Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christopher Pederson Fallebø i Gulen - kven var kona sine tre første ektemakar? - born etter ho?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har studert lenge på opphavet til ein gardbrukar i Gulen med namn Christopgher Pederson på garden Fallebø (sjå mellom anna tema i gamalt Brukarforum #44783 - http://forum.arkivverket.no/topic/130246-44783-christopher-pederson-falleboe-i-gulen-foedd-kring-1728-kvar-kom-no-han-ifraa/page__p__1069582__hl__+falleb%F8#entry1069582), og eg er eter kvart komen til at han SVÆRT TRULEG er frå plassen Botnen under garden Hillestad i Hafslo.

 

No er eg på leiting etter opplysningar om kona hans og dei tre første ektemakane hennar. Eg attgjev følgjande tekst frå manuskriptet mitt og vonar på at einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare? Noko burde vel står i bygdeboki for Gulen, vil eg tru...

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Pederson, truleg døypt i Hafslo 30.5.1728, flytte visstnok i ung alder til Gulen der han 4.7.1755 gifte seg med enkja Kari Knutsdotter, opphavleg frå Vatne i Gulen. Ho var dotter av gardbrukar Knut Gunderson på Vatne og kona Eli Johnsdotter frå Vatne og f. i Gulen kring 1717. Ho gifte seg første gongen i Gulen 18.7.1738 med gardbrukar Ole Erikson frå Fallebø i Gulen. Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? . før 1743)

 

So gifte Kari seg att i Gulen 1.9.1743 med Lasse Pederson frå Orvedal i Gulen.

 

##### (eller er det Orvedal i Vik?)

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

Kari gifte seg so tredje gongen

 

##### (dato og stad for tredje vigsli? – kan henda Gulen 17.7.1751 med ein Jens Johannesson, dato frå FamilySearch, men eg finn ikke vigsli i kyrkjeboki!!)

 

##### (namnet på tredje mannen?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1755!)

 

Alle desse ektemakane hennar var gardbrukarar på Falleblø i Gulen, ein etter hin

 

##### (skal vera omskrivne i Bygdebok for Gulen, band I på side 185?)

 

Christopher tok over som gardbrukar på Fallebø då han gifte seg med Kari, og dei vart buande på garden levetidi ut. Kari vart gravlagd frå Fallebø 6.1.1793, medan Christopher vart gravlagd same staden 16.2.1801.

 

##### (talet på born fødde av Kari og dei tre første ektemakane hennar?)

 

medan ho i ekteskapet med Christopher fekk ei dotter:

 

a. Helga Christophersdotter, døypt i Gule 24.8.1755, d. som kårkone på Fallebø 21.10.1825. Ho gifte seg i Gulen 18.7.1785 med Lars Hansson frå Vatne i Gulen, døypt i Gulen 18.12.1748. Han d. som kårenkjemann på Fallebø 10.11.1830. Helga og Lars tok over som gardbrukarar på Fallebø i Gulen og fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Fallabø b.nr.2:

 

Ola Eriksen (sønn av Erik Aslaksen Fallabø f 1673 og Lusie Persdatter Vatne) giftet seg juli 1738 med Kari Knutsdatter Vatne. Det var skifte etter Ola 10 sept 1742. Barn:

Eli f 1739

Aslak f 1741

 

Enken Kari Knutsdatter g II 1 sept 1743 med Lasse Persson Årvedal. Det var skifte etter Lasse 9 sept 1750. Barn:

Ola f 1744 g 1770 med enken Berthe Larsdatter Vatne

Per f 1748 g 1784 med Ingeborg Hansdatter Vyrkjesdal

 

Enken Kari Knutsdatter g III 13 juli 1751 med Jens Johanson Kråkås, men allerede 30 juli 1752 var det skifte etter Jens. Barn:

Jens f 1752 g 1784 med Kari Hansdatter Vyrkjesdal

 

Enken Kari Knutsdatter g IV 4 juli 1755 Christopher Persson Rød. Kari døde 6 jan 1793, Kristoffer 16 febr 1801. Barn:

Helge (Helga) f 1755

Guri f 1770

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Gulen BB III, Glavær Nordre:

 

Christopher Persson g 4 juli 1755 med Kari Knutsdatter Fallebø. Sønn av Per Rasmussen Glavær.

