Gå til innhold
Arkivverket

Trude Christenson Nitter (1702-1778) - gardbrukar på Tyse og Lone i Fjaler - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Trude Christenson Nitter, gastgjevarson frå Valaker lille i Solvorn sokn i Hafslo, flytte heimefrå i ung alder og hamna som gardbrukar på Tyse og sidan på Lone i Fjaler. Eg søker opplysningar om huslyden hans for neste bandet av bygdebokserien vår i Luster og reknar med det sit fleire rundt ikring som kan hjelpa meg med å få ein del av desse detaljane på plass?

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Trude Christenson Nitter, f. i Hafslo kring 1702, flytte i ung alder til Sunnfjord og gifte seg

 

##### (dato og stad for første vigsli hans?)

 

med Dorthea Nilsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – foreldri? – fødsel?)

 

##### (bustad før 1741?)

 

Trude fekk i 1741 skøyte på eit bruk på Tysse i Fjaler, og han og Dorthea flytte inn der på same tidi. Dorthea d. på Tysse våren 1747, og Trude gifte seg att

 

##### (dato og stad for andre vigsli hans?)

 

med

 

##### (namn på andre kona?)

 

##### (opphavet hennar? – foreldri? – fødsel?)

 

Først på 1750-talet flytte Trude med andre kona si til eit bruk på Lone i Fjaler der

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi til andre kona?)

 

Trude Nitter vart gravlagd frå Tyse 27.4.1778. Me kjenner til seks born etter han, to frå første ekteskapet og fire frå det andre:

 

a. Christen Trudeson, f. kring 1726, d. på Lone i Fjaler 18.6.1815,

 

##### (gardbrukar på Lone i Fjaler – var gift og fekk minst fem born – detaljar om ekteskap og kone?)

 

b. Henrik Trudeson Nitter, f. kring 1728, d. på Tysse i Fjaler kring 1802. Han gifte seg i Fjaler ?.1.1767 med Dorthe Margrethe

 

##### (farsnamnet hennar?)

 

Nagel, f.

 

##### (fødestad?)

 

hausten 1740. Ho vart gravlagd i Fjaler 24.5.1780. Henrik og Dorthe tok over som gardbrukarar på Tysse i Fjaler og fekk fire born i lag.

 

c. Dorthea Trudesdotter Nitter, f. i Fjaler kring 1750, d. på Batalden i Kinn kring 1779. Ho gifte seg i Kinn 23.9.1772 med Anders Johanson Helmers

 

##### (busette Batalden i Kinn – detaljar om mann og kor mange born?)

 

d. Bertha Margrethe Trudesdotter Nitter, f. i Fjaler ?.9.1753, vart gravlagd i Fjaler 29.10.1758.

 

e. Karen Kirstine Trudesdotter Nitter, døypt i Fjaler 14.2.1756, d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ho gifte seg i Fjaler 25.8.1788 med Jan Gadder,

 

##### (detaljar om Jan Gadder og kor mange born?)

 

f. Knut Thonsberg Trudeson Nitter, døypt i Fjaler 4.4.1760, d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Knut Nitter gifte seg i Fjaler 15.6.1803 med Torborg Danielsdotter

 

##### (detaljar om Torborg og kor mange born? – budde i Førde?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ancestry:

 

 

Trude Christensen Nitter

 

Born on 1698 to Christen Henriksen Nitter and Birgitte Larsdatter Griis. Trude Christensen married Dorthe Nilsdatter Sande and had 2 children. Trude Christensen married Cecilie Margrethe Tønsberg and had 4 children. He passed away on 1778.

 

 

 

 

 

Family Members

Parents male-silhouette.png

Christen Henriksen Nitter

1665-1733 female-silhouette.png

Birgitte Larsdatter Griis

Spouse(s) female-silhouette.png

Dorthe Nilsdatter Sande

Unknown-1747

 

Children

Christen Trudeson Nitter

Henrik Trudesen Nitter female-silhouette.png

Cecilie Margrethe Tønsberg

1715-Unknown

Children

Dorthea Trudesdatter Nitter

Berethea Trudesdatter Nitter

Karen Kristine Nitter

Knud Thønsberg Nitter

 

http://records.ances...x?pid=157022137

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har tidlegare samla litt informasjon om den greina som har tilknytning til Batalden, dvs. Dorthea Trudesdtr Nitter. (Eg ser du har feil dødsår på ho, ho levde nok ein del år til). Etter at enkemannen til Dorthea også døydde i 1807 var det tipptipptippoldefar min som kjøpte garden (derav interessa).

