Lars E. Øyane Skrevet September 23, 2013 Del Skrevet September 23, 2013 Torger Edvardson ENGER, tidlegare pølsemakar på Hønefoss, var fødd i Vardal 20.6.1882. Han kom til Hønefoss som pølsemakar kring 1902 og gifte seg der 22.12.1903 med Petra Johanne Sørensdotter Kjos, fødd i Hafslo i Sogn 6.10.1874. Parfolket flytte sidan til Kroksund i Hole, men skal òg ha butt på Hovin, Tyristrand og på Gudsgard i Norderhov til dei i 1948 flytte til Drolsum på Modum. Petra Enger døydde som enke på sjukeheimen på Åmot på Modum 15.10.1971. MEN, Torger Enger skal vera avliden 15.9.1954. Han ligg gravlagd på Enger Familiegravlund på Nes kyrkjegard på Hedmarken! Torger finst ikkje nemnd korkje i klokkarbøker på Nes eller i dødsmeldingslistene for distriktet. Eg har vore i kontakt med kyrkjekontoret på Modum, men heller ikkje der er dødsfallet innført! * Finst det ei dødsmelding for Torger Enger på Modum? Eller kanskje i Norderhov/Tyristrand? Kanskje kan ei dødsmelding frå 1971 for enkja Petra innehalda opplysningar om dødsfallet hans? Eg vonar å få greie på DØDSSTADEN til Torger Enger? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi! Med venleg helsing, Lars E. Øyane Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Statsarkivet i Kongsberg Skrevet September 24, 2013 Del Skrevet September 24, 2013 Til Lars E. Øyane Vi har funnet dødsfallet til Torger Enger (død 15.09.1954) i Norderhov og ikke Modum. Han er innført i dødsfallsprotokoll for Norderhov lensmannskontor (nr. 9): Torger Enger, f. 20.06.1882 i Vardal, pølsemaker, bopel Norderhov, død, N.hov. Også enken, Petra Enger, står med bopel N. hov. Vennlig hilsen Statsarkivet i Kongsberg Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet September 24, 2013 Forfatter Del Skrevet September 24, 2013 Hjarteleg takk til Statsarkivet for kjempeflott svar! Eg har spekulert på dette dødsfallet i årevis, og no er problemet endeleg løyst! Med venleg helsing, Lars E. Øyane Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå