Gå til innhold
Arkivverket

Kyrkjebokoppslag Svolvær i Vågan?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Er det mogeleg å få hjelp til å få gjort følgjande oppslag i kyrkje- eller klokkarbøker for Svolvær i Vågan?

 

* Ingvald Theodor NILSEN, fødd i Vågan 25.3.1894, skal vera avliden i Svolvær kring 1960? - Spørsmål: Nøyaktig dato (og stad) for dødsfallet hans?

 

* Sandra Theresa NILSEN, kona til Ingvald, fødd i Vågan 27.3.1902, skal vera avlidi i Svolvær i mai 1943, vart gravlagd 14.5.1943? - Spørsmål: Nøyaktig dato (og stad) for dødsfallet hennar?

 

* Sigvart Olai NILSEN, fødd i Vågan 18.10.1897 (fråskild), og Aase Kristine Olaug Bjørnstad, fødd i Vågan 30.5.1918, skal vera vigde i Svolvær i 1943? - Spørsmål: Nøyaktig dato (og stad) for vigsli deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Hei!

 

Eg har motteke svar på spørsmålet om Sandra sitt dødsfall, men dei to andre spørsmåli står framleis opne.

 

Manuskriptet mitt går snart i trykken, og det hadde vore svært so kjekt med svar på desse spørsmåli...

 

Eg har i dag (19.3.) vore i kontakt med etterkomarar som seier følgjande:

 

* Ingvald Theodor NILSEN flytte siste leveåri til ÅLESUND og døydde der, truleg 71 år gamal, d.v.s. kring 1965! Han vart kremert og urna vart nedsett på kona Sandra sin grav i Svolvær. Kanskje er det med dette mogeleg å finna gravferdi hans i Svolvær?

 

* Dotteri til Sigvart Nilsen og Aase Kristina Olaug Bjørnstad gifte seg heilt sikkert i Svolvær i 1942, 1943 eller 1944. Ho hadde ingen formeining om dei gifte seg borgarleg, men sidan mannen var skild, er det vel kanskje meir truleg? Under krigen var jo alle vigde borgarleg, uansett...

 

Eg takkar so mykje for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Ingvald finne jeg ikke, kirkeboka som er innlevert stopper i september 1960.

 

Sandra døde 03.05.1943, dødssted ikke oppgitt.

 

Sigvart og Aase ble viet 31.07.1943. Det er innført i klokkerboka, men anført at det var borgerlig vielse i Kabelvåg.

 

MVh

 

Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Finn for fine opplysningar!

 

Eg har teke ny kontakt med slekti og fekk brakt i erfaring at Ingvald Nilsen døydde i Ålesund 23.9.1964. Soleis er heile problemet løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.