Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Carl Theodor Andersson (1863-1930) - frå Fornebo i Bærum - til Amerika, men kva år?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har søkt etter eit utvandringsår for denne karen frå Bærum, men utan hell so langt:

 

Carl Theodor Andersson, son av husmann Anders Nilsson på Holgerstubakken under Fornebo, opphavleg frå Bergsrudeiet i Gran på Hadeland, og kona Christina Christophersdotter frå Holgerstubakken, var fødd i Bærum 23.8.1863. Han skal ha utvandra til Amerika ein eller annan gong mellom 1875 og 1900, då han gifte seg i Fargo, ND med Anna Elina Grondahl.

 

Huslyden i 1900: Utvandringsår 1888 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120518_00737&fn=Carl&ln=Anderson&st=r&ssrc=&pid=50727467)

 

Huslyden i 1910: Utvandringsår 1875 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7884&iid=4449616_00935&fn=Carl&ln=Anderson&st=r&ssrc=&pid=20921833)

 

Huslyden i 1920: Utvandringsår ikkje oppgjeve (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6061&iid=4384821_00697&fn=Carl&ln=Anderson&st=r&ssrc=&pid=46740895)

 

Huslyden i 1930: Utvandringsår 1880 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6224&iid=4547406_00100&fn=Carl+T&ln=Anderson&st=r&ssrc=&pid=108442787)

 

Er det mogeleg å finna det rette utvandringsåret for Carl?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande svar!

 

Den Karl Andersen som du har funne, høver svært godt både med omsyn til fødestad, alder og utvandringsår, MEN det står då tydeleg at han var GIFT? Det er ikkje noko som tyder på at Carl Theodor Andersson i North Dakota hadde vore gift før. Det bruker jo å stå ein merknad om dette i FT1900 og likeins i FT1910?

 

So eg er usikker...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Har ikke funnet noen vielse på denne mannen i hverken østre eller vestre Bærum.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.