Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Rannei Sjursdotter England, fødd i Sogndal 1744, budde på England i 1760, men vert sidan borte for oss. Lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Sjur Johannesson England (1697-1752), gardbrukar på England i Sogndal, var gift tre gonger. Med første kona Torborg hadde han seks born, som alle vart buande i nabolaget eller dels på Hafslo (der mor deira var ifrå). So gifte han seg att i Hafslo i 1741 med Rannei Pedersdotter Kjos (1716-1744). Ho døydde i barsel, men dotter hennar levde altso opp:

 

Rannei Sjursdotter (England), fødd våren 1744.

 

Sjelemanntalet for Sogndal frå 1760 syner at ho då budde på England i lag med fleire av halvsøstrene sine: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4657&idx_id=4657&uid=ny&idx_side=-15

 

men det er det siste me ser til ho! Me kan ikkje sjå at ho er korkje avlidfi eller gift korklje i Sogndal eller i Hafslo, so då er det eit ope spørsmål kvar ho vart av!?

 

No veit me at mange indresogningar i siste helfti på 1700-talet og endå meir tidleg på 1800-talet flytte til Romsdalen. Fleire medlem av denne ætti vart sidan ihuga Haugianarar, og me skal vel ikkje sjå bort ifrå at ogso vesle Rannei kan ha komme borti miljøet? Eg finn ei spennande vigsle i GRYTTEN i Romsdalen 19.7.1772 for ei Randi Sivertsdotter Rostøl med ein Endre Knutson (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2266&idx_id=2266&uid=ny&idx_side=-70) (langt nede på høgre side). Kan dette vera eit spor å følgja vidare? Kanskje nokon med lokal kunnskap i Romsdalen kan vita noko om dette parfolket?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Muligens Endre Knutsen og Randi Sjursdt. i 1801 selv om hennes etternavn er feil http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=f18011539&gardpostnr=35&personpostnr=736&merk=736#ovre

 

Dåpen til sønnen Knud (Dom 15.) 20/9 1789, f. 4/9, nederst h.side http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2266&idx_id=2266&uid=ny&idx_side=-131 En av fadderne heter Sivert Knudsen Rostøl. Det er vel antagelig faren til Randi.

Så da kan det ikke være hun du leter etter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for godt innlegg!

 

Eg trur konklusjonen din er rett, Berit. Denne Randi i Grytten er nok i yngste laget, for yngste sonen var jo fødd kring 1793, då "vår" Rannei ville ha vore kring 49 år gamal..., ikkje umogeleg, men lite truleg. Og so har du dette med fadderen...

 

Då lyt me søkja etter "vår" Rannei ein annan stad...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Problemet er løyst! Rannei "lurte seg" til Hafslo der ho døydde hausten 1762, berre 18 år gamal, under ættenamnet England!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.