Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Sjurson Botnen, fødd i Hafslo 1739, konfirmert i Hafslo 1759 - forsvinn so frå bygdi - til Leikanger eller Fjaler?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Peder Sjurson, eldste son av Sjur Pederson (1712-1768) og kona Christi Pedersdotter (1708-1779), nusmannsfolk i Botnen under Hillestad, vart døypt i Hafslo 26.7.1739 og vart konfirmert i Hafslo i 1759. Etter den tid er han som "sokken i jordi"!

 

Hjå FamilySearch finn eg i Sogn og Fjordane berre fire relevante alternativ i vigselslistene; av dei er ein i Leikanger og tre i Fjaler!

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Siursen

marriage: 19 June 1760, Leikanger, Sogn Og Fjordane, Norway

spouse: Giertrud Olsdr

 

Peder Siursen

marriage: 2 May 1765, Fjaler, Sogn Og Fjordane,Norway

spouse: Anna Olsdr

 

Peder Siursen

marriage: 1766, Fjaler, Sogn Og Fjordane,Norway

spouse: Karen Clemitsdr

 

Peder Siursen

marriage: 1766, Fjaler, Sogn Og Fjordane,Norway

spouse: Martha Jensdr

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Vigsli i Leikanger (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-45) syner at denne Peder Sjurson hadde gardsnamnet Hove, medan kona Gjertrud Olsdotter er kalla Hovland. Ho er truleg frå Kaupanger i Sogndal.

 

Den første vigsli i Fjaler (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8828&idx_id=8828&uid=ny&idx_side=-60) syner at denne Peder heitte Hanæs. Anna har ikkje noko gardsnamn!

 

Den andre vigsli i Fjaler (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8828&idx_id=8828&uid=ny&idx_side=-65) syner at denne Peder Sjurson heitte Orstren, medan kona Karen Clemitsdotter var frå Rivedal.

 

Den siste vigsli i Fjaler (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8828&idx_id=8828&uid=ny&idx_side=-70) synner at denne Peder heitte Kleppenæs. Martha har ikkje noko gardsnamn!

 

So lyt eg appellera til einkvan med lokal kunnskap, anten på Leikanger eller i Fjaler, om dei kan hjelpa meg identifisera nokon av dei nemnde fire kandidatane?

 

Personleg ville eg halda ein "knapp" på Peder Sjurson på Leikanger!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Fjaler:

 

1. Kan det vere Standnes det er snakk om? I bygdeboka finn eg dette:

 

Frå 1701 til 1728: Peder Sifrson. Han var g. m. Brite Olsdtr.

Peder d. 1728. Ved skiftet var desse borna: Ole. Sjur. Anne. Inger.

Sjur Pederson var busitjar 1730-1754. Han var g. m. Brite

Monsdtr. Born: Peder f. 1735. Mons f. 1738. Brite f.1741.

Brite Monsdtr. g. seg att 1755 m. Mons Johannesson Roska frå

Viksdalen, og dei sat med bruket 1755-1762. Mons Johannesson

d. 1762, 36 år. Brite Monsdtr. d. 1763.

Peder Sjurson vart g. 1788 m. Brithe Hansdtr. NjØsen, Gaular.

 

osv.

 

Ser at namnet i databasen frå Fylkesarkivet er registrert som Standnes. Dette såg eg fyrst etter at eg hadde skrive det som står ovanfor. Eg konkluderer med at han kan utelukkast som Hafslovering, og tippar at fyrste kona var død i 1788.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

2. Arresteen = Arstein?

 

Arstein (opphav leg bruk 2 A). Skyld: 1 pd. 6 m.

Mons Sifversen sat med dette bruket enno 1717, men sonen

Anfinn (nemnd 1701) hadde teke mot garden i 1728 og dreiv til

1742. Frå 1742 til 1781 fylgde son til Anfinn, Sjur Anfinnson,

på dette bruket.

I 1781 vart bruk 2 A slege saman med bruk 2 B.