 

Per gift I med NN - 5 barn.

Per giftet seg II 27 des 1707 med Marthe Olsdatter S. Høyvik. Begge levde i 1715.

Men 7 juli 1720 g Per seg III med Marthe Johannesdatter Straume. Per døde trolig i 1727, Enken Marthe g seg II med Sjur Jonsson Ånneland.

 

BB sier TRULEGE barn fra Pers ekteskap II var:

Kari, gift 1729 med Hans Hille

Kristen

Sigrid

Christopher

 

 

Per

 

Gulen BB III, Glavær Nordre:

 

Christopher Persson g 4 juli 1755 med Kari Knutsdatter Fallebø. Sønn av Per Rasmussen Glavær.

 

Per gift I med NN - 5 barn.

Per giftet seg II 27 des 1707 med Marthe Olsdatter S. Høyvik. Begge levde i 1715.

Men 7 juli 1720 g Per seg III med Marthe Johannesdatter Straume. Per døde trolig i 1727, Enken Marthe g seg II med Sjur Jonsson Ånneland.

 

BB sier TRULEGE barn fra Pers ekteskap II var:

Kari, gift 1729 med Hans Hille

Kristen

Sigrid

Christopher

 

 

Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og interessante innlegg!

 

Forn det første har eg funne pro på at Christopher Fallebø verkeleg var frå Hafslo: Då det i 1787 vart halde skifte etter Nils Pederson Næset i Hafslo (1731-1786), let han etter seg to søsken, mellom anna broren Christopher Pederson på "Fallabøe i Ladvig skibrede i ytre Sogn". So då er den saki avklart!

 

Elles gjeld det å finna litt meir opplysningar om desse ektemakane hennar Kari, kanskje særleg om Jens Johannesson...

 

Eg ser forresten du nemner ei dotter Guri Christophersdotter Fallebø fødd 1770, men ho kan ikkje sjå nokon annan stad! Mori ville då ha vore 57 år - det er vel litt i drygaste laget...?

 

Eg har elles i kveld "kava" meg gjennom mange sider med kyrkjebøker i Gulen med tildels svært vanskeleg skrift, og her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Pederson, truleg døypt i Hafslo 30.5.1728, flytte i ung alder til Gulen der han 4.7.1755 gifte seg med enkja Kari Knutsdotter, opphavleg frå Vatne i Gulen. Ho var dotter av gardbrukar Knut Gunderson på Vatne og kona Eli Johnsdotter frå Vatne og vart døypt frå Sæternes i Gulen 12.10.1713. Ho gifte seg første gongen i Gulen 18.7.1738 med Ole Erikson frå Fallabø i Gulen. Han var son av gardbrukar Erik Aslakson på Fallabø og kona Lucia Pedersdotter frå Vatne og vart døypt i Gulen 20.5.1709. Han vart gravlagd frå Fallabø 15.4.1742, og Kari gifte seg att i Gulen 1.9.1743 med Lasse Pederson frå Orvedal i Vik. Han var son av gardbrukar Peder Lasseson på Orvedal og kona

 

##### (kven var ho?)

 

og f. i Vik kring 1699. Han vart gravlagd frå Fallabø 14.6.1750, og Kari gifte seg so tredje gongen i Gulen 17.7.1751 med Jens Johannesson frå Kråkås i Solund.

 

##### (kan dette vera rett? – ikkje noko er nemnt under Kråkås om denne karen! )

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans? - ?Johannes Rasmusson på Grimstad, opphavleg frå Kråkås, og Guri Øyvindsdotter frå Grimstad? – vigde 1714?)

 

og f. i Gulen kring 1726.