 

Vi hadde ein god jakt i 2010 på det gamle brukarforumet etter skjebnen til dei gjenlevande barna til Dorthea og mannen Anders Jansen Batalden. Bakgrunnen for at eg starte det temaet, var å søke å avklare det økonomiske forholdet mellom tipptipptippoldefar min og dei fire døtrene til Dorthea og Anders. Temaet er kanskje litt uoversiktleg, så eg har laga ei lita oppsummering som eg legg ved nedanfor. http://forum.arkivve...er#entry1413854

 

Anders Jansen og Dortea Trudesdtr Nitter i Batalden fekk fem barn som vaks opp (dei hadde også nokre som har døydd tidleg). Utan om sonen Mons f. 1789, var det døtrene Anne Pernille f. 1776, Cecilia/Sidsel Margrete f. kr. 1782, Brithe Susanne f. kr. 1783 og Janicia/Janiche f. 1793.

 

I 1797 dør Dortea Trudesdotter, og dei fire yngste barna ser ut til å ha blitt plassert rundt om, mens Anne blir igjen i Batalden hos faren.

 

Det er skifte etter mora Dorthea Trudesdotter i Batalden i 1797. For Mons, Anne og Sidsel/Cecilie blir Rasmus (Monsen) Dahl frå Naustdal utnemnd som formyndar. For Brite og Janicke er det Henrik (Trudesen) Nitter frå Tysse i Ytre Holmedal (Fjaler). Henrik Nitter er ein eldre halvbror av Dorthea og Rasmus Dahl er gift med eldste dattera til Henrik Nitter.

 

I 1801 finn vi Mons som pleiebarn hos Matz Qvale på garden Hauge i Bremanger. Anne er igjen hos faren i Batalden, Brita er hos Rasmus Dahl i Naustdal, og Janicke er hos Henrik Nitter på Tysse. Sidsel/Cecilie i teneste hos Anders Torsteinson og Olina Larsdotter på garden Naustdal.

 

I 1802 dør Henrik Nitter. I skifte etter han er det nemnd dei to myndlingane Anne Andersdatter og Janicke Andersdatter.

 

I 1806 får Anne Andersdotter Batalden ei uegtefødd jente som blir døypt Dorthe Madsie. Far hennar er Mads Sørensen på Seljeset, men opphaveleg truleg frå Sande i Gaular.

 

I 1807 er det skifte etter faren Anders Jansen, og ut frå det eg har notert, er Rasmus Dahl formyndar for alle barna. Han er også formyndar for Anne Andersdtr si datter Dorthe Madsie Madsdotter i skifte etter Anne i 1809.

 

I skifte etter Mons Andersen i 1811 (då busatt Løviknes i Bremanger) er denne Peter Falch frå Vågane formyndar for Sidsel, Brithe og Janicke, medan Rasmus Dahl er formyndar for Dorthe Madsdotter.

 

Så kjem vi til 1815. Då dør Rasmus Dahl, og i skifte etter han er det nemnd Myndlingane Berte Andersdotter og Jannicke Andersdotter. Berte får då Berent Nilsen Naustdal som nytt formyndar og Jannicke får Elias Berentsen Bjørkedal.

 

I 1816 er Dorthe Madsie Madsdtr (Anne Andersdr si dotter) nemnd som Rasmus Dahl sin Myndling, då busatt på Løviknes (Bremanger?).

 

Janniche blei gift med Ole Henrik Olsen Helle i Naustdal i 1826.Dei budde delvis på Helle, delvis på Liabøen og delvis på Horsevika. Ole Henrik er fødd i 1804, og døde i 1878 på Horsevika. Jannicke døde 1869 same stad. Dei hadde barna: Olina 1827, Anna Malina 1829, Marta 1831 og Anna Sofia 1836.

