Gå til innhold
Arkivverket
Per S. Nestande

Gunhild Henriksdotter f.ca. 1731 frå Vågå til Bakklandet/ Trondheim

Recommended Posts

Per S. Nestande

Eg søker informasjon om lagnaden til Gunhild Henriksdotter som vart gift i Vågå 20.10.1751 med Knut Olsson frå Vistdal i Vågå. Det var skifte etter Knut på Øvre Vistdal 17.5.1765.

 

Det går fram av eit skifte i 1790 at Gunhild bur hjå sonen Jon Dahl i Trondheim. Det gjer ho ennå i 1801 da er ho nemnd som Gundel 70 år og enke etter andre ekteskap. Sonen Jon Knutsson Dahl er 39 år og kremmar på Bakklandet i Tronheim. Han er gift med Birgitta Sand som er 64 år. Ho døydde 25.8.1822, 88 år gamal (dvs. f.ca. 1734) og vart grl.2.9.1822 frå Bakke kyrkje. Han er i sitt fyrste og ho i sitt tredje ekteskap i 1801. Det går fram av Jørgen Gløersens “Dødsfall i Noreg” at da ho døydde i 1822 hadde ho vore gift i 38 med Jon, dvs. at dei vart gift ca. 1784.

 

Er det nokon som kan bidra med informasjon om når og med kven Gunhild gifta seg for andre gong og når ho døydde?

 

Eg søker også informasjon om opphavet til svigerdottera Birgitta, kven ho tidlegare hadde vore gift med, kvar og når ho gifta seg med Jon og når Jon Dahl døydde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eva Tomter

En kandidat:

Jon Dahl var født ca 1762 og døde 27.05.1823, 61 år gammel

Sør-Trøndelag fylke, Bakke i Strinda, Ministerialbok nr. 604A03 (1818-1850), Døde og begravede 1822-1825, side 11.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16282&idx_id=16282&uid=ny&idx_side=-13

 

Se nr 19 i 1823. Han var pottemaker (som ved konas død). Mellomnavn Larsen? Kan være presten som skrev feil, eller feil kandidat. Det var 7 pottemakere i 1801 i Trondheim, men da har Jon tittel kremmer. Blandt pottemakere og kremmere, finner jeg kun en Jon Dahl. I liste over handelsborgere i 1818 finnes tre Jon Dahl; en kremmer, en høker og en sadelmager men ingen Larsen Dahl. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=bo16011818&gardpostnr=109&merk=109#ovre

 

Eva

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Stor takk til Eva og Inge!

 

Flott at de fann desse handlingane, og interessant at Jon var pottemakar.

 

Det blir spennande om nokon også kjem på sporet av Gunhild.

 

Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.