Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Christopher Munthe Adamson Reutz, fødd i Hafslo 1766 - budde i Hafslo 1785 - døydde før 1824 - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Christopher Munthe Adamson Reutz, fødd på Mo gard i Hafslo og døypt der 18.5.1766, var son av storbonden Adam Hansson Reutz (1720-1792) og kona Karen "Cassie" Munthe Clausdotter Rumohr (1736-1824). Christopher vart konfirmert i 1782 og er nemnd som fadder i 1785, og det er siste gongen eg har funne han nemnd.

 

Då faren døydde i 1792, vart enkja sitjande i uskifte, og born er ikkje nemnde.

 

Eg finn ingen Christopher som høver i FT1801 nokon stad i landet.

 

Eg finn ingen Christopher som høver i dødsfallsbasen for Sogn og Fjordane.

 

Eg finn ingen Christopher som høver i dødsfallsbasen for Bergen til 1815.

 

Då mori døydde i 1824, er Christopher ikkje nemnd i skiftet, so han må vera avliden før mori, utan å etterlata seg born.

 

Ei ættetavle på FamilySearch påstår at Christopher Munthe Adamson Reutz skal vera avliden i 1814, men har ingen nærare kjelder for dette!

 

Kanskje reiste Christopher frå bygdi som ung soldat? Men er det mogeleg å finna ut kva lagnad han fekk?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!

 

Adam Reutz og kona fekk i alt tretten born, og fleire av dei hadde òg store barneflokkar! Christopher var sjølv oppkalla etter oldebesten sin, og eg ser at namnet kjem att i heile søskenflokken, men først etter at dei næraste (besteforeldri) er "oppbrugte" som oppkallingsobjekt...

 

Første gongen Christopher-namnet kjem i oppkalling er forresten i 1798. So kom det nok ein gong i 1799 (sjå innlegget ditt, Grethe) og sidan i 1805, 1808 og 1809. Etter dette kunne ein vera frista til å tru at Christopher døydde kring 1797...?

 

Det var forresten skifte etter ei barnlaus søster, Metta Dorthea Adamsdotter, i 1814 på Talle i Luster (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24147/89/), og der er heller ikkje Christopher nemnd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.