Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Margrethe Hansdotter Hess, fødd i Lærdal 1869 - først til Bergen og sidan til Christiania - kvar vart ho av? - Aftenposten?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Margrethe Hansdotter Hess, fødd i Lærdal 22.6.1869 (FT1910 syner 23.6.1869) som dotter av Hans Hess Halvorson og Karen Ingebrigtsdotter. Margrethe skal ha vokse opp hjå hotelleigar Lindstrøm på Lærdalsøyri i Lærdal, men flytte sidan til Bergen der ho 4.9.1898 fekk ei dotter Hanne med ein maskinist Ludvig Bernhard Ellingsen. Ho budde framleis i Bergen i 1902 (ifølgje eit skifte), men flytte so til Christiania!

 

Der finn me ho i 1910 som første person i Storgata 33 på "Landsfængsel og Arbeidshus for Kvinder" (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392232495).

 

Margrethe kom visstnok aldri attende til Vestlandet, men er det mogeleg å finna ut noko som helst om lagnaden hennar? Kanskje Aftenposten kan bidra med noko?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ingen har førebels kommentert dette emnet, og med angst for at det skal verta heilt gløymt, tillet eg meg i kveld å leggja det ut på ny! Kanskje er det nokon som har andre tilgjengelege kjelder og som kan hjelpa oss med å finna lagnaden til denne jenta?

 

På førehand takkar eg hjarteleg alle for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det ser ut til at denne jenta ikkje skal vera mogeleg å finna att lagnaden til. So truleg lyt me prenta bygdeboki vår utan soga til Margrethe... Eller kjem det kanskje ein reddande "engel" i siste augneblinken?

 

Takksemdi mi ville vera berre heilt enorm om nokon greidde å løysa dette problemet!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane, bygdebokskrivar Luster kommune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Solveig R Håklev

Margrethe ble understøttet av Kristiania fattigvesen i 1909

 

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo by, Fattigvesenet, Hjemstavnsregister 28 (OB/A-20045/F/Fb/L0028), 1909-1909, oppb: Oslo Byarkiv.

Merknader: Hjemstavnsregister

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/59782/63/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-od20120202616336.jpg

 

Kan det være flere opplysninger i protokollen i Oslo byarkiv.......

 

 

Mulig datter Liv ?

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Rikshospitalet, Ministerialbok nr. F 0014 (1909-1912), Fødte og døpte 1909, side 9.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1843&idx_id=1843&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-10

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050830030737.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Gleda mi kan knapt nok uttrykkast! Hjarteleg takk til deg, Solveig, for kjempeflotte opplysningar! So hadde altso Margrethe ogso ei dotter i Christiania, og ho var busett i Christiania på den tidi ho vart fengsla!

 

Eg ser ikkje noko til Liv i FT1910, men som du seier, kanskje kan Byarkivet finna ut meir? Men ein lyt kanskje gå dit sjølv?

 

Me kan jo òg vona at Riksarkivet finn fleire opplysningar i fangeprotokollane...

 

Nok ein stor takk til Solveig for kjempeopplysningar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alexander Glasø

Det er ingen treff på Margrethe Hansdatter Hess, Margrete Hess, Margrethe Hess, osv som tilsier at hun ble omtalt i Aftenposten dessverre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alexander og Solveig for nye innlegg!

 

Då er med andre ord Margrethe ikkje nemnd i Aftenposten, og eg har heller ikkje funne ho nemnd i dei eldre adressebøkene for Christiania som ligg på nettet (og som eg nettopp har oppdaga!)

 

Eg har i ettermiddag vore i kontakt med Byarkivet, men dei har diverre ikkje høve til å gjera enkle oppslag over telefonen. Ein lyt skriva til dei, og dei har tre veker handsamingstid!! Då vert det for seint til å komma med i denne bygdeboki!!

