Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Nils Andersson Mjelve (1825- ) - frå Hafslo via Bolsøy til Christiania - lagnaden hans?


Recommended Posts

Eg har slite i mange år med å finna ut av denne karen: Kanskje nokon kan hjelpa meg?

 

Nils Andersson Mjelve, fødd i Hafslo 10.1.1825, son av Anders Nilsson og Anna Monsdotter, flytte til Bolsøy med far sin i 1831 og voks opp på ein husmannsplass under garden Mjelve, men fór sidan til Molde der han 28.9.1855 gifte seg med Gjertrud Marie, kjend som Maria Arnesdotter frå Elvsås i Bolsøy, fødd i Bolsøy 29.6.1830. Nils Mjelve var skipstømmermann, og han og Maria vart buande i Molde til etter 1875, men i 1900 finn me Marie Mjelve som enkje busett i Schultz gade 12 i Christiania! (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=0301&kenr=522&bnr=0003&lnr=03) Eg ser ho IKKJE der i 1910! Dei fekk seks born i lag.

 

Problemi mine er å finna ut:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Nils Andersson Mjelve?

 

* Dato og stad for dødsfallet til (Gjertrud) Marie Arnesdotter Mjelve?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.