Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Hans (1895) og Edvard (1903) Lærum - frå Sogndal til Austlandet - lagnadane deira? - Aftenposten dødsannonser?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter lagnadane (dato og stad for dødsfalli deira og eventuelle ektemakar) til desse to brørne frå Sogndal i Sogn:

 

* Hans Torstenson Lærum, fødd i Sogndal 3.6.1895, skal ha vore gift (kona ukjend) og busett ein stad på Austlandet, men døydde like før påske i 1968. Dei skal ha hatt tre born!

 

* Edvard Torstenson Lærum, fødd i Sogndal 2.5.1903, flytte i iung alder tkil Høyanger, men skal i 1968 ha vore busett i Oslo, ugift.

 

Eg har ikkje funne slektningar av desse i Sogn som kan gjera greie for desse brørne, so no vonar eg på hjelp frå dykk i Brukarforum. Kanskje finst det dødsannonser i Aftenposten?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Vibeke for nyttig innlegg!

 

Der har me Edvard Lærum, døydde altso i Oslo 10.11.1973. Då er det kanskje mogeleg å finna ein dødsannonse i Aftenposten?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Heisan, eg har no fått greie på at:

 

Hans LÆRUM døydde på Ringerike 28.3.1968, men kona og borni er framleis ukjende.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Alexander Glasø

Hei,

 

Jeg har nå kikket etter dødsannonse på begge i Aftenposten. På Hans sjekket jeg også Budstikka. Jeg fant dessverre ingen dødsannonse på dem. Jeg fikk gjennom alle utgaver i en +10 dagers periode etter dødsfallet. Det eneste jeg fant var det anmeldte dødsfallet til Edvard, men der står det ingen utfyllende informasjon. Han sto oppført som bare "Edvard Lærum"

 

Mulig noen andre med abonnement er villig til å lete også i tilfellet jeg overså noe.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alexander for siste innlegg!

 

Eg har nettopp greidd å løysa dette problemet! Eg fann ein einaste Lærum i telefonkatalogen frå Ringerike og ringde. Det synte seg vera ein son av Hans Lærum, og han kunne fortelja meg heile soga til Hans og ogso ein del om Edvard. So stundom kan telefonkatalogen vera til svært so god hjelp!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.