 

Dorthea Madsie Madsdotter blei gift i Fjaler med Anders Davidsen, busatt på Tysse. Barn: Johan 1835, Andreas 1837, Christian 1838, Dorthe 1841, Henrik 1843, Margrethe 1845 og Herman 1848. Dorthea døde 1859, Anders døde 1883.I følge BB Fjaler vaks Dorthea opp på Rivedal hos Salomon Gundersen Rivedal og kona Karoline Dahl. Karoline er eldste datter av Rasmus Dahl i Naustdal. Ho er fødd i 1792 og blei gift med Salomon Gundersen i 1817. Dei to flyttar til Rivedal mellom 1818 og 1819. Dorthe er då 12 år gamal, så det med at ho vaks opp i Rivedal er nok ikkje heile sanninga, men kanskje flytta ho med Salomon og Karoline. I 1822 blir ho konfirmert, men då i Naustdal. Salamon Gunderson budde på Vasset då han tok til seg Dorthe. Kor tid det skjedde veit eg ikkje.

 

Sidsel Margrete Andersdtr blei gift I 1811 med Rasmus Knutson f. kr. 1764, død 1829. Dei budde på ein husmannsplass på garden Naustdal i Naustdal. Sidsel døydde i 1862 på Åse i Naustdal.

Barn:

Dorte Katrina f. 1815

Rasmus f. 1817, utfl. Kr. 1865 til Kinn. Gift 1866 med Helene Torsdtr oppr. Frå Holsen i Førde. Dei budde fleire plassar, først på Ånnøya i Kinn.

Ingeborg Maria f. 1819, død 1819 i Naustdal

Jan f. 1820, d. 1820 i Naustdal

Jan Henrich f. 1822, d. 1822 i Naustdal

Ingeborg Maria f. 1823, gift 1856 i Naustdal med Rasmus Tollefsson Årdalen, seinare til Bergen.

Nikolina f.kr. 1824, d. 1824 i Naustdal

 

Brite Susanne Andersdtr fekk dottera Anna Dorothea utanfor ekteskap i Naustdal 1811. Faren er oppgitt som Ingebricht Hiortdal. Brite døydde i Gulen prestegjeld før 1823. (skifte I 1823) Anna Dorothea er truleg også død på det tidspunktet.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan også ta med litt av det som Trond Strømgren skriv om familien i Batalden.

 

"..... Etter at Jan Henrik (Helmers) døydde i 1771, tok den 30 år gamle sonen Anders Janson Helmers over garden. (Dette er snakk om garden "oppe" i Batalden). Han og kona fekk mange barn, men kona døydde relativt ung. Fire av dei ni barna døydde også som små, og det var nok derfor tungt for Anders å drive garden. Etterkvart bygsla han bort jorda, og som ein følgje av det forfall både hus og jord ein periode. Anders døydde i 1807, same året som eigedommen via ein mellomann vart seld til Bertel Nilsen Ullaland frå Naustdal. Anders døydde truelg før salet vart gjort, for det var døtrene hans som stod som seljarar av eigedommen."

 

Dei fire barna som ikkje vaks opp, skulle då vere: Trude Dorthea f. 1773, Jaen Henric Helmer f. 1774, True Nitter f. 1778, True i 1786 og Karen Sophie f. 1787. (OBS: Då kjem eg til ti barn, ikkje ni)

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Egil.

 

Det stemmer at det var 10 barn.

 

Men et annet spørsmål her er: Jan Jansen Gadder ble gift i Fjaler 25/8-1788 med Karen Kirstine Nitter (f 1756?).

Var hun en Truedatter Nitter eller en Ludwigdatter Nitter ?

 

Mvh Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ut til at både True og Ludwig Nitter har ei datter Karen Kirstine.

Da er det vel rett at Jan Gadder ble gift med Karen Kirstine Trudesdatter Nitter i Fjaler 25/8-1788, og Christen Larsen Nitter ble gift med Karen Kirstine Ludwigsdatter Nitter i Hafslo 1764.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Torbjørn, Egil og Terje for mange flotte og spennande innlegg!

