Gå til innhold
Arkivverket

Sjømannsruller Bergen - brørne Andersen 1850/1860-åri?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anders Ananiasson Thunold frå Stryn (1806-1870) og kona Alida Jensdotter Kjos frå Hafslo (1805-1892) budde i Bergen og hadde mellom anna desse to sønene:

 

* Ole Andreas Andersen, fødd i Bergen 12.10.1836, levde i 1870, men var "fråverande"

 

* David Johan Andersen, fødd i Bergen 1.3.1839, levde òg i 1870, men var likeins "fråverande"

 

Me ser ikkje noko til desse brørne i Bergen i det heile, og eg mistenker dei sterkt for å vera farne "til sjøs".

 

Er det mogeleg å sjekka om dei finst i sjømannsrullene for Bergen? (Eg reknar med dei skreiv seg for Andersen og ikkje Thunold)

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har registre til militære/sjømilitære ruller for Bergen. Der finner vi ikke disse to.

 

Vi har registre til sjømannsrullene fra 1869, men finner ikke David Johan der. Det er flere Ole Andreas Andersen, men neppe den rette.

 

I registeret til hovedrullen for Bergen 1840-1860 finner vi dem, under navn Andersen Thunold. De er ført under 21. rode E2 og f. Det står ikke opplysninger om Ole Andreas Thunold ut over at han ble flyttet over fra Ungdomsrullen i 1853. Om David Johan står det at han 27. juli 1858 fikk permisjon til å oppholde seg utenlands i 2 år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for spennande og utfordrande svar!

 

Då tyder vel alt på at ingen av desse brørne reiste til sjøs, for hadde David vore sjømann, ville han vore nemnd i sjømannsrullane, o han ville ikkje ha søkt om utanlandsopphald for to år!?

 

David var 19 år då han fekk dette løyvet, men kvar kan han vera faren - som student ein eller annan stad utanlands, eller kanskje helst for å læra eitt eller anna yrke? Eg ser det var fleire unge menn frå Krosskyrkjesokni i Bergen som i 1850-åri melde flytting til København, men korkje Ole Andreas eller Davis Johan står i flyttelistene...Men laut dei ikkje ha PASS når dei reiste utanlands på den tidi?

 

Ingen av dei er i Noreg i 1865, etter det eg kan sjå...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.