Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johan Fredrik Andreasson Sjøstrøm (1802-1866), skomakar, budde ei tid i Solvorn i Hafslo - kven var han? - frå Finnland?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjimg av tema #78206 frå det gamle Brukarforum: http://forum.arkivverket.no/topic/163547-78206-johan-fr-sjoestroem-1802-g-1834-m-elen-oline-hermansd-laxevaag-finlandlvaag/page__p__1397015__hl__+sj%F8str%F8m%20+%F8yane#entry1397015

 

Eg attgjev følgjande oppdaterte utdrag frå manuskriptet mitt (gnr. 175, Solvorn):

 

~~~~~~~~~~

 

Johan Fredrik Andreasson Sjøstrøm, frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

var son av skomakar Andreas Sjøstrøm og

 

¤¤¤¤¤ (kona hans? – ein bøkkerarbeidsmann Andreas Sjøstrøm, fødd i Göteborg 1763, døydde i Bergen 1840, kan han vera faren?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? - 1802?)

 

Han gifte seg i Hafslo 20.12.1834 med Elen Oline Hermansdotter frå Laksevåg, Askøy. Ho var dotter av tømmermann Herman Andersson på Laxevaag, opphavleg frå Fauske i Gaular, og kona Martha Andersdotter frå Sygnen i Gaular, men f. i Bergen 24.2.1811. Johan Sjøstrøm var nokre år skomakarsvein i Solvorn, men flytte kring 1837 til Sogndalsfjøra i Sogndal og sidan derifrå til Bergen der dei sidan budde levetidi ut. Johan d. i Bergen 5.1.1866, medan Elen Sjøstrøm d. same staden 23.2.1886. Dei fekk fire born i lag:

 

a. Andreas Johan Johanson Sjøstrøm, f. i Hafslo 28.7.1834,

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1866!)

 

b. Hermine Helene Johansdotter Sjøstrøm, f. i Hafslo 7.4.1836, flytte med foreldri til Bergen og d. i Bergen 10.8.1899. Hermine gifte seg første gongen i Bergen 1.11.1857 med Johan Christopher Fredrikson frå Mellingen på Lindås, i Bergen kjend som Johan C. Fredriksen. Han var f. på Lindås 14.4.1834, men d. i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - kring 1864? - ikkje funnen i Bergen!)

 

Johan var matros, og han og Hermine budde i Bergen. Som enkje gifte so Hermine seg 26.9.1869 att i Bergen med enkjemannen Christian Fredrikson, ein bror av første mannen og likeins opphavleg frå Mellingen på Lindås, i Bergen kjend som Christian Fredriksen. Han var f. på Titland i Manger 20.12.1818 og d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - etter 1899! - finn ikkje i Bergen!)

 

Christian gifte seg første gongen i Bergen 26.11.1848 med Henrikke Caroline Hansdotter Ryland, f. i Bergen 7.1.1828. Ho d. i Bergen 12.12.1864. Christian var ølbryggjar i mange år, men vart sidan vognmann, og ogso han og Hermine budde i Bergen levetidi ut. Hermine fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre. Dessutan hadde Christian Fredriksen ni born frå første ekteskapet sitt.

 

c. Fredrik Olaus Johanson Sjøstrøm, f. i Sogndal 13.7.1838, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)

 

Fredrik gifte seg i Bergen 29.6.1862 med Annette Georgine Andreasdotter Gundersen, f. i Fredrikværn (Stavern) 29.7.1840. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1862/1865/1875: styrmann i Bergen – 1900: rigg! Laksevåg!)

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

d. Mathilde Jørgine Johansdotter Sjøstrøm, f. i Bergen 10.3.1841, d. i Bergen 10.6.1842.

 

~~~~~~~~~~

 

Fødestaden til Johan Fredrik Sjøstrøm er IKKJE oppgjeven ved vigsli hans i Hafslo, og ikkje heller finn me han i FT1865 for Bergen då han vitterleg skal ha butt der!

 

Family Search har EITT einaste alternativ:

 

Name: Johan Fredric Siostrom

Gender: Male

Christening Date: 04 Nov 1802

Christening Place: VIAPORI-SVEABORG,VIIPURI,VIIPURI,FINLAND

Birth Date: 03 Nov 1802

Father's Name: Siostrom

Mother's Name: Lisa

 

Kan dette vera vår mann? Kva heitte denne faren frå Finnland til førenamn og var han skomakar?

 

Eg tek fjerne ogso imot utfyllande opplysningar om sønene Andreas og Fredrik og svigersønene CFredriksen og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for spennande innlegg!

 

Eg ser av originalprotokollane at førenamnet til faren manglar og er erstatta av ein militærtitel! Men er det då mogeleg å identifisera desse foreldri? Kanskje vigsli deira kan finnast?