 

Eg har no gått gjennom desse og studert dei ganske so grundig. Stort sett er denne huslyden no under god kontroll, men eg ser at Ann-Mary hjå FamilySearch har funne eit anna namn på andre kona til Trude Christenson Nitter enn det som er oppgjeve av Torbjørn frå bygdeboki, Cecilie Margrethe eller Dortha Margrethe (Thønsberg). Og kvar denne andre kona til Trude Nitter har opphavet sitt ifrå, ser ganske so uklart ut! Dødsfallet hennar finn eg heller ikkje!

 

Eg har òg vanskar med å finna opphavet til Dortha Margrethe Nagel, kona til Henrik Trudeson Nitter. Ein skulle nesten tru ho var dotter av futen Hans This Nagel, om ein ser på oppkallingane, men kanskje det heller er broren Knut Nagel i Herøy på Sunnmøre som er svigerfar til Henrik?

 

Elles har eg vanskar med lagnaden til yngste sonen etter Trude Nitter, Knut Thønsberg Trudeson Nitter. Bygdeboki ser ut til å meina at det var Knut Henrikson Nitter, son til Henrik Trudeson Nitter, som i 1803 vart gift med Torborg Danielsdotter. Eg veit ikkje kva eg skal tru...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for ætti der mange spørsmål er borte, men det er òg komme nokre nye...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Trude Christenson Nitter, f. i Hafslo kring 1702, vart i 1722 utnemnd til sersjant ved Søndre Sundfjordske kompani av Første Bergenhusiske regiment og flytte på same tid til Sande i Gaular. Han gifte seg første gongen i Gaular kring 1725 med Dortha Nilsdotter frå Sande i Gaular. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann Nils Olson på Sande og kona Agatha Olsdotter

 

##### (fødestadene til Nils og Agatha?)

 

og truleg f. i Gaular kring 1700. Trude og Dortha vart buande på Sande i Gaular til Trude i 1741 fekk skøyte på eit bruk på Tysse i Fjaler, og dei flytte dit. Dortha d. på Tysse våren 1747, og Trude gifte seg kring 1750 att, dato og stad ukjende, med Dortha Margrethe

 

##### (farsnamnet? - eller er førenamnet Cecilie Margrethe?)

 

Thønsberg frå

 

##### (opphavet hennar? – foreldri?)

 

Ho var f.

 

##### (fødestaden hennar?)

 

kring 1722. Trude fekk i 1758 bevilling til å driva kro og gastgjevarstad på Tysseberget, og han og Dortha vart buande på Tysse levetidi ut. Dortha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – finn ho ikkje i 1771 Fjaler!)

 

1771, medan Trude Nitter vart gravlagd frå Tysse 27.4.1778. Me kjenner til seks born etter han, to frå første ekteskapet og fire frå det andre:

 

a. Christen Trudeson, f. i Gaular kring 1726, vart gravlagd frå Lone i Fjaler 18.6.1815. Christen gifte seg i Fjaler kring 1754 med enkja Anna Larsdotter, opphavleg frå Askevoll i Askvoll. Ho var f. i Askvoll kring 1717 og vart gravlagd frå Lone 23.10.1785. Anna gifte seg første gongen i Askvoll 28.12.1741 med Arne Olson frå Lone i Fjaler. Han var truleg f. i Fjaler kring 1710 og miste livet ved drukning nær Lone i Fjaler kring 1752. Arne og Anna var gardrukarar på Lone i Fjaler, og dette bruket var det Christen tok over då han kring 1754 gifte seg med Anna. Dei vart buande på Lone levetidi ut. Anna fekk i alt ni born; av dei var fem frå andre ekteskapet med Christen Trudeson.

 

b. Henrik Trudeson Nitter, f. i Gaular kring 1728, vart gravlagd frå Tysse i Fjaler 3.8.1802. Han gifte seg i Fjaler ?.1.1767 med Dortha Margrethe

 

##### (farsnamnet hennar? – i slekt med Hans This Nagel på Svanø – kan ho vera dotter av Knut Nagel til Herøy på Sunnmøre?)

