Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Britha Andersdotter - fødd i Hafslo 1795 - flytte i 1831 med mann sin til Bolsøy, men kvar vart det av ho?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette tema tek utgangspunkt i tema frå gamalt brukarforum #43922 (http://forum.arkivverket.no/topic/129390-43922-brithaberit-andersdotter-f-hafslo-1795-til-bolsoey-og-so-til-veoey-lagnad/page__hl__%2Bmjelva+%2B%F8yane).

 

Britha Andersdotter, fødd på Lunde i Hafslo og døypt i Hafslo 4.1.1795, gifte seg i Hafslo 31.5.1831 med enkjemannen Anders Nilsson, døypt frå Eikjaberget i Hafslo 30.10.1788. Han hadde før vore gift med Kari Monsdotter (1794-1830) og hadde fire born med ho.

 

Anders og Britha flytte våren 1831 til Kleive sokn i Bolsøy, men hamna sidan som husmannsfolk på Mjelvahaug under Mjelva i Bolsøy. Anders døydde som legdelem på Røbæk i Bolsøy 19.3.1858, men Britha har eg ikkje finni avlidi i Bolsøy ínnan utgongen av 1865! Kvar vart det av ho?

 

Britha hadde to born, ein son "frå før" og ei dotter med Anders Nilsson:

 

Kan biografiane for desse borni hjelpa til med å finna mori? Her er dei:

 

* Anders Endreson, son av Britha og husmann Endre Olson i Haugen under Seim i Årdal (1805- ), var fødd i Hafslo 7.7.1826 og flytte med mori og stefaren til Bolsøy i 1831, men døydde som kårmann og enkjemann på Straume i Veøy 2.5.1918. Han gifte seg i Veøy 13.11.1857 med Anna Knutsdotter frå Straume i Veøy. Ho var fødd i Veøy 27.10.1831 og døydde som kårkone på Straume 1.2.1913. Anders og Anna tok over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Straume i Veøy og vart buande der levetidi ut. Dei fekk tre born i lag.

 

* Karen Andersdotter, fødd i Bolsøy 15.10.1831, flytte i 1845 til Kristiansund, men gifte seg første gongen i Bremsnes sokn i Kvernes 15.11.1852 med Torger Monsson frå Hol i Kvernes, fødd i Kvernes 17.9.1822. Karen og Torger var husmannsfolk på Bjergen under Hol i Bremsnes sokn i Kvernes, no ein del av Averøy, der Torger døydde 10.1.1891. Karen gifte seg so att i Eide sokn i Kvernes 6.7.1897 med enkjemannen Ole Olson, opphavleg frå Lyngstad i Eide sokn i Kvernes. Han var fødd i Kvernes 6.2.1824 og var gardbrukar på Lyngstad i Kvernes, no Eide, der han døydde som kårmann 18.10.1900. Som enkje flytte Karen attende til Hol i Bremsnes sokn, Kvernes, no Averøy, der ho døydde 24.4.1926. Karen fekk seks born, som alle var frå første ekteskapet.

 

Det hadde vore veldig kjekt og fått på plass dødsfallet hennar Britha, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har no blatt igjennom dødslistene både for Kvernes og for Veøy (Bolsøy er gjort før) for perioden 1854-1865, men finn IKKJE spor etter Britha Andersdotter nokon stad! Då har eg søkt gjennom dei tre stadene der ho mest truleg døydde... Kva gjer me so vidare?

 

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hagen

Hei Lars,

 

No har eg ikkje svar på spørsmålet ditt, men det er ein anna ting eg lurer på?

 

Brita Andersdotter Lunde fekk ein son med Endre Olssen Haugane under Seim i 1826 og som vart døypt Anders.

 

Så spørs det, er det same Endre me snakka om?

 

Eg har Endre Olssen Kjørneshagen, Sogndal som kom til Seim, han vart gift i oktober 1825 med Ingeleiv Olsadatter Årevold Sogndal.

Dei levde og budde på Haugane under Seim i 1865. Kan det verkeleg vere 'muleg' at Anders Endreson ovafor ha vore unnfanga på same tida som Endre vart gift med Ingeleiv i Sogndal?

Elles fekk Endre Seim og Ingeleiv ei dotter, Sisilie fødd i Sogndal november 1825.

 

Mvh. Terje

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei Terje!

 

Her er barnedåpen i Hafslo 1826: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11456&idx_id=11456&uid=ny&idx_side=-26

 

Barnefaren er, som du ser, Endre Olson Stølen, snikkar frå Sogndal, og eg har tolka dette til å vera den same som Endre Olson som sidan vart husmann i Haugen under Seim i Årdal. Elles var dette andre leigarmålet hans Endre på Hafslo innan kort tid. Han har nok vore på "tokt" på Hafslo...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Svenn Ruskedal
Posted (edited)

Hei Lars!

 

Her er nok den samme  "Endre Olsen Stölen" oppgitt som brura "Kari" sin far. Hun skal vere födt rundt 1827, men kan ikke finne denne dåpen i "Hafslo".

