Gå til innhold
Arkivverket

Grethe (eller Margrethe) Reksten frå Florø eller Høyanger, fødd kring 1930 - utvandra til Amerika på 1960-talet - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Me har ei tid vore på leiting etter denne jenta:

 

Grethe, eller kanskje Margrethe, Reksten, fødd kring 1930, skal ha vokse opp i Florø eller i Høyanger, men utvandra til Amerika på 1960-talet.

 

Grethe KAN ha vore ei dotter av Nille Pedersdotter Reksten, sidan kjend som Nelly Pedersen, fødd i Kinn 13.11.1907. For Nelly fekk sidan ei dotter Solveig (1939-1998) som voks opp hjå fosterforeldre på Åkrehamn på Karmøy, og barn av Solveig hugsar at "tante Grethe" ofte var heime hjå dei før ho forsvann til Amerika!

 

Det har vore leitt etter ei fødsle til Grethe både i Florø og i Høyanger, men utan resultat!

 

Er det utifrå desse spinkle opplysningane mogeleg å finna ut kven denne Grethe var og kvar det vart av ho?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg står framleis heilt utan spor etter Grethe Reksten og vil gjerne få henta fram att dette spørsmålet frå april.

 

Er det i det heile mogeleg å spora ho opp?

 

Hjarteleg takk for alle tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

 

Eg har dessverre ikkje noko godt svar til deg, men eg kan bidra med nokre spørsmål, om det er interessant. (Dessverre er det ikkje så lett å finne ut av så "nye" ting.)

 

Du skriv at du har lett etter dåpen, men har du sjekka konfirmantar eller skuleprotokollar i Florø/Høyanger?

 

Eg ser Nille/Nelly er døypt Nelly Kristofa på Reksta, men dei har flytta til Florø før 1910. Ho har i alle fall tre brødre. Har du vore i kontakt med etterkommarar av desse?

 

I dåpsregistreringa for Nelly er det seinare påført ein merknad: "Att. til Bergen polit (arrest) (? usikker på tolkinga av ordet i parantes) 16/7 -30."

Kan det hende at vi skal til Bergen?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Grethe for spennande innlegg!

 

No kan eg ikkje hugsa kva som var kjelda mi for fødsli hennar Nille "Nelly", men det KAN ha vore FT1910, for eg finn ikkje skanna kyrkjebøker for Kinn sokn for 1907! Og noko mellomnamn Kristofa er ukjent for meg! Har du, Egil, hatt tilgjenge til kjelder som ikkje ligg ute?

 

Elles har eg forstått det slik at det var minimal kontakt mellom brørne og Nelly, særleg etter at Nelly flytte heimefrå, so sjølv om me finn etterkomarar etter brørne, er det lite truleg at dei veit noko særleg...

 

Men kanskje du, Egil, som bur i "nabolaget", kan røkja etter; me veit jo aldri...!

 

Elles kan det godt tenkjast at me skal til Bergen. Eg legg inn eit spørsmål i Arkivforum om flyttingi til Nelly!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager Grethe, det var ikkje meininga å sette i gang ein "blindtest". Eg har avfotografert ei kyrkjebok som endå ikkje ligg ute.

 

Bilda har høg oppløysing, og er derfor for tunge til å leggje ut her, men eg kan sende det aktuelle bildet til deg Lars på epost, så får du sjå det.

 

Eg kan sjå om eg finn tak i gjennverande familiar, om dei framleis bur i Florø.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Johan Arthur og Egil for nye spennande innlegg! Og takk til Egil for tilsendt avfotografert kyrkjebokside!

 

So vidt eg kan tolka det som er skrive, so står det verkeleg "Att. til Bergen politi (arrest) 16.7.1930".

 

Eg er spent på kva Statsarkivet vil finna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er det komme svar på spørsmålet til Statsarkivet i Bergen. Den tråden inneheld litt fleire opplysningar enn det som har komme fram her, og som alltid er det om å gjere å ha mest mogeleg å gå etter når ein skal leite vidare.

 

Eg legg også ut denne tråden.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tysdag 4/10 1938 kunne ein lese følgjande i Firda Folkeblad:

 

post-77-0-84477400-1368133350_thumb.jpg

 

Dersom ein spør Statsarkivet i Bergen om å slå opp i dødsfallprotokollen kan ein kanskje få ein peikepinn på kvar Nelly heldt til på dette tidspunktet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for nye og interessante innlegg!

 

Ein kommentar til temaet om Nelly Henriksen og dødsfallet hennar i Oslo: Oslo skifterett kunne ikkje gje nokon fleire opplysningar om ervingar.

