Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Anna Cathrine Pedersdotter Strømsnes - fødd i Kinn 1868 - truleg flytt med foreldri til Trondheim kring 1876 og død der i ung alder? - konfirmert?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Peder Arneson Strømsnes, fødd på Strømsnes i Leikanger 11.11.1838, gifte seg i Kinn 8.4.1866 med Gjertrud Torstensdotter Moe, fødd i Hafslo 30.3.1843. Parfolket budde først i Kinn, men flytte kring 1876 til Trondheim der Peder arbeidde som bryggesjauar!

 

FT1900: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1601&kenr=030&bnr=0022&lnr=05

 

FT1910: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1601&kenr=010&bnr=0026&lnr=05

 

Peder døydde i Trondheim 26.2.1918, medan Gjertrud døydde same staden 28.10.1935.

 

Peder og Gjertrud fekk fleire born, døtrene Rakel, Albertine og Johanne var alle ugifte og budde på ulike adresser i Christiania i 1900, medan sonen Thomas var i Trondheim. Berre ei dotter forsvinn:

 

* Anna Cathrine Pedersdotter Strømsnes, fødd i Kinn 7.7.1868. Eg kan ikkje sjå at ho døydde i Kinn, so ho må vera flytt med foreldri sine til Trondheim. Me veit ho døydde ung, for ingen av etterkomarane etter søskeni har høyrt gjete ho, og ikkje finn eg ho korkje i FT1900 eller i FT1910.

 

Er det mogeleg å få hjelp til å sjekka om ho kan vera avlidi og/eller konfirmert i Trondheim?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E.- Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

I 1875-tellinga for Kinn, finn vi Anne Katrine hos foreldra på Rognsø under Ytre Reksten, saman med søstrene Alberthe og Johanne.

 

Ho var i alle fall i live då.

 

mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi og Egil for spennande og nyttige innlegg. Eg ser at berre deimto yngste borni er nemnde i 1885, so Anna Cathrine KAN godt ha vore i live og i teneste ein eller annan stad, på same vis som dei to andre søstrene...

 

Om ein veit kva kyrkje dei høyrde til i Trondheim, let det seg kanskje gjera finna konfirmasjonen til Anna Cathrine? Eller eit dødsfall?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne søsteri!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Johanne og Thomas er konfirmert i Vår Frue kirke:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=kf16011880vfr&gardpostnr=1004&personpostnr=3005&merk=3005#ovre

 

Albertine i Domkirka:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=37&filnamn=KF16011878d&gardpostnr=1169&personpostnr=3505&merk=3505#ovre

 

Jeg har ikke klart å finne Anna Catharina konfirmert i disse kirkene, ei heller i Ila.

Både Vår Frue, Domkirken og Ila er søkbare i den perioden hun skulle vært konfirmert.

 

Bakklandet og Hospitalskirken har jeg ikke sjekket ang. konfirmasjon

 

Kl. 00.49. Finner henne ikke under Bakklandet, konfirmert eller død. Ikke under Hospitalet, ei heller Ila, under døde.

Men jeg kan jo ha lest litt for fort . . .

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Harald og Randi for spennande og nyttige innlegg!

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt å finna svar på dette spørsmålet, kvar det vart av Anna Cathrine. No har tydeleg Randi søkt gjennom samtlege konfirmasjons- og dødsfallslister i Trondheim, og andre stader veit eg ikkje at dei har butt!

 

Underleg er det elles at den eldste dotteri, Rakel Bertine, fødd i Kinn 17.4.1866, korkje er nemnd i FT1875 frå Kinn eller i konfirmasjonslistene frå Trondheim, endå me veit at ho levde opp. Rakel reiste i svært ung alder til sjøs som messejente, og kanskje er ho konfirmert ein annan stad? Kan ho ha teke Anna Cathrine med seg?? Kanskje er Anna Cathrine avlidi i Christiania?

 

Kanskje nokon har tankar kring dette emnet? Eg står "fast"...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Denne er kanskje litt tynn, men kan dette vere Rakel i 1875?

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f71601&gardpostnr=318&personpostnr=4252&merk=4252#ovre

 

(I mangel på noko anne blei vel kanskje denne litt kreativ, men om "Ragnsø ved Skjen" er ei omskriving av "Rognsø ved Kinn" så er vi i nærleiken. Sotlandet har eg ikkje noko god forklaring på, det nærmaste er vel Sortland, men det gir lita meining dersom dette skulle vere "vår" Rakel. Gata er i alle fall den same som foreldra budde i i 1885).

 

Randi: Har du funne denne jenta blant konfirmantane?

 

mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Nei, men leter fortsatt.

 

Litt rart hvis det skal være rett Rakel, da foreldrene er i Kinn i ft. 1875, jmfr. ditt innlegg 3.

 

 

Mvh Randi

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi og Egil for nye freistnader!

 

Vel, fantasien når det gjeld namn, er kanskje ikkje so heilt på viddene. Kva kan no "Ragnsø ved Skjen, Sotlandet" vera, om det ikkje er Rognsø ved Kinn? Og so har me jo sjølv personnamnet!!

 

Uansett, det hjelper jo lite å finna Rakel, so lenge som den seinare lagnaden hennar er kjend, men ho kunne jo ha ført oss til Anna Cathrine... Jau, den som visste kvar Anna Cathrine har gjort av seg...

 

Nok ein sor takk for kjempefin innsats! Eg er imponert over den målretta viljen til å finna eit svar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.