Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Christen Olson Dahl (1823) - Sogndal - Vik - Målselv - Vik - Amerika?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Christen Olson Dahl, eldste son av kopparsmed Ole Christenson Dahl (Dvergedahl) frå Sogndal (1795- ) og kona jordemor Cecilie Andersdotter (1789-1863) fødd i Sogndal 10.1.1823, flytte med foreldri til Vik og sidan til Troms. Han skal ha vore gift to gonger, men første ekteskapet kan me ikkje sjå noko til. Derimot gifte han seg andre gongen i Balsfjord 27.11.1856 med Martha Marie Johansdotter Hunstad, fødd i Bodø 12.5.1834. Christen var skomakar, og han og Martha budde på Lundeborg i Målselv til dei i 1861 flytte attende til Vikøyri i Vik. I 1863 utvandra dei so til Amerika, men førebels har eg ikkje greidd å finna dei att der borte! Faren Ole utvandra visstnok i 1864, men har er òg som "sokken" i jordi...

 

Fire born er kjende, alle døypte som dissenterar!

 

* Anna Marie, fødd i Målselv 26.10.1855

 

* Maren Christine, fødd i Tromsø 18.5.1857

 

* Olufine Cecilie, fødd i Målselv 20.4.1860

 

* Johannes Martinus, fødd i Vik 4.11.1862

 

To yngre brør av Christen, Anders og Ole, utvandra båe til Chicago, IL, medan ein tredje bror Johannes Dahl dreiv snikkarverkstad i Christania. Det er ikkje noko å sjå til Christen Dahl i Chicago, IL!

 

Eg står heilt fast når det gjeld lagnaden til denne huslyden i Amerika, og ogso når det gjeld første ekteskapet til Christen...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette problemet som eg står heilt makteslaus overfor! Kvar i all verdi kan denne huslyden ha gjort av seg i Amerika?

 

Eg trur framleis at fire, seks eller åtte auger ser betre enn berre mine to, so eg lever i voni...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Kan dei i motsetnad til brørne hans ha skrive seg for OLSON i Amerika??

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Betyr det at brødrene til Christen skrev seg for Dahl i USA? Anders (Andrew??) og Ole Dahl?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Christens første ekteskap, 18.sept. 1849 i Bø i Nordland, med Maren Olina Christensdtr. Ramberg Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bø, Klokkerbok nr. 891C01 (1820-1856), Ekteviede 1849, side 406-407.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16725&idx_id=16725&uid=ny&idx_side=-161

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071108610656.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Lars J. for kjempefine innlegg!

 

Grethe: Jau, Anders og Ole skreiv seg for Dahl i Amerika. Det gjorde ogso dei av borni til broren Johannes som utvandra. Dei vart alle busette i Chicago, IL. Her følgjer det eg har skrive om Anders og Ole:

 

e. Anders Olson Dahl, f. i Vik 7.12.1826, gifte seg i Vik 2.1.1861 med Bergitte Sophie Hansdotter Rasmussen, f. i Vik 13.3.1836. Dei skal ha utvandra til Amerika i 1864 og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill., men Bergitte d. der alt kring 1867, medan Anders Dahl d. same staden kring 1869. Dei fekk tre born i lag, som voks opp hjå farbroren Ole O. Dahl i Chicago, Ill.

 

h. Ole Olson Dahl, f. i Vik 4.3.1834, utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Chicago, Ill. 18.1.1868 med Martina Madsdotter frå Gudjord (Verket) i Holla, i Amerika kjend som Mary Madson. Ho var dotter av verksarbeidar Mads Monsson på Gudjord, opphavleg frå Rising i Gjerpen, og kona Anna Thurine Andersdotter frå Porsgrunn og f. i Holla 14.2.1843, men tente ei stund i Skien før ho utvandra derifrå til Amerika i 1866. Ole Dahl var bygningssnikkar og møbelsnikkar (”house carpenter and cabinet maker”), og han og Mary vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Mary d. 20.9.1903. Ole Dahl d. på ein gamleheim i Chicago, Ill. 2.1.1926. Dei fekk visstnok seks born i lag, men fostra òg opp borni etter broren Andrew Dahl.

 

Lars J: Eg er skikkeleg imponert over at du har funne første ekteskapet til Christen Olson Dahl i Bø! Eg har sett litt nærare på denne første kona hans og ser at Maren Oline OLSDOTTER Ramberg er fødd i Bø 17.11.1824. Og so ser eg at Christen og Maren Oline fekk ei dotter i Bø:

 

* Cecilie Christine, fødd på Ramberg i Bø 13.6.1850 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2645&idx_id=2645&uid=ny&idx_side=-57).

