8643&uid=ny&idx_side=-513

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070307610033.jpg

 

Og for ordensskuld her er vel halvbroren deira Thor også død i Bergen

1851 nr. 36 s. 29

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. E 2 (1848-1862), Døde og begravede menn 1851, side 29.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8346&idx_id=8346&uid=ny&idx_side=-31

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301620431.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for det!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.