Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans J. Vigda(h)l, fødd i Hafslo 1880, levde i 1929, men kvar vart det av han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hans Johannesson Vigdal (eller Vigdahl) var fødd i Hafslo i Sogn 8.8.1880 som einaste son av lærar og klokkar Johannes Hansson Vigdal og kona Monsina Christensdotter f. Bjørnetun.

 

FT1900 syner Hans Vigdal som ugift landhandelsbetjent på Heggedal i Asker

 

FT1910 syner Hans Vigdahl som ugift handelsbetjent på Elverum

 

I 1914 vart Hans Vigdal innlagd på eit psykiatrisk sjukehus i Bergen der han var fram til 1917

 

Hans levde framleis då faren døydde i 1929, men adresse er ikkje oppgjeve

 

Er det mogeleg å finna ut noko om lagnaden til denne Hans J. Vigdal? Eg står heilt fast!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjapt innlegg!

 

Eg burde vel ha nemnt i innleiingi mi at det er fleire personar frå Luster som heiter Hans Vigdal, og han som ligg gravlagd på Strømsgodset var Hans Hansson Vigdal (1853-1938) som med kona Karen Margrethe, f. Alsmo (1858-1934) i mange år var gardbrukarar på Vinnes i Nedre Eiker. Desse igjen hadde òg ein son Hans Hansson Vigdal (jr) (1884-1973) som var sjukleg og døydde i Røyken, ugift.

 

So ein lyt nok søkja etter denne Hans J. Vigdal ein annan stad... Hadde me berre visst kvar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg utan svar!

 

Skifteregistreringi etter faren Johannes Vigdal frå 1929 seier at Hans var umyndiggjort og hadde adresse Solvorn, men då faren var avliden, fanst det ikkje slekt att i Hafslo, og Hans er, so vidt me kan sjå, ikkje avliden i Hafslo.  To søstrer budde då i Noreg, Agatha Vigdal i Nord-Odal og Øllegaard Vigdal i Degernes.  To andre søstrer var utvandra til Amerika og budde der.

 

Kvar vart det so av han?  Kan ei av søstrene austafjells ha sytt for at Hans hamna der?

 

Eg står "bom fast", men vonar at einkvan dreg kjensel på denne karen og kan hjelpa meg finna lagnaden hans?

 

Eg takkar nok ein gong for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter samtale med eit ektepar i Solvorn på 90 og 93 år har eg no fått greie på følgjande om Hans Vigda(h)l:

 

Han var umyndiggjort og budde heime i Solvorn om vintrane, men so snart våren kom, fann han seg ein staur, pakka sekken og fór av stad "på loffen".  Han vandra land og strand rundt, men då hausten kom, dukka han opp att i Solvorn og vart då av formyndaren sin påspandert nye klede og skor.

 

Dette skjedde i årevis, inntil han forsvann, truleg ein eller annan gong under andre verdskrigen.  Det som dei hadde høyrt, var at han skulle vera avliden ein eller annan stad i Nord-Noreg og at han ligg gravlagd der oppe.

 

Er det mogeleg å komma nokon veg vidare med dette spørsmålet utifrå desse opplysningane?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.