 

Eg held fingri vel krossa og vonar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette har du kanskje fra før, men legger det inn:

 

c. Fredrik Olaus Johanson Sjøstrøm, f. i Sogndal 13.7.1838, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!): http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=LAKS1899&gardpostnr=288&merk=288#ovre

 

Fredrik gifte seg i Bergen 29.6.1862 med Annette Georgine Andreasdotter Gundersen, f. i Fredrikværn (Stavern) 29.7.1840. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!) http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=LAKS1899&gardpostnr=475&merk=475#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kan dette være den Kristian Fredriksen du er på utkikk etter? Nr 28

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. E 1 (1893-1905), Døde og begravede 1900, side 110.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2025&idx_id=2025&uid=ny&idx_side=-111

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815010317.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for nye spennande opplysningar!

 

No tek brikkane til å falla på plass ogso i dette "puslespelet", men framleis er opphavet til Johan Fredrik Sjøstrøm ei gåte - var han frå Finnland, eller kvar var han ifrå?

 

Elles er andre problem lagnadane til eldste sonen Andreas Sjøstrøm og likeins til svigersonen Johan C. Fredriksen?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp og vonar at kanskje fleire detaljar kan dukka opp...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Ang. Johan C. Fredriksen er det opplyst i lysingen for ekteskap i 1869 at han ble borte på sjøen for 6 1/2 år siden, mao i 1863 Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Forlovererklæringer nr. II.5.6 (1863-1870), Lysninger 1869, side 226.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4565&idx_id=4565&uid=ny&idx_side=-229

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060621120229.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for interessante opplysningar om dødsfallet til Johan Fredriksen. Då burde vel dødsfallet hans ha vore nemnt i dødsmeldingsprotokollen for Bergen, men då eg ikkje finn noko der korkje for 1863 eller siste helfti av 1862, stiller eg spørsmålet til Arkivforum for å få sjekka sjømannsrullane...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eitt av dei største "mysteria" kring denne skomakarhuslyden er spørsmålet om opphavet til Johan Fredrik. Det er mykje som tyder på at Johan Fredrik verkeleg var fødd i Finnland, men so har me altso denne:

 

Andreas Sjøstrøm, bødkerarbeidsmann, som døydde i Bergen 16.12.1840, 77 år gamal, "fødd i Gøteborg" (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=1301begr&gardpostnr=33019&merk=33019#ovre).

 

Det finst ingen Sjøstrøm i Bergen i 1815, so huslyden må vera komen dit etter den tid. Då Johan Fredrik gifte seg i Hafslo i 1834, vart faren oppgjeven vera akomakar Andreas Sjøstrøm, men kan det vera skomakaren som sidan er vorten bøkkerarbeidsmann?

 

Og kva med den Sjøstrøm som tydeleg hadde ein militær grad(?) då han fekk sonen Johan Fredrik i Finnland i 1802? Og heitte han Andreas??

 

Eg vil helst tru det er tale om den same Andreas Sjøstrøm i alle kjeldene, men korleis provar me det?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Mulig søster av Johan Fredrik?

En Anders Sjøstrøm hadde en datter, Christine Hedevig, som ble gift i Bergen to ganger:

Første gang i 1840 med Anders Olai Dahle Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. D 1 (1834-1861), Ekteviede 1840, side 26.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8362&idx_id=8362&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-27

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301680310.jpg

Andre gang i 1850 med Axel Delander Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. D 1 (1834-1861), Ekteviede 1850, side 92.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8362&idx_id=8362&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-93

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301680376.jpg

Ved begge vielsene står hun som født 15. oktober 1816 i Olstorp i Sverige. Faren står ved den første vielsen oppført som skipper.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tone Sjøstrøm

Hei!

Mitt navn er Tone Sjøstrøm, og min farfar prøvde i mange år å finne ut hvor Skomaker Johan Fredrik Sjøstrøm ( født i Sogndal i 1802, død i Bergen 5 januar i 1866) kom fra. Muntlig familiehistorie sier at han kom fra Sverige, men dette er ikke funnet bevis for.

Johan Fredrik Sjøstrøm var min farfars tippoldefar, om min tipptipptipp-oldefar.

Mvh Tone

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. og Tone for spennande og interessante innlegg! Spesielt var det hyggeleg å høyra frå Tone som etterkomar etter denne ætti!

 

Det er vel ingen tvil om at Sjøstrøm-namnet opphavleg er svensk, og denne huslyden er nok ein av dei som flytte til Noreg etter at unionen med Sverige var eit faktum i 1814. Me har fleire døme på svenskar som busette seg både i Sogn og i Bergen mellom 1814 og 1840. Johan Fredrik fødd i Viapuri i Finnland i 1802 KAN vera vår mann, Christine Hedvig gift to gonger i Bergen KAN vera søster hans, og sist, men ikkje minst, Andreas Sjøstrøm død i Bergen 1840 KAN vera faren!

