Gå til innhold
Arkivverket

SF;Gloppen: Helge Knuts*** f. 1711 og faren Knut Thorson


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

29. November 1711 døyper Knut Thorson Bjørkelo og Kristense Larsdtr. Myklebust sitt uekte barn Helge i Gloppen

Her er dåpen side 353:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1711, side 352-353.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-176

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70228290437.jpg

 

Gloppen bygdebok oppgjev at det skal være ein son, men eg hallar til den formeining at det er ei datter dei ber til dåpen.

Er det nokon som har funne att denne Helge Knuts*** seinare ?

 

Faren Knut er iflg. bygdeboka busett i Larvik i 1733, nokon som veit noko meir om hans liv og lagnad ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Din Helge?

 

Vigde i Gloppen prestegjeld 1686-1816

 

1728 .13.01

1485 Brudgom Peder Willumsøn Hope

 

1486 Brur Helge Knudsdtr. Emiellem

 

Nei denne Helge trur eg må være dattera til Knut Willumson Hjorteset (Seinare Eimhjellen) og Marite Agnaldsdtr. Knapstad f. 1705

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fasiten ligg i talet på fadrar. Dette barnet har 2 mannlege og 3 kvinnelege fadrar - og er altså ei jente. Kor utbreidd denne skikke er andre stader veit eg ikkje, men i Gloppen er han nesten utan unntak; har sett "finare" folk der talet ikkje stemmer, men ikkje hos det vi kan kalle vanlege folk, der her skikken vore spikra.

 

Opplysninga om at Knut bur i Larvik er henta frå skiftet etter broren Jakob den eldre. Eg har ikkje leita etter han der, og eg veit ikkje kvar det vart av Helga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase

Ja det var nettopp pga. faddersamansetninga eg var "nesten sikker" på at Helge var jente.

 

Og den Knut Thoresen du har funne skifte etter er som du seier svært interessant.

Birkelo kunne godt bli til Birkelund på ein annan plass i landet, men kvar skal vi finne bevis for at han er den rette ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det hadde vore kjekt å finne vigsla til denne Birkelund, men der ser ut som kyrkjebøkene er ei utfordring. Har vi lokalkjende frå Vestfold kunne vi kanskje fått hjelp - kva med eit tema med Vestfold i overskrifta?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det hadde vore kjekt å finne vigsla til denne Birkelund, men der ser ut som kyrkjebøkene er ei utfordring. Har vi lokalkjende frå Vestfold kunne vi kanskje fått hjelp - kva med eit tema med Vestfold i overskrifta?

 

Eg skal gjere eit forsøk, men eg ser at det er magert med kyrkjebøker for Larvik på det tidsrommet.

Det som kan være flaksen er dersom han er nemnd a i andre kjelder der det kjem fram kvar han kjem frå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.