 

Elles vil eg leggja inn spørsmål om ervingane etter Peder Reksten i Arkivforum!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Martin Reksten skal i følgje #4 vere fødd 6/4 1903. Denne karen har same fødselsdato, og Martin frå Kinn er dermed truleg identisk med krigsfangen Martin Reksten (1903-1980). Dottera er oppført med telefonnummer her, og er omtalt i denne boka. I følgje boka skal ho vere fødd i Amerika(!). Ei mogelegheit er dermed å ringe henne og spørje kva ho veit om tanta og syskenborna sine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for nytt interessant innlegg! Eg har alt freista ringja dotteri, men får ikkje svar no i føremiddag. Eg vil freista på ny noko seinare...

 

Elles er det jo interessant å observera at Nelly hausten 1938 (http://forum.arkivverket.no/topic/184907-doedsmelding-kinn-1938-reksten/) er kalla Nelly JOHANNESSEN og budde i Bergen! Ho har med andre ord tydeleg vore gift før! Og kanskje har det vore meir enn ein gong, for ved vigsli hennar i 1939 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=vi12001920mi&gardpostnr=214&personpostnr=428&merk=428#ovre) heiter ho ANDERSEN!

 

Nei, enkelt skal det so visst ikkje vera!!!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg endeleg, etter ymse telefonsamtalar, fått litt meir oversikt over denne huslyden, og nye spørsmål har dukka opp:

 

Nelly Pedersen (Reksten) gifte seg første gongen, rimelegvis i Bergen, kring 1927 med ein NN ANDERSEN. Andersen skal ha drive ein eller annan verksemd innan transport i Bergen, og han og Nelly budde der, men vart skilde ein gong på 1930-talet.

 

So fekk Nelly sonen Freddy, medan ho var fråskild.

 

Eldste dotteri hennar, Margrethe ANDERSEN, KAN ha hatt namnet Nille Margrethe Andersen. Ho var fødd i Bergen 26.10.1928 og var kontordame i Bergen til ho kring 1965 utvandra til Amerika.

 

Då er spørsmålet om det seg gjera finna vigsli til Nelly og denne Andersen eller eventuelt fødsli til (Nille) Margretha?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ho heiter Nelly Margrethe Petra, og faren heiter Halfdan Andersen, og var taubåtførar

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Kvinneklinikken i Bergen, Fødselsregister nr. A 4 (1927-1929), Fødte og døpte 1928, side 156.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-163

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...60623030371.jpg

 

Dei blei gifte i 1926

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for kjempeflott innlegg! Der har me Margrethe so å seia "på plass", samstundes som det går fram at dette var ANDRE barnet deira, men at første barnet ikkje lenger var i live!

 

Vigselsår er 1926, dei bur på Laksevåg, og mannen heiter Halfdan Andersen, taugbåtførar!

 

No byrjar dette verkeleg å komma godt i saman!

 

Nok ein stor takk for all hjelpi so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Halfdan Andersen, fødd i Bergen 1892, er vel identisk med denne kusken frå 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708047904

 

Og her er han i FT1900, feil år, men rett dato: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1301&kenr=122&bnr=0009&lnr=05

 

MEN, Halfdan og Nelly er IKKJE vigde på Laksevåg, og eldste barnet deira er ikkje døypt på Laksevåg!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sikkert ytterst lite interessant, men her er i alle fall dødsfallsprotokollen etter Knut Andersen (far til Halfdan) i 1919. Halfdan bur då i Nordnæsgt.

Eg legg den inn i alle fall.

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 11 , 1918-1919, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/27861/242/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...90611330867.jpg

 

Kanskje litt meir interessant med adresseboka for Bergen 1925. Her er tre Halfdan Andersen, truleg er vel vognmannen i Haakonsgt mest aktuell. http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgadr&sideid=69&storleik=

 

Når Halfdan har budd i gamle Nygårdsvei i 1910, så betyr det at han har flytta litt rundt i Bergen.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for det siste nye innlegget!

 

Eg har spora opp Grethe Andersen, og som det går fram av arkivforum (http://forum.arkivverket.no/topic/184953-vigsel-i-bergen-1926-pedersen-eller-reksten-andersen/), er no ogso vigsli til Halfdan Andersen og Nelly funni, i Metodistkyrkja i Bergen 19.7.1927.

 

Då manglar me berre opplysningar om lagnaden til Halfdan Andersen. Ingen person med dette namnet døydde i Bergen mellom 1912 og 1972, so han må vera flytt herifrå, eller han levde etter 1972...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er då Halfdan Andersen oppdaga! Han døydde i Oslo 19.9.1966 og var gift då han døydde, men eg har ikkje funne noko meir om lagnaden hans, so ei etterlysing er lagt inn i eige tema!

 

Med dette er heile problemet kring Grethe Reksten løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.