Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Danske meieristyrarar i Hafslo på 1920- og 1930-talet - Nilsen og Jensen - kven var dei? - Kva var "Den grønlandske handel"?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

På 1920- og 1930-talet skal fleire danskar ha vore meierstyrarar i Hafslo i Sogn. Namn som nemnast er NILSEN og JENSEN, men det er lite me ser til dei, bortsett ifrå Pantebøkene, som nemner følgjande forretningar:

 

* Ein obligasjon dagsett 12.3.1921 frå A/S Hafslo Meieri til K. Nilsen, Roskilde, med pant i meieribygning og stovehus på bnr. 1 og maskiner.

 

* Ein obligasjon dagsett 24.3.1925 frå F. Nilsen til Bondo Pedersen med pant i A/S Hafslo Meieri sine bygningar, inventar m.v. og selskapet sin leigerett på bnr. 1. Påteikning dagsett 15.9.1925 der Hafslo Meieri A/S ved F. Nilsen vedtek gjeldi og vedtek pantsetjingi.

 

* Ein obligasjon dagsett 31.12.1934 frå Sverre Nilsen til Hafslo Sparebank i bygningane som tidlegare høyrde til Hafslo Meieri på leigd grunn under bnr. 8 med maskiner og inventar, og leigeretten til tomta. Heimelshavar.

 

Ei lokal kjelde fortel at "Nilsen ved meieriet hadde danskar til å arbeida for seg. Ein av dei var ein dei kalla ”Vetle-Nilsen”. Han skal seinare ha vorte direktør for Den grønlandske handel i Danmark". Kjelda skal ha vitja fru Nilsen i København i 1959.

 

Er det i det heile mogeleg i dag å finna ut noko meir om desse danskane?

 

Eg takkar so mykje på førehand fopr alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Her fant jeg en artikkel om Anthon Wilhelm Nielsen, direktør for Den kgl. grønlandske handel. Artikkelen forteller blant annet at Anthon Wilhelm som "mejerimand var [...] til 1948 medlem af bestyrelserne for Storkøbenhavns Mejerier, Storkøbenhavns Mejeriers Fællesindkøb og Storkøbenhavns Mejeriers Likvidationsselskab.":

 

http://www.denstoredanske.dk/Dansk_Biografisk_Leksikon/Handel_og_industri/Bryggeridirekt%C3%B8r/A.W._Nielsen

 

Dette er kanskje "Vetle-Nilsen"??

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Ein sein, men like fullt hjarteleg takk til Grethe for innleggi om meierarbeidar Anthon W. Nielsen.

 

Eg har studert biografien til denne Anthon Nielsen og ser at han mellom anna var i Noreg som "meieristudent", men det må ha vore før 1930... Dette tyder på at det må ha vore fleire andre meieristyrarar på Hafslo Meieri.

 

Det er sørgeleg at dette er so lenge sidan at nolevande ikkje hugsar noko særleg om desse folki. Dei flytte frå Hafslo før 1940, og eg veit ikkje kva kjelder me skal nytta når det gjeld fleire opplysningar om dei... Det einaste måtte vera om dei fekk born, medan dei budde her, eller kanskje hadde dei born som vart konfirmerte her?

 

Hmm, ikkje so enkelt dette, men kanskje nokon har andre tips å komma med?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.