 

Å finna nokon som kan vitja Byarkivet før dei stenger lesesalen i dag kl. 18:00, er vel urealistisk, men kanskje finn Riksarkivet noko i arkivet etter fengelet...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag fått svar frå Riksarkivet på spørsmålet mitt om opplysningar frå Landsfengselet for kvinner (http://forum.arkivverket.no/topic/187887-arkivet-etter-landsfengselet-for-kvinner-margrethe-hess-1910/page__gopid__1591359#entry1591359), og dette var skikkeleg spennande. Margrethe hadde eit langt rulleblad å svara for, og det ser ut til at ho var inn og ut av fengsel i mange år. Men so sluttar rullebladet hennar i 1917 (eller 1918), so kanskje døydde ho på den tidi? Ho har vel neppe gift seg og teke eit anna namn?

 

Det er truleg mogeleg å finna fleire opplysningar, til dømes i Byarkivet; eg veit ikkje, men kanskje er det nokon som har fleire tips å komma med?

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kjell for siste innlegg! Jau, eg har freista ulike adressebøker, men finn ikke Margrethe nemnd so mykje som ein einaste gong! Det ser ut til at ho har halde seg godt "skjult" frå "almogen"!

 

Elles er eg i gong med å lesa gjennmom dokumenti frå Fattigvesenet. og på første sida les eg at Margrethe ei tid budde i Sarpsborg der ho arbeidde på Glommens Industrifabrik og gifte seg 13.1.1902 med svensk sjømann Olaf Johansen, fødd i Stockholm 1875. Men mannen forsvann etter kort tid!

 

Kanskje denne vigsli kan finnast?

 

Dette forklarer òg kvifor Margrethe stundom vart kalla JOHANSEN... Kanskje ho har nytta dette namnet vidare etter 1917?

 

Kanskje finn eg meir når eg les vidare, men det lyt venta til seinare i kveld. No står eg på farten og skal ut...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tom Larsen.

Hva med Oslo folkeregister's Hovedkort på personer i Oslo, (Folkeregistret startet 1906) hvis kortet hennes er bevart bør det stå noe om henne der, gift, flyttet, død. etc. Folkeregistrets hovedkort mener jeg ligger på Riksarkivet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tom for spennande forslag. Eg var nylig i kontakt med Riksarkivet om ei liknande sak, men den gongen var det lite å finna. Eg vil gjerne freista på ny med Margrethe!

 

Elles har eg no studert papiri frå Fattigvesenet i Christiania noko nærare, og her er det spennande ting å finna:

 

Her står mellom anna å lesa:

 

"Varetægtsfange Margrethe Hansen Hes er 6.10.1904 omskrevet fra Kra. Distriktfængsel angaaende hendes Barns Død i Distriktfængslet 5.10.1904, anførte Barn er født på F.S. 18.8.1904."

 

Og i kyrkjeboki frå Rikshospitalet finn eg ein son Birger fødd 18.8.1904 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1879&idx_id=1879&uid=ny&idx_side=-32) av foreldri ugift mekanikus Tønnes Martinus Tønnessen og FRASKILT QV(?) Magrethe Johansen Hess f. Hansen. Men dødsfallet til guten finn eg ikkje. Kvar kan no det vera innført?

 

Margrethe forklarar elles sjølv (truleg i oktober 1904?) at ho var komi til Christiania hausten 1890 for å gå på Industriskulen. Sidan hadde ho hatt arbeid som syerske og butt ulike stader i landet, m.a. òg i Christiania, tl ho i april 1901 kom til Sarpsborg for å arbeida på Glommens Industrifabrik. "Medens hun var der påstår hun at hun den 13.1.1902 blev viet til svensk Sømand Olaf Johansen; denne var efter sin egen Forkl. f. 1875 i Stockholm, hun kan ikke give mer Oplysning om ham, hun boede sammen med ham i Sarpsborg til April 02 da han igjen tog tilsøes, og hun har ikke siden havt noget Kjendskab til ham."

 

Margrethe flytte i mai 1902 attende til Christiania og hadde sidan arbeitt der som syerske.

 

Då Margrethe i 1909 på ny vart "eksamineret", kom ho med ei noko anna versjon av kvar ho hadde vore: Då seier ho at ho hausten 1901 flytte til Bergen og budde hjå mor si fram til sommaren 1902, og at ho då flytte til Christiania! Men dette var jo på den tidi ho påstod at ho hadde gift seg med den svenske sjømannen Olaf Johansen og budde i Sarpsborg!

