Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Dødsfall Modum 1954?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Torger Edvardson ENGER, tidlegare pølsemakar på Hønefoss, var fødd i Vardal 20.6.1882. Han kom til Hønefoss som pølsemakar kring 1902 og gifte seg der 22.12.1903 med Petra Johanne Sørensdotter Kjos, fødd i Hafslo i Sogn 6.10.1874.

 

Parfolket flytte sidan til Kroksund i Hole, men skal òg ha butt på Hovin, Tyristrand og på Gudsgard i Norderhov til dei i 1948 flytte til Drolsum på Modum.

 

Petra Enger døydde som enke på sjukeheimen på Åmot på Modum 15.10.1971.

 

MEN, Torger Enger skal vera avliden 15.9.1954. Han ligg gravlagd på Enger Familiegravlund på Nes kyrkjegard på Hedmarken!

 

Torger finst ikkje nemnd korkje i klokkarbøker på Nes eller i dødsmeldingslistene for distriktet.

 

Eg har vore i kontakt med kyrkjekontoret på Modum, men heller ikkje der er dødsfallet innført!

 

* Finst det ei dødsmelding for Torger Enger på Modum? Eller kanskje i Norderhov/Tyristrand? Kanskje kan ei dødsmelding frå 1971 for enkja Petra innehalda opplysningar om dødsfallet hans?

 

Eg vonar å få greie på DØDSSTADEN til Torger Enger?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Statsarkivet i Kongsberg

Til Lars E. Øyane

 

Vi har funnet dødsfallet til Torger Enger (død 15.09.1954) i Norderhov og ikke Modum. Han er innført i dødsfallsprotokoll for Norderhov lensmannskontor (nr. 9): Torger Enger, f. 20.06.1882 i Vardal, pølsemaker, bopel Norderhov, død, N.hov. Også enken, Petra Enger, står med bopel N. hov.

 

Vennlig hilsen

Statsarkivet i Kongsberg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Statsarkivet for kjempeflott svar! Eg har spekulert på dette dødsfallet i årevis, og no er problemet endeleg løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.