Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Karemakar Hans Jensson (Hillestad), fødd Hafslo 1841 - forsvinn etter 1875, men kvar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hans Jensson Hillestad, fødd på husmannsplassen Nauststodi eller Flaten under Hillestad i Hafslo 15.12.1841, son av husmann Jens Olson og kona Anna Hansdotter, vart konfirmert i 1857, og då heiter det om han at han var ein "krøbling". Dette har nok vore av fysisk art, for ikkje berre vart han konfirmert i ein "normal" alder, men han lærte seg eit handverk som KAREMAKAR (utstyr for å kara ull).

 

I 1865 budde han ugift hjå søsteri Ingeborg Jensdotter på heimeplassen på Nauststodi under Hillestad i Hafslo, og då søsteri 1866 gifte seg til Rygg, Lereim i Sogndal, flytte Hans med. I 1875 bur han då på Rygg, Lereim i Sogndal, framleis ugift karemakar!

 

Men so vert han borte! Ingeborg vart buande på Rygg, Lereim i Sogndal og døydde der i 1900. Ho fekk fire born, men dei er for lengst avlidne, g ogso er alle barneborni hennar borte. Det er soleis ingen å spørja om denne "onkel Hans", kvar han kan ha vorte av.

 

Eg har søkt i utvandrarlistene for Bergen, men der er han ikkje.

 

Eg finn han heller ikkje i FT1900 nokon stad i Noreg.

 

Han synest ikkje vera avliden korkje i Hafslo eller i Sogndal!

 

Kvar kan han so ha gjort av seg?

 

Eg stor "bom fast" og vonar på hjelp...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vibeke Lund Åhling

Hvis ikke denne manden er sjekket ut av saken kanskje han er en mulighet, selv hvis han er f. 1842?

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6926&idx_id=6926&uid=ny&idx_side=-144

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310128.jpg

 

(Nr 3 på siden, Arbeider Hans J*nssen, f. 1842 Hafslo, d. Ler***? 25 mar* 1888, mini Stedje)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Vibeke for eit fantastisk innlegg! Jau, dette må vera "vår" mann, rett alder, ret fødestad og rett bustad i Sogndal!

 

Eg har vore i kontakt med bygdebokskrivaren for Sogndal, og dette dødsfallet mangla rett og slett i basen hennar over avlidne i Sogndal! Men no er han funnen, og eg er svært takksam for det! Soleis er dette problemet løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg!

 

Og no forstår eg kvifor me ikkje kunne fina mannen før. Han har feil farsnamn i basen til Fylkesarkivet... Eg synes forresten datoen ser meir ut som 23.3. enne 25.3., jamfør 3-talet i 30.3. nedanfor...

 

Eg har alt rekvirert oppslag i dødsmeldingi hans...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.