 

Mori døydde i Bergen 16.4.1902, so det ville ikkje vera so underleg at Margrethe då var heime med ho, men ho kan vel ikkje ha vore i Bergen heile tidi? Eller kvar skjedde denne vigsli med Olav Johansen? I Bergen gifte dei seg i alle fall IKKJE.

 

Spørsmål i kveld:

 

* Kvar er dødsfallet til Birger frå Distrtiktfengselet i Christiania 1904 innnført?

 

* Og kvar er vigsli til Margrethe med sjømann Olef Johansen frå Stockholm?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bringa meg vidare i oversynet over lagnaden til Margrethe!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

I Dødsfallprotokollen står det at 1 1/2 måned gamle Birger døde i Kristiania Kretsfengsel, men ellers ikke nye opplysninger:

Oslo fylke, Oslo skifterett, Avd. I, Dødsfallsprotokoll B 2 , 1903-1905, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27267/161/

(nr. 1321)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tom Larsen.

Paulus menighet kirkebok 1897-1908, side 148, nr 108. Gb. Birger Hess, Får ikke til en link. Tom

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise og Tom for spennande og nyttige opplysningar om vesle Birger! Eg har vanskar med å lesa dødsòrsaki; det ser ut som "feterus" eitt eller anna, men so viktig er det eigentleg ikkje...

 

Uansett, me har eitt problem færre å jobba med!

 

So er det denne vigsli då, som Margrethe påstod fann stad, medan ho budde i Sarpsborg. Eg finn ikkje spor etter noki vigsle i Sarpsborg mellom 1901 og 1903, korkje kyrkjeleg eller som dissentarar, so eg vil leggja ut spørsmålet om vigsli i eige tema for kanskje å få merksemd frå andre brukarar med spesialinteresse i Austfold! Kanskje gifte dei seg i eitt av naboprestegjeldi?

 

Elles har eg i dag lagt ut eit spørsmål til Statsarkivet om lagnaden hennar Margrethe. Kanskje er me heldige...!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Leser dødsårsaken til Birger: Tetanus Neonator (tror det er stivkrampe hos nyfødte)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for spennande melding. Margrethe miste visstnok alle dei tre borni ho fekk kort etter fødslene...

 

So no kan me konsentrera oss om å leita etter vigsli hennar Margrethe og sjølvsagt òg lagnaden hennar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

I kopien av innførslene hennes i fangeprotokollene fra Landsfengselet for kvinner, protokollene Gg-0007-0009 syns jeg det sto at hun hadde 4 ekte og 2 uekte barn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nytt godt innlegg!

 

I papiri frå fengselet er det tre ulike sider der det vert spurt etter born. På den første forhøret frå oktober 1904 trur eg det 4-talet som du ser, Sven, er ei oppattaking eller ei "annulering". Det ville jo vera komplett ulogisk at ei ugift jente skulle ha fire "ekte" born! Rett nok hadde ho etter eige utsegn vore gift med svensken Olaf Johansen, men ekteskapet varte berre ein par månader, i beste fall!

 

I dette første forhøret står det òg at Margrethe hadde "(2) uægte" born med merknad "(døde)". Då var Birger nettopp avliden, og ho hadde òg ei dotter døypt i Bergen som òg må vera avlidi kort etter fødsli(?).

 

I neste forhør frå 1906 heiter det tydeleg at Margrethe hadde "(2) uægte" born med merknad "(døde)". Der står det ikkje noko om "ekte" born i det heile.

 

I det tredje forhøret frå 1913 er spørsmålet medteke, men ikkje svart på! Ho må då ha vore mor til TRE born, men det tredje barnet sitt fekk jo Margrethe først i 1909!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

http://digitalarkive...g00000000800705

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. E 1 (1893-1905), Døde og begravede 1898, side 85.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2025&idx_id=2025&uid=ny&idx_side=-85

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815010291.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

I følgje Aftenposten (10/1 41) var fhv. massøse frøken Margrethe Hansen f. 1859.

 

AP 9/1 41: Min kjære søster Margrethe Hanssen døde idag. Oslo, 8. januar 1941. På familiens og egne vegne Marie Jervell.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Om ho i 1947 står følgjande:

 

post-77-0-76071300-1385052236_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.