Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Folketelling etter 1910 Bergen


Recommended Posts

Har fått navn,fødselsdato og sted på 6 av 9 barn,til mine oldeforeldre Hilmar (som ble til Hærnar) Bernhard Brandt Hansen født 17/4.1879 i Tromsø,gift med Johanne Hansen F.3/8.1882 i Bergen.

 

Barn som er opplyst er;

1) Ingrid F.13/8.1899 i Tromsø

2) Hildur F.2/3.1901 Bergen

3) Hilmar F.30/12.1902 Horten

4) Peder F.6/11.1904 Horten

5) Erling F.31/10.1906 Bergen

6) Mimmi F.22/3.1909 Bergen

 

Vet at en het Charles. Noen som vet navn,fødselsdata og hvor, på de 3 siste ?

 

Takk dere!!!

 

Og gjerne hvor de flyttet etterpå/etter giftemål.

 

Marit Kathiravelu

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/185447-folketelling-etter-1910-bergen/
Del på andre sider

I Bergen var det lokale folketeljingar i 1912, 1917 og 1922. Lokale folketeljingar har 60 års sperretid, og opplysningane i dei nemnde teljingane er dermed opne. Eit hefte med opplysningar frå 1912-teljinga er tilgjengeleg på lesesalen på Statsarkivet i Bergen. 1917 - og 1922 - teljingane er det verre med. Desse er vel ikkje mogeleg å få utlevert på lesesalen, og ein må dermed evt. be om oppslag.

 

Dei nemnde folketeljingane la grunnlaget for eit kommunalt folkeregister. SAB har desse gamle folkeregisterkorta, og det er mogeleg å be om oppslag.

 

Ei anna nyttig kjelde er adressebøkene. Skanna versjonar av adressebøkene frå 1920, 1924 og 1958 er tilgjengelege under "Bokhylla" på Digitalarkivet. Vidare er stemmemanntalet frå 1934 lagt ut i søkbar versjon.

 

I tillegg har ein sjølvsagt dei skanna kyrkjebøkene/borgarlege vigselprotokollane. Når det gjeld Bergen er ein del av kyrkjebøkene transkriberte, og er du heldig finn du vigslar ved å søkje i desse. Ein har også registrert dødsfallprotokollregister for Bergen for 1912-1972, slik at dette er søkbart. Også døde i Bergen Sentrum 1973-1975 er gjort søkbart. Finn du nokon her kan du spørje SAB om å gjere oppslag i sjølve dødsfallprotokollen. Dersom du evt. veit tidspunktet for eit dødsfall kan du også leite etter evt. dødsannonse i mikrofilmutgåver av Bergens Tidende/Bergensavisen. Desse er tilgjengelege f. eks. på biblioteket i Strømgaten (ved Bergen Storsenter), men kan også lånast rull for rull frå andre bibliotek via fjernlån.

 

I ditt tilfelle ville eg fyrst prøve søkbare kyrkjebøker eller andre søkbare kjelder, deretter dei skanna kyrkjebøkene osv.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Mogeleg kandidat for Hildur giftar seg i 1925:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. D 6 (1921-1937), Ekteviede 1925, side 57.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-62

 

Dette paret finn ein att i 1934.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Eg legg inn lenke til side i kyrkjebok frå Sandviken for 1911, jf. innlegget til Rune ovanfor:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. B 3 (1901-1912), Fødte og døpte 1911, side 261.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2022&idx_id=2022&uid=ny&idx_side=-265

Her sit eg og jobbar og slit, og så finn eg plutseleg ut at du har lagt ut ein tråd om dette før: Lenke.

 

Dersom du vil ha hjelp er det viktig at du nemner tidlegare trådar og alt det du veit, slik at ein slepp å gjere same jobben fleire gonger samt unødvendig leiting.

Rosalie d. i 1964.

 

Rosalie g. 3/1 1935: Lenke

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Klokkerbok nr. D 2 (1929-1953), Ekteviede 1935, side 54b-55a.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-57

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.