Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

SF Hope, Gloppen: kaos kring 1745

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Eg har ei skikkeleg nøtt her som plagar meg, og eg håpar nokon kan gje meg eit nytt syn på denne.

 

Utgangspunktet er ein dåp i 1745. Her ser vi at drengebarnet Ole er døypt på høgre side. Foreldra er Ola Rasmusson Hope og Dorte Olsdtr.

 

Fadderane vi finn er Ola Olsson Straume, Markus Martinson Hope, Ola Rasmusson Hope (!), Dorte Olsdtr ibid (!!) og Anne Rasmusdtr Eimhjellen.

 

Foreldre kan ikkje vere fadrar til eige barn, så her må det vere snakk om to ulike Ola Rasmusson og Dorte Olsdtr Hope.

 

I basen min har eg Dorte Olsdtr Hope, 1697-1782. Ho får neppe barn i 1745, og ho er dermed mest aktuell som fadder. I 1745 er ho gift med Lars Rasmusson Hope, og fyrste ekteskapet hennar var med Ola Rasmusson Hope (f.Skeistrand) som døydde allereie i 1731.

 

Så har eg ein Ola Rasmusson Hope (1721-1780) som kan vere fadder eller far, men kona hans i 1745 heiter Magdeli Olsdtr.

 

Det kan vere freistande å seie at presten må ha rota - han meiner Magdeli, ikkje Dorte, som namn på mora. Men den snarvegen må vere siste utveg! Og denne Ola kan uansett ikkje vere BÅDE fadder og far - så kven er den andre Ola R?

 

Er det nokon som har betre oversikt enn eg over hyarane på denne tida?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.