Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Gunnar Sigve Aurdal

Lars Olsson Øvreberg, Stryn, f. ca. 1723

Recommended Posts

Gunnar Sigve Aurdal

Hei!

 

Eg prøver å finne foreldrene til Lars Olsson Øvreberg, som er fødd kring 1723. Eg veit dette om han:

 

Under vigsla 2. januar 1749 vert han nemnd som soldat Lars Ols. Øvreberg, og giftar seg med Magdeli Haraldsd. Gradaas. Trulovinga er her.

 

Dei får 11 born, det fyrste døypt i Eid (sjølv om han framleis er nemnd som Øvreberg - det ligg i Stryn...), resten på Bueide i Volda. Dei heiter:

Marte 1749

Anna 1750

Anne 1752

Ole c. 1755

Gunhild 1758

Harald c. 1760

Massi 1762

Johanne 1764

Massi 1766

Jon 1769

Anders 1770

 

Fødselsåret er rekna etter gravferda, april 1783 - død 60 år gammal, så det er sjølvsagt eit omtrentleg tal.

 

1723 er me så heldige å ha matrikkelen å nytte som kjelde. På Øvreberg i Stryn er det nemnd tre menn som heiter Ole. Her er matrikkelsida: Ole Ellingsen, Ole Isachsen og Ole Andersen, i tillegg til ein Niels Rasmussen (om eg har tolka namna rett). Alder stend ikkje. Det gjer det derimot i FT-1701 (side 2): Ole Ellingsen (el. Eliassen?) er nemnd som 36 år gamal, Ole Isachsen er 42 år gamal. Det gjer desse hhv 58 og 64 år gamle i 1723. Det er mogleg at ein av desse far til Lars, men Ole Andersen verkar mest spanande å fylgje vidare.

 

Lars og Magdeli fekk 4 søner i denne rekkefølgja: Ole, Harald, Jon og Anders. Det kan også tale for at Ole Andersen kan vere faren. Men prova manglar, og kyrkjebøkene for Stryn (då Innvik) gjeng ikkje så langt tilbake. Eg har sett etter Ole Andersen i skifteprotokollane, men ikkje funne han.

 

Har de tips til vidare progresjon?

 

På førehand takk!

 

Gunnar

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Eg vil rå deg til å legge dette spørsmålet i Brukarforum - der er mykje kunnskap om gamle nordfjordslekter å finne.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gunnar Sigve Aurdal

Takk! Eg trudde det var det eg gjorde, men det ser eg det ikkje er! Takk! :) Moderator må gjerne slette dette innlegget, om ynskjeleg.

 

Gunnar

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.