 

##### (kan han vera døypt på Grimstad i Gulen 14.4.1726?)

 

Man han vart gravlagd frå Fallabø alt 7.5.1752. Ole Erikson tok over som gardbrukar på heimebruket sitt på Fallabø i Gulen, og dette bruket dreiv både Lasse, Jens og Christopher etter kvart som dei gifte seg med enkja Kari. Christopher og Kari vart buande på Fallabø levetidi ut. Kari vart gravlagd frå Fallebø 6.1.1793, medan Christopher vart gravlagd same staden 16.2.1801. Kari fekk i alt seks born, to frå kvart av dei første ekteskapi og eitt frå det tredje, medan ho i ekteskapet med Christopher fekk denne dotteri:

 

a. Helga Christophersdotter, døypt i Gulen 24.8.1755, d. som kårkone på Fallabø 21.10.1825. Ho gifte seg i Gulen 18.7.1785 med Lars Hansson frå Vatne i Gulen, døypt i Gulen 18.12.1748. Han d. som kårenkjemann på Fallabø 10.11.1830. Helga og Lars tok over som gardbrukarar på Fallabø i Gulen og fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle positiv bidrag og vonar meir enn nokosinne på at denne huslyden skal kunne verta so nokolunde komplett...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Jeg har ikke BB'er fra Vik, så spørsmål 1 og 2 kan jeg ikke svare på. 'Mystiske' Jens kan ikke være sønn av Johannes og Guri, fra BB'en:

Enka Guri Eivindsdatter (f på Slengesol) g seg II med Johannes Rasmussen Kråkås fra Solund. HAN hadde datteren Boel, ingen barn med Guri. Guri hadde fra før sønnen Jon som g seg 1725 med Guri Olsdatter Sleire.

Guri g seg III med Mikkel Ivarssen Mjømna, de fikk datteren Brite.

 

--

Guri f 1770 - kanskje det er en trykkfeil for 1760?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete for gode og nyttige kommentarar.

 

Då vil eg stryka mine "teoriar" kring Jens Johannesson frå Kråkås. Han må ha eit anna opphav; kan henda er ogso han flytt til Gulen/Solund frå indre Sogn? Men han vert nok vanskeleg å identifisera...

 

Elles finn eg ikkje noki Guri med far Christopher i Gulen mellom 1755 og 1770. Helga i 1755 er det EINASTE barnet født i Gulen med far Christopher! I alle fall om me skal tru FamilySearch, og registeri til FamilySearch tykkjest vera ganske so fullstendege for denne perioden... MEN, 100% sikker kan ein vel ikkje vera... Elles hadde Lasse og Kari ifølgje FamilySearch TRE born i lag, Ole 1745, Peder I 1747 og Peder II 1749. Peder I døydde i 1748. Men eg hugsar Ivar Kleiva fortalte eg ein gong at han systematisk utelet born som døydde i ung alder....

 

Eg lyt vel kontakta ein Vikja-ekspert når det gjeld opphavet til Lasse Pederson frå Orvedal...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no fått attendemelding frå ein vikjaekspert som fortel at Lasse Pederson frå Orvedal var son av Peder Lasseson frå Undi og kona Britha Iversdotter frå Bø. Lasse er forresten nemnd som bjørnejegar i 1741.

 

Med dette er problemi kring Lasse løyste, men den tredje mannen til Kari på Fallabø, Jens Johannesson, står framleis som eit stort mysterium. Seier ikkje bygdeboki for Gulen heller noko meir om opphavet hans? Eller andre Gulen-ekspertar?

 

Eg takkar på ny for alle tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Ser ikkje ut til at Jens Johannesson er frå Kråkås eller at han er fødd nokon annan stad i Solund. I så fall er han ikkje komen med i kyrkjeboka. Han har nok berre vore dreng i Kråkås på den tid han gifte seg til Falebø. Då kan det godt vera at du har rett i at han kan vera komen frå Indre Sogn.

 

Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf for nytt spennande innlegg!

 

Om ikkje du, Alf, greier identifisera Jens Johannesson, so veit ikkje eg kven me kan spørra om hjelp i denne saki. Eg får ingen gode treff i fødselsbasen til Fylkesarkivet, men basen er ikkje heilt komplett. Han kan jo teoretisk òg vera frå Nordhordland...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Jeg drar denne frem i lyset igjen.

 

Jeg ser du er tvilende til om Guri Christophersdtr. f. ca. 1770 var datter av Christopher Pederson og Kari Knudsdtr. Vatne/Fallebø.

 

Den 03.03.1795 døper Guri Christophersdtr. Fallebø en sønn Christopher Mathiasson. Faren var oppgitt til Mathias Aanunson  trolig født rund 1773.

 

Den samme Guri Christophersdtr. får ytterligere et barn utenom ekteskap i 1802. Da var hun i tjeneste på Losnøen. Datteren Gjertrud ble døpt 04.07.1802 og faren var Anders Andersson Kirkøen.