 

Nagel, f.

 

##### (fødestad?)

 

hausten 1740. Ho vart gravlagd i Fjaler 24.5.1780. Henrik og Dortha tok over som gardbrukarar på Tysse i Fjaler og fekk sju born i lag.

 

c. Dortha Trudesdotter Nitter, f. i Fjaler kring 1751, vart gravlagd frå Batalden i Kinn 8.10.1797. Ho gifte seg i Kinn 23.9.1772 med Anders Janson frå Batalden i Kinn, døypt i Kinn 8.10.1741. Han vart gravlagd frå Batalden 2.8.1807. Anders og Dortha tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Batalden i Kinn og fekk ti born i lag.

 

d. Bertha Margrethe Trudesdotter Nitter, f. i Fjaler ?.9.1753, vart gravlagd i Fjaler 29.10.1758.

 

e. Karen Kirstine, kjend som Kirstina Trudesdotter Nitter, døypt i Fjaler 14.2.1756, vart gravlagd frå nordre Gjønnevåg i Solund, Gulen 29.2.1804. Ho gifte seg i Fjaler 25.8.1788 med Jan Janson Gadder frå Inderøen i Solund, Gulen, f. i Gulen kring 1752. Han vart gravlagd frå Inderøen 3.4.1814. Jan og Kirstina budde for det meste som husmannsfolk på ein plass under Gjønnevåg nordre i Solund, Gulen og fekk fem born i lag.

 

f. Knut Thønsberg Trudeson Nitter, døypt i Fjaler 4.4.1760, d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Knut Nitter gifte seg i Fjaler 15.6.1803 med Torborg Danielsdotter

 

##### (detaljar om Torborg og kor mange born? – budde i Førde?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar igjen for dei mange fine opplysningane som er komne fram so langt, og vonar sjølvsagt at nokre av dei som står att, òg vil finna svar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Knud Nagel og Charlotte Abigael Nagel på garden Moltu i Herøy hadde ei dotter som heitte Dorthe Margrethe. I skifte etter mora i 1751 er ho oppgitt til å vere 9 år. (så vi er i nærleiken). http://forum.arkivve...-nagel-slekten/

 

Skiftet:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 17 , 1749-1753, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Merknader: Fol. 1-482. Nytt register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24558/402/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090126650402.jpg

 

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Herøyboka er det opplyst at Knut Kristoffersen Nagel og kona Charlotte Abigael fekk ei dotter Dorte Margrete i 1740, men ho døydde, og dei fekk ei ny jente i 1742 som også blei døypt Dorte Margrete.

 

Så er ikkje Herøyboka heilt einig med seg sjølv, for det er seinare oppført at "Hennar (Charlotte Abigael) og Knut si dotter Dorte Margrete 1740-1780 var gift 1767 med den rike Henrik Trudesen Nitter, gardbrukar og gjestgjevar på Tysse i Fjaler, Sorenskrivarfullmektig og forvaltar av Svanøygodset."

 

Knut Kristoffesen Nagel er oppgitt død 1762. Det manglar fødselsår på både Knut og kona.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande innlegg! Då ser det ut til å stemma at denne kona til Henrik Trudeson Nitter verkeleg var ein brordotter til futen Hans This Nagel på Svanøy. Då er det problemet løyst!

 

MEN, no har eg vore inne på kyrkjebøkene for Herøy, og dei er det ikkje so lett å verta klok på! Eg veit ikkje kva kjelder bygdebokskrivaren har nytta, men eg finn ingen barnedåpar for 1740, og mellom dei få dåpane som er innskrivne for 1742, er det ingen Dortha Margrethe eller born av Knut Nagel! Finst det kanskje andre kyrkjebøker der dei kan vera innførte?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur vi må sjå på denne Knut Trudesen Nitter ein gong til.