 

Når ein ser på namnet til denne dotteri og samanliknar med dei døtrene som Christen fekk med andre kona si, skjønnar me at Ceceilie Christine må vera avlidi ganske ung. Eg har søkt etter dødsfalli både til mor Maren Oline og dotter Cecilie Christine, både i Bø og i Målselv (som vel på den tidi var ein del av Lenvik?), men utan resultat!

 

Då er spørsmålet: Har bygdebøkene frå Bø fleire opplysningar om lagnadane deira? (Eg vil ta dette spørsmålet opp som eige tema for å fanga merksemdi til dei som har spesialisert seg på Bø!)

 

Elles ser eg at faren ved barnedåpen skriv seg for Christen Dahl Olsen! Kanskje gjorde han det ogso i Amerika og at det er orsaki til at me ikkje finn han att der borte?

 

Eg takkar på ny for spennande påskeinnlegg og vonar på fleire gode tips her! Kvar døydde Maren Oline og Cecilie Christine??

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Christen, Maren og Cecilie flyttet allerede i 1850 fra Bø til Målselv Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bø, Ministerialbok nr. 891A04 (1841-1856), Inn- og utflyttede 1850, side 230.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2645&idx_id=2645&uid=ny&idx_side=-198

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050419031028.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for nytt flott innlegg!

 

Då stemte altso teorien min om at Christen Olson Dahl budde i Målselv ogso før han gifte seg andre gongen, men kvar vart det av første kona og dotter deira? Og hadde dei kan henda fleire born?

 

Det finst ei eigi kyrkjebok for fødde i Målselv sokn av Lenvik prestegjeld for 1834-1853, men der finn eg ikkje fleire born av Christen, og ikkje finn eg dødsfalii til første kona eller dotter deira i kyrkjeboki for Lenvik! Eg kan sjølvsagt ha oversett noko, ikkje alltid like lett å lesa desse bøklene...

 

Ein skikkeleg "påskeqviz" dette!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Kan det være Cecilie som døde i Tromsø 15. august 1852? Kildeinformasjon: Troms fylke, Tromsø, Ministerialbok nr. 10 (1848-1855), Døde og begravede 1852, side 309.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=299&idx_id=299&uid=ny&idx_side=-284

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050307020284.jpg

 

Hun står oppført som Christine Sisilie Dahl, 2 år gammel.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for nok eitt nyttig og spennande innlegg!

 

Og eg som bladde forbi dette dødsfallet då eg leitte etter Maren Oline... Men eg er ikkje i tvil; du har nok funne Cecilie Christine sitt dødsfall.

 

MEN, det står ein tilleggsmerknad attom dødsfallet hennar, ikkje den om namneendringi, men den som står i NB "ligeledes", oppattaking etter dei to føregåande. Kva står det der?

 

Tja, so var det å finna Maren Oline...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Navneforandringen har skjedd(?) etter Ole Gjes?...s begjæring, som besørgede begravelsen. Noe sånt?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye fine innlegg!

 

Den andre merknaden som står ved gravferdi, gjeld gravstaden hennar. Vesle Cecilie vart gravlagd på Storsteennes, som eg reknar med må vera eit "annex-sokn" til Tromsø by?

 

Men dette hjelper oss vel ikkje nærare ein dødsdato for mori Maren Oline...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Frank Berentsen

Storsteinnes ligger i Balsfjord kommune.

 

Mvh. Frank.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Fra prestegjelds- og soknehistorikken:

 

Balsfjord

Balsfjord og Malangen.

Balsfjord og Malangen ble utskilt som eget sokn i Tromsø prestegjeld ved kgl. res. 02.02.1852. Ved kgl. res. 18.10.1856 ble Balsfjord og Malangen eget prestegjeld med Balsfjord som hovedsokn.

 

Christen giftet seg seg vel andre gang i Balsfjord. Men Balsfjord er kanskje innført i kirkebøkene for Troms fram til det ble skilt ut i 1856 som eget prestegjeld?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Frank for nytt interessant innlegg!

 

Dersom vesle Cecilie Christine vart gravlagd i Balsfjord, so er det jo eit ope spørsmål om ikkje ogso Maren Oline kan vera gravlagd der? Men kyrkjebøkene for Balsfjord byrjar ikkje før i 1856! Om ikkje Balsfjord òg var ein del av Lenvik før den tid??

 

Hjarteleg takk til Grethe, som kom med nytt inlegg, medan eg sat og skreiv! Etter det du, Grethe, skriv, bør jo Maren Oline dåkanskje vera gravlagd i Tromsø likevel, men eg fann ho ikkje her om dagen, då eg bladde gjennom... Kanskje augi mine svikter?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Edited by Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.