Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Eikenes/Lote/Torheim/Skeistrand osv - nokre mobile personar i Gloppen/Eid på 1700-talet.

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Gullbrand Kristofferson Eikenes var fødd i 1700på garden Eikenes i Gloppen. Han var langt ute i barnerekkja, så han måtte finne seg bustad andre stader. Han gifte seg i Gloppen i januar 1727 med Randi Filippusdtr Lote (noverande Eid kommune). Det har nok vore på høg tid, for allereie i mars er sonen Kristoffer gravlagd, 16 dagar gammal. Dåpen ser ikkje ut til å vere registrert.

 

Fleire barn finn eg ikkje etter dei i Gloppen. I 1745 er Randi Filippusdtr Torheim gravlagd i Davik, og i 1746 gifter Gullbrand Kristofferson Torheim seg i Eid med Kari Amunddtr Stårheim.

 

Her kjem mitt fyrste spørsmål: Eg er nokså sikker på at Kari Amunddtr Stårheim er dotter til Amund Arneson Stårheim og kona Barbrå Guttormsdtr Tippen, men eg manglar det endelege provet. Er det nokon som har det?

 

I tida mellom 1727 og 1745 finn eg ingen døypte eller gravlagde born etter Gullbrand og Randi, men i 1746 er det ein konfirmant i Vereidskyrkja i Gloppen som heiter Ola Gullbrandson Torheim. Han gifter seg seinare med Brite Jondtr Devik, og kallar eldste dottera for Randi (han bur då på Holme i Hyen). Han døyr på garden Skeistrand i Gloppen i 1789, og skiftet etter han avslører ikkje noko om opphavet hans. Han etterlet seg døtrene Randi Olsdtr - i 1801 er ho tenestejente på Skeistrand, og eg har sidan ikkje funne henne - og Brite Olsdtr - henne har eg ikkje sett etter skiftet i 1789; der er ingen passande kandidat i Gloppen i 1801. Så då har eg spørsmål nr 2 og 3:

 

Har vi eit endeleg prov på at Ola Gullbrandson Torheim = Ola Gullbrandson Skeistrand = son til Gullbrand Kristofferson og Randi Filippusdtr?

 

Og kvar vart det av systrene Randi Olsdtr (f.1762 på Holme i Gloppen) og Brite Olsdtr (f.1764 på Holme) - etter skiftet etter faren på Skeistrand i Gloppen i 1789? Randi er på Skeistrand i 1801.

 

I dette skiftet på Skeistrand må det finnast nye formyndarar til to personar som Ola tidlegare hadde vore utnemnt til verje for. Den eine er Magnhild Andersdtr Skeistrand på nabogarden, og den andre er Brite Olsdtr Holme. Men eg finn inga anna Brite Olsdtr Holme enn Ola si eiga dotter i 1764 - ?

 

Kven er den andre Brite Olsdtr Holme?

 

Gullbrand og kone nr 2 Kari Amunddtr. får barnet Randi på Lote i 1747. Ho gifter seg i Gloppen i 1760 med Steffen Olsson Sande. Eg kan ikkje forstå anna enn at det må vere dei som er i Bergen i 1801, sjølv om alderen er 10 år feil på begge. Dei hadde sonen Gullbrand Steffenson, f. 1780 i Gloppen, og død 1786 i Bergen - og dottera Alet, fødd 1787 - henne har eg ikkje sett seinare, men eg finn ei "Steffen Olsens datt" som er gravlagt 4 år gammal i 1792; uansett er ho nok død før 1801 då ho elles ville vore med foreldra.

 

Men kvar og når døydde Steffen Olsson (Sande) og Randi Gullbrandsdtr? I Bergen, eller har dei flytta?

 

Neste barn av Gullbrand og Kari er Barbrå, fødd og død på Årskog i 1748.

 

Deretter kjem Kari i 1751 - henne har eg kobla til konfirmasjonsinnførsla av "Kari Gullbrandsdtr Skeistrand" i 1766.

 

Er denne koblinga rett - og kvar er Kari Gullbrandsdtr seinare? Ho burde vere rundt 50 år i 1801.

 

I 1759 døyr ei Kari Amunddtr Lote i Gloppen, 50 år gammal. Eg har kobla denne innførsla til "vår" Kari Amunddtr. Gullbrand Kristofferson ser eg ikkje i Gloppen seinare.

 

Er det rett Kari Amunddtr som er død i 1759 - og kvar og når døyr Gullbrand Kristofferson?

 

Eg takkar hjerteleg for alle innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.