Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gjertrud Johannesdotter, fødd 1790 - kvar er dødsfallet hennar på Dale i Hen sokn (Isfjorden), Grytten?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Asle Olson, fødd på Rud i Ål og døypt der 22.10.1797, gifte seg i Grytten i Romsdalen 26.9.1832 med Gjertrud Johannesdotter, fødd på Vetlesætre, Hillestad i Hafslo og døypt der 24.5.1790.

 

Asle og Gjertrud var haugianarar og busette seg som gardbrukarar på Dalereiten, Dale øvre i Hen sokn, Grytten der me finn dødsfallet til Asle 26.8.1865.

 

Dei fekk to søner i lag:

 

* Ole Asleson, fødd i Grytten 5.4.1834, døydde på Dale i Grytten 18.7.1834.

 

* Ole Asleson, fødd i Grytten 30.11.1836, tok over som gardbrukar på Dalereiten, Dale øvre i Hen sokn,Grytten etter foreldri, men døydde på Hatlen i Hen sokn, Grytten 13.2.1914. Han var gift, og dei fekk fem born i lag.

 

Eg har vore på leiting etter dødsfallet til Gjertrud Johannesdotter, men har ikkje hatt hellet med meg so langt! Eg kan ikkje skjønna ho kan vera avlidi nokon annan stad enn på Dale øvre i Grytten mellom 1836 og 1865, men kvifor finn rg ho ikkje?

 

Eg takar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tenkte eg ville ta nok ein kikk på kyrkjebøkene for Hen sokn, og no har eg eke til å srussa på denne kårkona Gjertrud Johannesdotter som døydde 11.7.1864 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6387&idx_id=6387&uid=ny&idx_side=-165). Alderen på 74 år stemmer godt, men kva er gardsnamnet? Ég har oppfatta det som HATLE, men kanskje er det DAHLE, sjølv om den første bokstaven ikkje nett ser ut som nokon D...? I so fall må det vera ho!?

 

Tankar kring dette?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olav Bonesmo

Støtter tydingen til Wolsta, i andre sammenhenger også skrevet Voldstad/Woldstad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Olav for nye innlegg!

 

Jau, eg er absolutt ikkje usamd i Wolsta som ei mogeleg tyding. Det er likevel overraskande at Wolstad er skrive utan d til slutt, og tykkjer so tydeleg det er ein gotisk h midt i namnet.

 

Eit anna problem, etter at eg har blatt igjennom ein del sider av kyrkjebøkene for Grytten, er at namnekombinasjonen Gjertrud Johan(ne)sdotter er ytterst uvanleg i Grytten, og Gjertrud Johannesdotter på Dale er den EINASTE personen med dette namnet som får barn i Hen sokn mellom 1830 og 1860! Og ho er ganske so sikkert ikkje innskrivi som avlidi i Hen sokn mellom 1836 og 1865, om det ikkje er ho frå 1864!

 

Kanskje nokon med lokal ekspertise kan sjå på dette problemet?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg vil lese slutten som -ahle, og den fyrste kan ikkje vere ein stor D, den har vi lenger nede, men han kanskje vere skriven som ein liten d i farten.

 

Det viktige er å vite om det finst noka Gjertrud J med tilknyting til Vollstad - gjer det ikkje det, er indisia endå sterkare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg vil lese slutten som -ahle, og den fyrste kan ikkje vere ein stor D, den har vi lenger nede, men han kanskje vere skriven som ein liten d i farten.

 

Det viktige er å vite om det finst noka Gjertrud J med tilknyting til Vollstad - gjer det ikkje det, er indisia endå sterkare.

 

I første augekast er eg einig i tolkinga di Aase, men om du ser gjennom dei andre registreringane i kyrkjeboka, vil du sjå at dei brukte "vanleg" "h". Det vi les som "h" i -ahle, må difor vere ein "s".

 

Her er eit godt eksempel frå 1963. Om det støttar at det står Wolsta som bustad for Gjertrud er vel kanskje noko usikkert, men i alle fall trur eg at "-ahle" fell. (sjå nr. 3, 9 og 12)

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hen i Grytten, Ministerialbok nr. 545A02 (1854-1877), Døde og begravede 1863, side 168.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-163

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70308680166.jpg

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Her er eg ikkje enig. Det uekte barnet Ivar på linja etter Gjertrud er frå Unhjem - korleis ser den h-en ut?

 

At Dale blir skrive utan h lenger ned på sida er heller ikkje noko endeleg argument - "rett" skrivemåte er ikkje-eksisterande på denne tida, og kan variere til og med innan fadrar på same barn.

 

Eg seier ikkje at her STÅR Dahle, men vil heller ikkje vere med på at det er utelukka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hogne R Nilsen

Eg les dette som Wasli

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olav Bonesmo

Har arbeidet en del med Grytten prestegjeld og kan bekrefte at staveformen for Dale varierer, iblant Dahle, i blant uten h.

 

En kjapp sjekk i boka Raumadalsfolket viser en viss kontakt mellom Voldstad og Dale, men ikke markert. Geografisk ligger gårdene et stykke fra hverandre, anslagsvis 6-8 km, med Voldstad ved fjorden, så det er ikke skigardsavtand mellom gårdene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.