Gå til innhold
Arkivverket

Magnhild Larsdotter Haugom - fødd i Lom 1884 - utvandra 1904 - hjelp til å identifisera opphav?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Magnhild Larsdotter Haugom var fødd i Lom 16.12.1883 som dotter av dåverande innerst, seinare husmann Lars Olson Haugom og kona Torø Olsdotter.

 

Eg finn foreldri vigde i Lom 26.8.1883, han som Galdeeiget og ho som Toftekveen i Skjåk (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6072&idx_id=6072&uid=ny&idx_side=-214)

 

Her er konfirmasjonen hennar i 1898: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4702&idx_id=4702&uid=ny&idx_side=-72

 

Her er dåpen hennar i 1883: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6072&idx_id=6072&uid=ny&idx_side=-114

 

Her er utvandringi hennar i 1904: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=11&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=162787&merk=162787#ovre

 

Eg finn dei derimot IKKJE i FT1900, og no lurer eg på om nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg med følgjande:

 

* Kva marikkelgard i Lom ligg denne plassen Haugom under?

 

* Veit ein kva husmannsplassen under Galden heitte der Lars Olson kjem ifrå?

 

* Heimstaden hennar Torø Olsdotter, Toftekveen i Skjåk, er dette ein plass? Og i so fall under kva gard?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg har studert denne Thorø Olsdotter frå Gubhage, men bortsett ifrå namnet til far hennar og hennar eigen alder, har me vel ikkje noko prov for at dette er den same jenta? Eller er Toftekveen ein del av Gubhage? Eg er vel noko frustrert...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var nok ein familie som flytte ein god del, slik mange andre husmannsfolk i Lom gjorde. I bygdeboka står dei i bind 4 på plassen Vollakvei under Munngjel (kjøpt 1904 med gardsnr. 129, br.nr. 4), dit dei truleg kom kring 1897. Står der i 1900-teljinga. Familien er og registrert i bd. 3 på Kvamshågån under Kvamme kring 1886.

 

Foreldrefamilien til Lars er ført i bind 4 på plassen Kariøygarden på Galdvollen - Galdsanden, eit opphavleg sameigeområde under Gald-gardane. Men da Lars var født, eller i alle fall i 1865, var famiien på plassen Rustadalen under Uppigard Galde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arnfinn for eit nyttig og hjelpsamt svar! Nei, det er ikkje so lett med desse huslydene som stadig vekslar bustad! Me har same problemet i Sogn og særleg i Jostedalen på den tidi!

 

Etter desse opplysningane sit me att med problemet Thorø Olsdotter, kvar ho kan ha vore ifrå - om huslyden frå Gubhage flytte til Toftekveen...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hitsett frå www.geni.com:

 

 

Magnhild Larsdotter Haugom

Birth: December 16, 1883

Lom, Lom, Oppland, Norway

Death: USA

Immediate Family:

Daughter of Lars Erlandsson Kariøygard and Torø Olsdotter Kariøygard (Eideplads)

Added by: Kåre Tofte on March 8, 2013

Managed by: Kåre Tofte

 

Torø Olsdotter Kariøygard (Eideplads)

Birth: March 5, 1859

Skjåk, Oppland, Norway

Immediate Family:

Daughter of Ola Nilsson Eideplads (Prestgardsøygard) and Barbro Olsdotter Eideplads (Oppnåsen)

Wife of Lars Erlandsson Kariøygard

Mother of Magnhild Larsdotter Haugom

Sister of Ola Olsson Eideplads; Syver Olsson Eideplads and Anne Olsdotter Tøftemoen (Eideplads, Lund)

Half sister of Margrete Olsdotter Aurmo (Ånstadeie/Oppnåsen, Ytre)

Added by: Kåre Tofte on May 14, 2010

Managed by: Kåre Tofte

 

Med venleg helsing,

 

Torgeir Teigum

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torgeir for siste innlegg!

 

Eg har studert dette innlegget, men eg kan ikkje forstå at dette er same huslyden? Mori har same namnet, men faren er ein annan...

 

Kanskje nokon med lokal kunnskap kan kontrollera dette for meg. Var Lars ikkje Lars Olson Haugom far til Magnhild Larsdotter Haugom likevel?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Det byrjar å hasta med manuskriptet mitt, og eg er framleis svært i tvil om opphavet til Magnhild Larsdotter Haugom og særleg til mori Torø, Toftekveen eller Gubhage? Eg forstår ikkje korleis innlegget til Torgeir kan ha relevans til den huslyden som eg leiter etter...? Kanskje ein eller annan ser dette klårare enn eg?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det skal vera Lars Olsson og ikkje Erlandsson, så det er rette familien. Tøftekveen/Tøfteeie/Tøfteplass/Eideplads var ein og same plassen i Lundagrendi i Skjåk.

Her er familien i 1865: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f60513&gardpostnr=143&personpostnr=1020&merk=1020#ovre

Mor Barbro Olsdotter Eideplads (f.Oppnåsen) 1816-1875, og far Ola Nilsson Eideplads/Tøfteeie (f.Prestgardsøygard) 1829-etter 1910.

mvh Kåre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.