Gå til innhold
Arkivverket

Willads Madsson (1840-1934) og kona Anna Johannesdotter (1851-1941) på Nyke og Sund i Bø, Vesterålen - huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har vanskar med å finna alle dei datoane som eg treng ut ifrå kyrkjebøkene for Bø og delvis Hadsel for å fullføra dette manuskriptet mitt. Særleg har eg problem med å finna vigsler. Kanskje kan nokon med lokal kunnskap hjelpa meg vidare?

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Johannesdotter, f. på Solvi i Hafslo 12.10.1851, flytte i 1875 til Bø i Vesterålen der ho 26.11.1876 gifte seg med Willads Leonhard Madson frå Bøen i Bø. Han var son av gardbrukar Mads Mikkelson på Bøen og kona Anna Petrikke Johnsdotter frå Kalsnes i Hadsel, men f. på Lokkøy i Bø 13.2.1840. Willads og Anna var først i mange år husmannsfolk på ein plass under Nyke i Bø, men flytte i 1892 til plassen Åsheim under Sund i Bø der dei sidan budde levetidi ut. Willads d. på Sund

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans?)

 

1934, medan Anna d. som enkje på Rise i Bø

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hennar?)

 

1941. Dei fekk sju born i lag:

 

a. Peder Andreas Willadsen, f. i Hafslo 5.5.1878, d. på Sund i Bø 12.11.1942. Han gifte seg i Malnes, Bø 27.8.1899 med Cecilia Bergitte Lorensdotter Dahl, f. på Skagnes i Lenvik 29.6.1876. Ho d. på Sund 23.1.1955. Peder var gardbrukar og fiskar, og han og Cecilia budde på Sund i Bø. Dei fekk åtte born i lag.

 

b. Johan Angell Willadsen, f. i Bø 25.11.1879, d. på Rise i Bø 6.8.1962. Han gifte seg i Malnes, Bø 23.7.1906 med Elvida Marie Charlotte Olsdotter Gjertsen, f. på Rise i Bø 13.2.1884. Ho d. hjå dotter si på Hamnvik i Ibestad 15.8.1971. Johan var gardbrukar og fiskar, og han og Elvida budde på Rise i Bø. Dei fekk ti born i lag.

 

c. Martin Aubert Willadsen, f. i Bø 8.10.1882,

 

¤¤¤¤¤ (vart konfirmert i Bø 1897, men er ikkje å sjå korkje i 1900 eller 1910 – lagnaden hans?)

 

d. Kristian Alstrup Willadsen, f. i Bø 1.6.1886, utvandra til Amerika i 1906 og fór då til Stoughton, Dane Co., Wis., men kom heimatt i 1913 og d. hjå søsteri Vilhelmine på Eidet i Bø 27.2.1958. Han gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans? - ikkje funne korkje Bø eller Hadsel 1919!)

 

1919 med Anna Nikoline Knutsdotter Arntsen frå Haukenes i Hadsel. Anna var f. i Hadsel 29.10.1891 og d. på Sund i Bø 7.9.1965. Kristian var gardbrukar og fiskar, og han og Anna tok over heimebruket hans på Åsheim, Sund i Bø. Dei fekk tre born i lag.

 

e. Helga Sofie Willadsen, f. i Bø 3.5.1888, d. på Rise i Bø 25.2.1962. Ho gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? - ikkje funne i Bø 1909!)

 

1909 med Edvard Odin Berg Andersen, f. på Sund i Bø 22.3.1886. Han d. på Rise 20.5.1957. Edvard var gardbrukar og fiskar, og han og Helga budde på Nordgarden, Rise i Bø. Dei fekk tre born i lag.

 

f. Vilhelmine Andrea Willadsen, f. i Bø 15.4.1892, d. på Sund i Bø 23.5.1895.

 

g. Vilhelmine Andrea Willadsen, f. i Bø 2.2.1898, d. på Eidet i Bø 28.3.1976. Ho gifte seg i Øksnes 12.9.1920 med Ernst Kornelius Olsen, f. på Skålebøl i Øksnes 21.12.1895. Han d. på Eidet 17.4.1966. Ernst var gardbrukar og fiskar, og han og Vilhelmine budde på Eidet i Bø. Dei fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det går fram av spørsmåli i teksten kva detaljar som framleis manglar, og eg ville setja svært stor pris på all den hjelpi eg kan få til å få på plass dei detaljane som manglar, dei to dødsfalli, dei tre vigslene eller opplysningar om lagnaden til Martin...! Kanskje stakk han av til Amerika?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Martin Helge, sønn til Edvard og Helga er døpt i Malnes i Bø i 1910

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39699&idx_id=39699&uid=ny&idx_side=-32

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10081104070032.jpg

 

Her mangler kib for ekteviede mellom 1908 og 1913

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_id=39699

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for imponerande og flotte innlegg! Bortsett ifrå dei to dødsdatoane til foreldri, so er problemet heilt løyst! Om soknepresten eller statsarkivet er beste løysingi for dødsfalli, veit eg ikkje... For ei tid attende fekk eg òg hjelp frå Folkebiblioteket i Bø... Eg får tyggja litt på den...

 

Men takk igjen for hjelpi so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anna Madsen (Johannesdatter) (1851 - 1941)

Birthdate: 1851 Birthplace: Hafslo, Luster, Sogn og Fjordane Death: Died 1941 in Rise, Bø, Nordland

Managed by: Oddvar Edvard Johansen Last Updated: 5. april 2012

http://www.google.no/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=2&cad=rja&sqi=2&ved=0CDsQFjAB&url=http%3A%2F

%2Fwww.geni.com%2Fpeople%2FAnna-Madsen%2F6000000016129953969&ei=BGFuUY32JejV4gSW4IGADg&usg=AFQjCNHhlE1OfPbYeiZbTOyOaVITd7bVOw&sig2=0vRjltwxHqW0nE9QiHAeDw&bvm=bv.45368065,d.bGE

 

Willads Leonhard Madsen (1840 - 1934) icn_world.gif?1341525280

 

Birthdate: 3. februar 1840 Birthplace: Lokkøy, Bø, Nordland Death: Died May 18, 1934 in Eidet, Bø, Nordland Managed by: Oddvar Edvard Johansen

http://www.geni.com/people/Willads-Leonhard-Madsen/6000000016130391256

 

Slektsforum.

Anna Johannesdatter født 1851

 

 

http://www.google.no/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=5&cad=rja&ved=0CFcQFjAE&url=http%3A%2F%2Fwww.disnorge.no%2Fslektsforum%2Fviewtopic.php%3Ft%3D96442&ei=PWJuUYqhMMio4gSSkIHQDQ&usg=AFQjCNFi5pS302DQl41ONYmK7qe831WexQ&sig2=tBHrXPIJ_CLQldZdHtKt_A&bvm=bv.45368065,d.bGE

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye spennande innlegg!

 

Då er, so vidt eg kan sjå, dødsfallet til Willads Madsson på plass, og me mangar berre Anna. Då lyt me nok til Bø for å få tak i den...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye fine innlegg! Eg var so glad eg fann det siste med ein dødsdato for Anna, men eg ser du har sletta sjølve innlegget. Kan henda er du komi til ein konklusjon at det ikkje kan vera den "rette" jenta? Ho ville vel neppe skriva seg Villassen som ættenamn, sjølv om både alder og bustad høver svært so godt...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.