Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Anne Hansdotter f.1746 og Amund Hansson frå Vågå som reiste Nordafjells


Recommended Posts

Anne Persdotter vart døypt i Vågå 19.5.1746 og gift der 20.2.1767 med ein Amund Hansson som eg ikkje kjenner opphavet til. Dei døyper døtrene Rannei (Randi/Rønnaug) 29.3.1767 og Ymbjør (Ingeborg/Imbjør) 24.9.1769 i Vågå, men etter dette har eg ikkje funne meir om familien der.

 

I eit skifte i 1790 er det sagt at dei er ”avreist Norden Fields”. I samband med utbetaling av arv etter far hennar som døydde i 1767 er han omtalt som ”Piben” og det er på ei avskrift i Norddalsarkivet sagt at han for lengst er avreist til ”Sundemoen”. Kjelda for dette er ikkje oppgjeve, men utbetalinga har nok skjedd nokre år etter 1767. Eg har ikkje funne nokon plass kalla Sundemoen, men kan dette vere feil for Lundemoen, dvs. Lundamo, i Melhus?

 

Er det nokon som kan bidra med informasjon om kvar familien flytta og når Anne og Amund døydde?

Hei!

 

Jeg funderer litt på den her ??, en "Ane Pedersdtr." enke i passende alder med 3 barn i FT 1801 "Nesset" : http://digitalarkive...f01058423000017

 

Enkens avdöde mann hette "Amund Hansen"

Anne Amundsen

Norway, Baptisms, 1634-1927 christening: 28 November 1779 , NESSET, MORE OG ROMSDAL, NORWAY residence: Nesset, Møre og Romsdal, Norway

  • father:Amund Hansen
  • mother:Anne Pedersdr

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Nesset, Ministerialbok nr. 551A01 (1757-1803), Kronologisk liste 1779, side 143.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16036&idx_id=16036&uid=ny&idx_side=-142

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070904640187.jpg

 

Peder Amundsen

Norway, Baptisms, 1634-1927 christening: 29 May 1783 , NESSET, MORE OG ROMSDAL, NORWAY residence: Nesset, Møre og Romsdal, Norway

  • father:Amund Hansen
  • mother:Anne Pedersdr

 

Maren Amundsen

Norway, Baptisms, 1634-1927 christening: 22 June 1788 , NESSET, MORE OG ROMSDAL, NORWAY residence: Nesset, Møre og Romsdal, Norway

  • father:Amund Hansen
  • mother:Anne Pedersdr

Ved skiftet i 1799 etter Amund Hansen på "Spelviigen" under Nesset prestegard, heiter dei to eldste døtrene (av i alt 6 born) Randie og Ingeborg: http://arkivverket.n...read/24621/418/

Eg reknar med det er døyper Peder 3. søndag etter påske (14. mars) 1773 i Nesset, jf. lenka her, nederst til venstre på sida.

 

Men utan lokalkunnskap til Nesset slit eg med å tyde kva som er oppgjeve som bustaden til Amund Hansson ved denne dåpshandlinga? Nokon som kan hjelpe?

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.