 

Torbor døyr i Bergen i 1831. Ho er då oppgitt å vere fødd i Stavanger og 53 år gamal. http://digitalarkive...6692&merk=36692

 

Knut døyr seinare same året, oppgitt å vere 53 år gamal, kalla Knut Christopher. fødd i Sunnfjord http://digitalarkive...merk=32472#ovre

 

Det stemmer dårleg med fødd 1760.

 

Vi finn også dei to i FT Bergen 1815. Knut er då 37 år gamal, og det stemmer også ikkje særleg med å vere fødd i 1760. http://digitalarkive...&merk=4796#ovre (men di har ei 11 år gamal datter, om det er interessant.

 

I FT 1801 Bergen finn vi ein Knut Nitter, læredreng på 23 år. http://digitalarkive...&merk=9075#ovre

 

Det kan då sjå ut som om det er to Knut Nitter, (eller er det feil at Knut er fødd i 1760. Den Knut som er i Bergen, ser ut til å vere fødd på slutten av 1770-talet. Trude døydde vel i 1778. Kan han ha fått ein son på slutten?)

 

Henrik hadde ein son som heitte Knut Christopher fødd 1779. Det må vere han som gifta seg med Torbor

http://digitalarkive...erk=150419#ovre

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nok eitt spennande og nyttig innlegg!

 

Då har du funne provet på at Knut Nitter gift med Torborg Danielsdotter er "hin" Knut'en, d.v.s. han som var son av Henrik Trudeson Nitter på Tysse og kona Dortha Margrethe Knutsdotter Nagel!

 

So er det spørsmål kvar det kan ha vorte av Knut Thønsberg Trudeson? Kan han vera faren til sjøs?

 

Eit anna mysterium er jo ogso denne Thønsberg-ætti. Eit søk gjennom databasane på Digitalarkivet syner mange med dette namnet, men ingen som eg tykkjer "høver" til denne andre kona til Trude Christenson Nitter.

 

Databasen til fylkesarekivet i Sogn og Fjordane har fleire spennande postar her, mellom anna:

 

* Cecilia Margrethe, døypt 25.1.1756, far: sersjant Christian Thønsberg

* Anna Marie, døypt 1.3.1761, far: løytnant Christian Thønsberg

* Johanna Christine, døypt 15.5.1758, far: fenrik Johan Thønsberg

* Benjamin, døypt 23.2.1771, far: Hans Ellingson - mor: Lisa Thønsberg

 

Eg vil tru det må vera samband mellom andre kona til Trude Christenson Nitter og desse militæroffiserane, men på kva vis?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Redigert: Dette er skrive før eg las siste innlegg.

 

Eg limer inn to sider frå det som står om gjestgjevarstaden Tross i Dale. Dette er henta frå bind 2 av bygdeboka (Dale sokn). Her er det nemnt ein annan Tønsberg, og det er foreslått at opphavet hans kan vere frå Tunsberg i Gulen:

 

post-77-0-52851100-1368314124_thumb.jpg

post-77-0-15924200-1368314135_thumb.jpg

 

Knud Nitter er også nemnd som eigar, men det står ikkje noko meir om han.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt om fyrste kona til Trude: På nb.no ligg bind 5 av bygdeboka for Gaular fritt tilgjengeleg for norske ip-adresser. Eg limer inn frå bruk 3 på Sande:

 

post-77-0-52494100-1368316822_thumb.jpg

post-77-0-59391000-1368316843_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Eit anna mysterium er jo ogso denne Thønsberg-ætti. Eit søk gjennom databasane på Digitalarkivet syner mange med dette namnet, men ingen som eg tykkjer "høver" til denne andre kona til Trude Christenson Nitter.

 

Databasen til fylkesarekivet i Sogn og Fjordane har fleire spennande postar her, mellom anna:

 

* Cecilia Margrethe, døypt 25.1.1756, far: sersjant Christian Thønsberg

* Anna Marie, døypt 1.3.1761, far: løytnant Christian Thønsberg

* Johanna Christine, døypt 15.5.1758, far: fenrik Johan Thønsberg

* Benjamin, døypt 23.2.1771, far: Hans Ellingson - mor: Lisa Thønsberg

 

Eg vil tru det må vera samband mellom andre kona til Trude Christenson Nitter og desse militæroffiserane, men på kva vis?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Johanna Christine fødd 1758 er vel den same som Henrik har som hushalderske i 1801. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f18011429&personpostnr=311&merk=311

 

Det er vel kanskje også ho som døyr ugift i Bergen 1837 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=1301begr&personpostnr=12733&merk=12733 Dødsfallsprotokollen syner at alt ho etterlot seg gjekk til stilfelsen som ho budde ved, så det er lite hjelp der.

