Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Dødsfall med dødsmelding Narvik (Simonsen)

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hei!

 

I samband med bygdebokskriving for Luster (med Hafslo) kommune i Sogn leiter eg etter dødsfalli til dette ekteparet:

 

* Christopher (eller Kristoffer) SIMONSEN, fødd i Hafslo 16.12.1854

 

* Charlotte Josefine SIMONSEN (fødd Eriksen), fødd i Tromsø 27.5.1852

 

Dette paret budde på Frydenlund i Ankenes (1900), etter soknedelingi i Narvik (inkl. 1910) og skal ha levd i Narvik levetidi ut. Eg har blatt gjennom kyrkjebøkene på nettet til og med 1932, men utan resutat.

 

Er det mogeleg å få sjekka perioden frå januar 1933 og fram til 1940?

 

Eg er interessert i nøyaktige dødsdatoar (og -stader) for båe, og likeins kva som er oppgjeve som yrkestitlar?

 

Eg er òg interessert i dødsmeldingi etter Christopher Simonsen. Han hadde ingen born, og særleg lagnaden til søsteri Synneva i Amerika interesserer meg!

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei!

 

Manuskriptet mitt går snart i trykken, og det hadde vore svært so kjekt med svar på desse spørsmåli...

 

Eg takkar so mykje for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Finn Karlsen

Hei

 

Beklager så mye, men jeg finner ikke noe dødsfall for dem verken i Narvik eller Ankenes. Har du noe mere å gå etter?

 

Mvh

 

Finn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Finn for interessant om enn skuffande svar!

 

Nei, diverre har eg ikkje noko meir å gå etter når det gjeld dette paret. Eg ser dei i FT1900 og FT1910 i Ankenes/Narvik og har blatt gjennom kyrkjebøkene vidare fram til 1932, men utan hell. Samstundes har eg bedt kyrkjekontoret i Narvik om å leita frå 1940 og vidare utover, men derifrå har eg ikkje enno fått noko svar!

 

Eg har heller aldri greidd å finna noki vigsle for Christopher og Charlotte. Ho var frå Tromsø, men der ser eg dei ikkje gifte...

 

Christopher hadde fleire søsken, men berre ei søster flytte nordover, Maria Simonsdotter. Ho var gift og budde i Svolvær, men etterkomarar der har aldri høyrt gjete "onkel" Christopher eller "tante" Charlotte...

 

Kvar elles er det aktuelt å leita etter dette parfolket?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Finn Karlsen

Hei Lars

Den er nok ikke helt enkelt dette. Jeg antar at du har fått med deg at Christoffer befinner seg i Brønnøy i 1875 og at Charlotte antagelig er hun som samme år bor i Herøy på Helgeland. Begge to er ugift, men det kan jo være et utgangspunkt for videre søk.

 

Ellers har de nok reist fra Narvik på sine gamle dager og dødsfallet registrert et annet sted.

 

Mvh

Finn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Finn Karlsen for siste innlegget!

 

Nei, det skal ikkje vera so enkelt dette! Eg veit ikkje om du, Finn, har søkt lenger enn 1940 etter desse dødsfalli, so eg har på ny stilt spørsmål om hjelp til sokneprestkontoret i Narvik for perioden etter 1940, so får me sjå kva dei finn...

 

Elles går det fram av tidlegare debattar om denne huslyden (i Brukarforum) at dei visstnok var gifte so tidleg som i 1885, men då var dei busette i Tromsø. Der var dei òg då Charlotte melde seg ut av statskyrkja i 1892.

 

Elles har me vel til gode å leita etter dei i adressebøker for Narvik, kanskje òg andre stader?

 

Med ønskje om God Påske og på ny hjarteleg takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg er mållaus! Hjarteleg takk til Randi for ei gigantisk melding! Her har me leita r.... av oss i Narvik, og so låg svaret so snublande nær - i Tromsø. Eg er imponert!

 

No vert sjølvsagt trykket på Christopher (Kristoffer) Simonsen desto sterkare. Kan ogso han vera avliden i Tromsø? I Narvik er han i alle fall IKKJE, og han kom IKKJE attende til Hafslo i Sogn!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.