 

Dåpen 1795, se omlag mift på høyre side. Fadderne var fra Fallebø og Vatne.

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070111350800.jpg

 

dåpen fra 1802, øverst høyre side

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070111350882.jpg

 

Jeg skal ikke påstå noe vedr. Guri's opphav, men der er i alle fall bånd til både Fallebø og Vatne.

 

Kan det tenkes at dåpen til Kari Knudsdtr. er feil. Jeg har notert 1717 i en gammel notisbok, men kan ikke erindre hvor jeg har den opplysningen fra. Det kan jo også tenkes at Guri er født før 1770. Aldersbeskrivelse i 1801 tellingen er ikke alltid å stole på.

 

Guri i 1801 tellingen.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011411&gardpostnr=121&personpostnr=1790&merk=1790#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for siste innlegget frå sist torsdag!

 

Eg har no omsider finne høve til å sjå litt meir på denne saki, men eg kan med beste vilje ikkje greia å plassera noki Guri som dotter av Christopher Pederson og Kari Knutsdotter på Fallabø!  Her er for ordens skyld eit oppdatert manuskript for denne huslyden, som faktisk syner at Kari Knutsdotter var endå eldre enn det me før har trudd...:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Pederson {Botnen}, truleg døypt {i Hafslo} 30.5.1728,

Christopher Pederson flytte i ung alder til Gulen der han 4.7.1755 gifte seg med enkja Kari Knutsdotter, opphavleg frå Vatne i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Gunderson på Vatne og kona Eli Johnsdotter frå Vatne og vart døypt frå Sæternes i Gulen 12.10.1713.  Ho gifte seg første gongen i Gulen 18.7.1738 med Ole Erikson frå Fallabø i Gulen.  Han var son av gardbrukar Erik Aslakson på Fallabø og kona Lucia Pedersdotter frå Vatne og vart døypt i Gulen 20.5.1709.  Han vart gravlagd frå Fallabø 15.4.1742, og Kari gifte seg att i Gulen 1.9.1743 med Lasse Pederson frå Orvedal i Vik.  Han var son av gardbrukar Peder Lasseson på Orvedal, opphavleg frå Undi, og kona Britha Iversdotter frå Bø og f. i Vik kring 1699.  Han vart gravlagd frå Fallabø 14.6.1750, og Kari gifte seg so tredje gongen i Gulen 17.7.1751 med ein Jens Johannesson som den gongen budde på Kråkås i Solund, men som me ikkje kjenner opphavet til. 

 

##### (opplysningar om opphavet hans?)

 

Han var f. kring 1726, men vart gravlagd frå Fallabø alt 7.5.1752.  Ole Erikson tok over som gardbrukar på heimebruket sitt på Fallabø i Gulen, og dette bruket dreiv både Lasse, Jens og Christopher etter kvart som dei gifte seg med enkja Kari.  Christopher og Kari vart buande på Fallabø levetidi ut.  Kari vart gravlagd frå Fallabø 6.1.1793, medan Christopher vart gravlagd same staden 16.2.1801.  Kari fekk i alt sju born, to frå første ekteskapet, tre frå det andre og eitt frå det tredje, medan ho i ekteskapet med Christopher fekk denne dotteri:

a. Helga Christophersdotter, døypt i Gulen 24.8.1755, d. som kårkone på Fallabø 21.10.1825.  Ho gifte seg i Gulen 18.7.1785 med Lars Hansson frå Vatne i Gulen, døypt i Gulen 18.12.1748.  Han d. som kårenkjemann på Fallabø 10.11.1830.  Helga og Lars tok over som gardbrukarar på Fallabø i Gulen og fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

MEN, eg vil ikkje sjå bort ifrå at Guri kan vera ei dotter som Christopher fekk utanfor ekteskap som «gift mann».  Men i so fall bør det vel finnast ei tingsak om dette?  I kyrkjeboki er barnedåpen i alle fall ikkje innført...  Me har jo sett fleire døme på at ein og annan gardbrukar eller fiskar med koner som er «godt vaksne», har gjort eit aldri so lite «sidesprang»...

 

Eg vonar det let seg gjera å finna eit svar på denne gåta og ønskjer deg Rune lukke til i vidare freistnadar!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.