 

Det kan vel vere fristande å tenkje ein eller annan slektsakp mellom Johanna Christine og kona til Henrik.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skifte etter Johan Christian Tønsberg i 1797. Det står mykje informasjon, men om det er noko som viser tilknytninga til kona til Henrik, det klarer eg ikkje å dra ut av det berre ved å pløye gjennom det.

 

Det er i alle fall ei oversikt over barna hans, som kan vere til hjelp om ein skal prøve å plassere denne Tønsberg-gjengen. Johanna Christine ser ut til å vere yngst.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 10 , 1787-1798, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: EDB-register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24197/559/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081126680560.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn, Egil og Terje for fleire nye spennande innlegg!

 

Litt etter litt kjem detaljane på plass. Opphavi til Nils og Agatha på Sande i Gaular er det tydeleg ingen som kjenner til, so dei nyttar det nok lite å "masa" etter no.

 

Men Thønsberg-problemet står att som ei utfordring! Og kvifor kan me ikkje finna korkje skifte etter eller dødsfallet til denne andre kona til Trude Christenson Nitter. Me har alt problemet med at ho i to ulike kjelder (FamilySearch og Bygdebok) har to ulike namn (Cecilia Margrethe og Dortha Margrethe). Kan ho "gøyma seg" attom eitt av dei andre dødsfalli på Tysse etter 1760? Eg ser ikkje nokon som høver. Kan ho ha levd att som enkje etter Trude i 1778 og so vera fari frå Fjaler, anten til Batalden i Kinn med Dortha eller til Gjønnevåg i Solund med Kirstina?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er eg litt usikker på om eg har klart å henge med i alle nitterane og Tønsbergane, men er denne her sjekka ut?

 

Døde i Gulen: 1791 2. juni på garden Tunsberg, kone Sicilia Margrete Nitter fødd Knudsdtr. 74 år gamal. Det gir kobling både til Nitter, Tønsberg og Knut.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=guledo79&personpostnr=1055&merk=1055

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit kjempeflott innlegg!

 

Denne må vera Cecilia Margrethe Knutsdotter, som var gift med Trude Nitter! Og ho har tydeleg tilknytting til garden Tunsberg i Gulen!

 

Eg ser i 1701 at berre ein Hans Rasmussen på 70 år då var brukar på Tønsberg, medan brukaren i 1801 heitte Rasmus Monsson på 44 år. Same ætti?

 

Kva seier bygdeboki om ættene på denne tydeleg einbølte garden?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

No har eg fått sjekka ut bygdeboki for Gulen, og det finst ingen teikn til at Cecilia Margrethe kan vera frå garden Tunsberg. Der var ikkje nokon Knut, og heile namnestrukturen; namni til både Cecilia Margrethe og broren(?) Johan Christian, og ikkje minst kven dei gifte seg med, får meg til å tru at desse ikkje kom frå ein "vanleg" gard.

 

Eg har òg sett litt meoir på originalinnførsli i kyrkjeboki for Gulen for 1791 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11446&idx_id=11446&uid=ny&idx_side=-184), der ho er omskrivi som "Sicilia Margrete Nitter fød Knudsdr Tönsberg". Uttrykksformi "Knuds dr Tönsberg" får meg til å tenkja på Tønsberg som eit ÆTTENAMN...

 

Tja, kven veit?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha søkt litt på google fann eg dette. Her står det svært lite om geografi, men dersom ein klikkar på faren vert det hevda at han er frå Tønsberg, Vestfold. Kanskje ein prat med Loennechen kunne gitt nokre fleire hint om opphavet til Cecilia?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.