Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Oppslag i kyrkjebok Aurland?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Kyrkjebøkene er utilgjengelege, og her sit eg med eit "hasteproblem" i Aurland:

 

Johannes Hillestad, 65 år gamal ugift privat skulelærar, var i 1865 busett på Ytre Lid i Aurland. Han er rett nok oppgjeven fødd i Aurland, men det finst ikkje nokon gard Hillestad i Aurland! Eg har ein sterk mistanke om at dette er underoffiseren frå Hafslo, som i 1820-åri budde i Bergen!

 

Han må vera avliden i Aurland mellom 1865 og 1885.

 

* Er det mogeleg å finna ein dato og stad for dødsfallet hans? Kva er oppgjeve som namn, dødsdato, titel, alder, fødestad og bustad?

 

* Finst det kan henda ei dødsmelding for han? Kven er oppgjevne som ervingar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Aurland, Ministerialbok nr. A 11 (1857-1879), Døde og begravede 1878, side 39.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6816&idx_id=6816&uid=ny&idx_side=-40

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070109370296.jpg

 

Nr 2 i 1878

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit kjempemessig innlegg! Eg kan ikkje forstå anna enn at dette berre må vera "vår" mann, sjølv om alderen ikkje stemmer heilt! Eg er imponert! Dette tyder altso at kyrkjebøkene må vera attende på nettet, men systemet går svært "tregt", i alle fall hjå meg...

 

For å vera heilt sikker, vil eg likevel be Statsarkivet om å leita fram dødsmeldingi for Johannes Hillestad frå Aurland 18.1.1878. Kven står der som ervingar?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Flåm i Aurland, Klokkerbok nr. B 1 (1868-1887), Døde og begravede 1876-1879, side 37.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-34

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70320620269.jpg

 

Nr. 1 1878

 

pensioneret Underoffiser J. Hillestad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for kjempeflott innlegg som er eit endeleg prov på at Johannes Hillestad i Aurland var underoffiseren "vår" frå Hafslo og Bergen! Med dette er problemet endeleg løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.