 

Rivedal, br. nr. 4:

 

Frå 1728 vert ei ny ætt busett på garden, med di Klemet

Jakobson f. 1709 er bonde der fram til 1761. Kjeldene gjev

ikkj e opplysning om kvar han var frå. Han vart 1738 g. m. Alet

Olsdtr. Strømmen f. 1709, d. 1757. Born: Jeremias f. 1741, fekk

garden. Janikke f. 1746. Lasse f. 1749, g. 1791 m. Ragnhild Øs-

tensdtr. Asnes. Erik f. 1754. Frå eit tidlegare ektesk. var borna:

Katarina, g. m. Lars Arneson Rivedal. Kari d.y., g. m. Peder

Sjurson Arstein og Kari d.e. som var d. og hadde etter seg ei

dotter, Alet.

leit 3. ektesk. vart Klemet g. 1758 m. Orlaug Olsdtr. Vindheim.

Klemet Jakobson d. 1769. Orlaug Olsdtr. d. 1772, 47 år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

3. Det står vel noko slikt som Martha Jensdtr. ibid.

 

Frå Kleppenes, br. nr. 3:

 

Frå 1742 til 1765 var Sjur Andersson brukar. Han var g. m.

Malene Andersdtr. Born: Hans, g. m. Anna Hansdtr. Rivedal,

husm.folk i Follevåg, Askvoll. Peder, fekk garden. Anders. Brite

og Orlaug.

Sjur Andersson d. 1765.

Son til Sjur Andersson, Peder, f. 1741, fekk garden i tida

1766-1798.

Peder Sjurson vart g. 1) 1766m. Marte Jensdtr. Kleppenes f.

1732, g. 2) m. Anne Ellingsdtr. Oppedal (Viksdalen) f. 1737, d.

1809.Born i lste ektesk. : Jens f 1771, d. 14 år gamal. Cecilie f.

1768. Siste ektesk. var barnlaust.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for nyttige og avklarande innlegg!

 

So vidt eg kan dømma frå desse innleggi, kan me vel utelukka alle dei tre "kandidatane" frå Fjaler! So då sit me att med Peder Sjurson på Hove i Leikanger, som eg trur det kan vera vel verd å sjå litt nærare på!

 

Dødslista for Leikanger har to mogelege:

 

* Peder Sjurson Mundal, gravlagd 6.3.1790, 63 år

 

* Peder Sjurson Tjønn, gravlagd 7.4.1769, 47 år

 

Hmm, ingen av desse passar særleg godt med omsyn til alder

 

So finn eg denne dåpen i Leikanger 7.12.1721 for ein Peder Sjurson HOVE: (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11564&idx_id=11564&uid=ny&idx_side=-151). Alderen høver godt med Peder Sjurson Tjønn, men Peder Sjurson Tjønn og kona Britha Anfindsdotter fekk borni Gjertrud 29.9.1765 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-106) og Anna 4.11.1767 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-145).

 

Kanskje er Gjertrud Olsdotter (Hovland) avlidi og Peder attgift med denne Britha Anfindsdotter? Det er vel ikkje to Peder Sjurson med namnet Hove!?

 

Dette ser vel ikkje so bra ut med omsyn til oppsporing av Peder Sjurson Botnen...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

http://digitalarkive...7&merk=967#ovre

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 2 (1755-1806), Kronologisk liste 1786, side 177-178.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-105

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...50818010578.jpg

 

Er det denne ?

 

 

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=180&filnamn=HAFSVI&gardpostnr=1079&merk=1079#ovre

 

Dette er vel Anna som gifter seg for 2. gang som enke etter Peder?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nytt innlegg!

 

Eg skulle ønskja meg at eg kunne jubla over dette funnet, men diverre er det ikkje rett mann. Det var fleire husmannsplassar i Botnen under Hillestad, og på ein av naboplassane finn me òg ein Peder Sjurson (1763-1791). Han var det som gifte seg med Anna Willumsdotter!

 

So kvar det vart av "den eldre" Peder Sjurson, er framleis ei uløyst gåte...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.