Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Finn Bech Kristoffersen ( -1977) - gift i Bærum 1972, fødd i Danmark, men kvar og kva dato?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i lengre tid slite med å finna ut av denne dansken:

 

Finn Bech Kristoffersne, fødd i Danmark som son av ein Aksel Kristoffersen, gifte seg i Bærum 23.9.1972 med Karen Tansem, fødd 1947.

 

Finn var kunst- og kleinsmed, og dei budde i Hellerup på Sjælland, men Finn døydde i København 30.6.1977.

 

Ingen i slekti kan hugsa:

 

* Dato og stad for fødsli til Finn Bech Kristoffersen?

 

Er det nokon av danskeekspertane våre som kan hjelpa meg løysa dette problemet?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Enno eit emne som eg frykter skal gå i "gløymeboki"... Men kanskje finst det ikkje tilgjengelege kjelder på nettet? Har DIS-Danmark til dømes eit gravferdsregister?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips og held fingeri godt krossa...!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Frank Pagh

I Danmark er der - ligesom i Norge - grænser for, hvad man får lov til at se, når det er så langt fremme i tid.

 

Man vil kunne finde Finn Bech Kristoffersens fødsel, men det forudsætter jo, at man ved, hvor man skal lede. ;)

 

 

Vh,

Berit Pagh.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for interessant svar!

 

Eg forstår at dette problemet kjem til å verta svært so vanskeleg å løysa. Me har jo absolutt ingi aning om kvar han kan vera fødd! Eg har sendt ei forespørsel til Bærum om dei kanskje kunne greia å finna vigsi deira, men igjen er me avhengige av at datoen er heilt rett...!

 

Norsk lysingsblad kan me vei ikkje nytta...? Og lysingar er ikkje utlagde for Asker og Bærum!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alexander Glasø

Hei.

 

I Asker og Bærum Budstikka 22/9-1972, i forbindelse med at bryllupet skal finne sted dagen etter står det at Finn var fra/bor i København. Her er det aktuelle utklippet: http://glasoe.org/div/aviser/finnbech.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alexander og Jan for nye spennande innlegg!

 

Eg har aldri hatt noko særleg forhold til fjesboki, so der helde eg meg fjern. Derimot var det interessant å sjå at vigsli fann stad i Tanum kyrkje, og då burde det vera enkelt for kyrkjekontoret å finna fram til dei rette opplysningane for meg... Eg ventar framleis på svar derifrå!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag fått svar frå kyrkjetortget i Bærum med opplysningar om Finn Bech Kristoffersen! Han syner seg vera fødd i Frederiksberg i Danmark 2.11.1930.

 

So då er ogso dette problemet løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.