 

https://www.digitalarkivet.no/view/325/hv00000000343744

 

Samme tema : http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?p=778022#778022

Edited by Svenn Ruskedal

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svenn for eit utfordrande innlegg!

 

Ifølgje mine notat er dette ein heijt annan huslyd, sjå manuskriptet min under gnr. 172 Sjøtun:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Kari Endresdotter (1824-1858), dotter av Metta og husmann Endre Olson i Haugen under Seim i Årdal (1805-    ), vart gift første gongen med husmannssonen Ole Nilsson frå Hamni 3 under Sjøtun (1818-1853),

Carrie utvandra med første mannen til Amerika i 1853, og der borte vart ho som enkje attgift med enkjemannen Gulbrand Olson, opphavleg frå Vold i Bruflat, Sør-Aurdal (1821-1881) (sjå òg Hamni under Sjøtun).

~~~~~~~~

Ole Nilsson, døypt 29.11.1818, gifte seg 19.6.1851 med Kari Endresdotter frå Knut-Olaplassen i Solvornstrondi under Sjøtun.  Ho var f. 29.7.1824.

Ole og Carrie Nelson utvandra til Amerika i 1853, men Ole d. anten undervegs eller kort etter dei kom fram til Dane Co., Wis., truleg hausten 1853, og Carrie gifte seg att i Dane Co., Wis. 8.9.1855 med enkjemannen Gulbrand Olson, opphavleg frå Vold i Bruflat, Sør-Aurdal, i Amerika kjend som Gilbert Olson og sidan som Gilbert Wold.  Han var son av gardbrukar Ole Gulbrandson på Vold og kona Signe Thomasdotter frå Espelien og f. i Bruflat, Sør-Aurdal 27.6.1821, men utvandra til Amerika i 1849.  Me har ikkje funne opplysnngar om første ekteskapet hans, men Gilbert og Carrie farma i alle fall i Vermont township, Dane Co., Wis. der Carrie d. etter barselseng i 1858.  Gilbert gifte seg so tredje gongen i Dane Co., Wis. 24.7.1861 med Thora Olsdotter frå Nordmoen, Piltingsrud i Hedalen, Sør-Aurdal, i Amerika kjend som Thora Moen .  Ho var dotter av gardbrukar Ole Paulson på Nordmoen og kona Siri Gulbrandsdotter frå Dokken, Piltingsrud og f. i Sør-Aurdal 18.7.1838, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1857.  Gilbert og Thora farma i Vermont township, Dane Co., Wis. til dei kring 1878 flytte til ein farm i Drammen township, Eau Claire Co., Wis. der Gilbert d. 26.5.1881.  Thora Wold d. same staden 7.10.1918.  So vidt me kan sjå, fekk Gilbert Wold i alt ni born; av dei var tre frå ekteskapet med Kari Endresdotter, men me vil òg nemna ein son frå siste ekteskapet, som gifte seg inn i ei ætt frå Jostedalen:

a. Ole I. Wold, f. i Dane Co., Wis. 2.5.1856, d. i Duluth, Minn. 5.5.1926.  Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 19.11.1881 med Ingeborg Olsdotter frå Lindelien i Ådalen, Norderhov, i Amerika kjend som Isabelle Olson.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Johnson på Lindelien og andre kona Sigrid Olsdotter frå Bakke og f. i Norderhov 28.10.1852.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1869 og d. i Milwaukee, Wis. 23.2.1939.  Ole var ei tid arbeidar (“laborer”), og han og Isabelle budde i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis., men flytte i 1910 til Duluth, St. Louis Co., Minn. der Ole fekk arbeid som kjelesmed (“shipyard boilermaker”), men siste åri dreiv han butikk (“store keeper”).  Ole og Isabelle fekk fire born i lag.

b. og c. Udøypte tvillingar Olson, f. i Dane Co., Wis. i 1858, d. kort etter fødsli.

d. Thomas G. Wold (1872-1946), vart gift med Hanna Louisa, kjend som Louise Spangrud (1882-1962), ei dotter av gardbrukardotteri Kari Larsdotter frå Nystølen, Bjørk i Jostedalen (bnr. 3) (1853-1935) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Likevel pussig med namnet til Endre Olson..., verd å sjekka nærare?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
På 11.3.2013 den 17.01, Lars E. Øyane skrev:

Anders døydde som legdelem på Røbæk i Bolsøy 19.3.1858,

 

Det står bare at Anders var legdslem og ikke noe om hans sivile status ellers, dvs om han var gift eller enkemann:

Møre og Romsdal fylke, Bolsøy i Bolsøy, Ministerialbok nr. 555A04 (1843-1869), Døde og begravede 1858, Side 570-571
Permanent bilde-ID: kb20050707020272
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050707020272
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050707020272.jpg
 

Møre og Romsdal fylke, Bolsøy i Bolsøy, Ministerialbok nr. 555A04 (1843-1869), Døde og begravede 1858, Side 570-571
Permanent bilde-ID: kb20050707020272
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050707020272
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050707020272.jpg 
 

Men siden du skriver at du ikke har funnet dødsfallet til kona innen utgangen av 1865, så regner jeg med at du har har sjekket kirkebøkene før Anders døde i 1858 også! 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.