 

Andreas Sjøstrøm død i Bergen var bøkkerarbeidsmann og fødd i Gøteborg kring 1763

 

Andreas Sjøstrøm, far til Johan Fredrik, skal ha vore skomakar

 

Anders Sjøstrøm, far til Christine Hedvig. var skipper og budde 1816 i Olstorp i Bergjum sokn, Älvsborgs län i Sverige (frå 1967 Göteborg og Bohus län? - http://www.nemo.nu/namn/sfgt/forsamlingar_b.html)

 

NN Sjøstrøm, far til Johan Fredrik Sjøstrøm fødd i Viapuri i Finnland 1802, hadde tydeleg ein militær tittel, men førenamnet er ukjent.

 

Eitt problem som eg har vore borti fleire gonger i Sverige, er det faktum at slektsnamn (som Sjøstrøm) "plutseleg" dukkar opp i ein generasjon utan å vera nytta av foreldri, og søker me etter Johan Fredrik Andreasson fødde kring 1802, ender me opp med fleire alternativ over heile Sverige...!

 

Elles vil eg spørja deg, Tone, om følgjande detaljar:

 

* Kan du fortelja meg kor mange born som var fødde av paret Fredrik Olaus Sjøstrøm og kona Annette Georgine? Eg veit om seks born, men det kan ha vore fleire...

 

* Kjenner du lagnaden til eldste broren Andreas Johan Sjøstrøm, fødd i Hafslo i 1834?

 

* Dato og stad for dødsfallet til Johan Christopher Fredriksen, første mannen til Hermine Helene Sjøstrøm?

 

So får me vona at opphavet til Johan Fredrik Sjøstrøm dukkar opp...

 

Nok ein stor takk for all hjelp so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tone Sjøstrøm

Hjarteleg takk til Lars J. og Tone for spennande og interessante innlegg! Spesielt var det hyggeleg å høyra frå Tone som etterkomar etter denne ætti!

 

Det er vel ingen tvil om at Sjøstrøm-namnet opphavleg er svensk, og denne huslyden er nok ein av dei som flytte til Noreg etter at unionen med Sverige var eit faktum i 1814. Me har fleire døme på svenskar som busette seg både i Sogn og i Bergen mellom 1814 og 1840. Johan Fredrik fødd i Viapuri i Finnland i 1802 KAN vera vår mann, Christine Hedvig gift to gonger i Bergen KAN vera søster hans, og sist, men ikkje minst, Andreas Sjøstrøm død i Bergen 1840 KAN vera faren!

 

Andreas Sjøstrøm død i Bergen var bøkkerarbeidsmann og fødd i Gøteborg kring 1763

 

Andreas Sjøstrøm, far til Johan Fredrik, skal ha vore skomakar

 

Anders Sjøstrøm, far til Christine Hedvig. var skipper og budde 1816 i Olstorp i Bergjum sokn, Älvsborgs län i Sverige (frå 1967 Göteborg og Bohus län? - http://www.nemo.nu/namn/sfgt/forsamlingar_b.html)

 

NN Sjøstrøm, far til Johan Fredrik Sjøstrøm fødd i Viapuri i Finnland 1802, hadde tydeleg ein militær tittel, men førenamnet er ukjent.

 

Eitt problem som eg har vore borti fleire gonger i Sverige, er det faktum at slektsnamn (som Sjøstrøm) "plutseleg" dukkar opp i ein generasjon utan å vera nytta av foreldri, og søker me etter Johan Fredrik Andreasson fødde kring 1802, ender me opp med fleire alternativ over heile Sverige...!

 

Elles vil eg spørja deg, Tone, om følgjande detaljar:

 

* Kan du fortelja meg kor mange born som var fødde av paret Fredrik Olaus Sjøstrøm og kona Annette Georgine? Eg veit om seks born, men det kan ha vore fleire...

 

* Kjenner du lagnaden til eldste broren Andreas Johan Sjøstrøm, fødd i Hafslo i 1834?

 

* Dato og stad for dødsfallet til Johan Christopher Fredriksen, første mannen til Hermine Helene Sjøstrøm?

 

So får me vona at opphavet til Johan Fredrik Sjøstrøm dukkar opp...

 

Nok ein stor takk for all hjelp so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Hei,

Ser at jeg har oversett svarene her, men lurer på om det er kommet noe mer data frem i forhold til Andreas Sjøstrøm? 

 

Mvh Tone

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tone (og Anne-Lise) for nye innlegg!

 

Eg veit ikkje om noko er dukka opp sidan sist; eg TRUR ikkje her er noko nytt, men eg vil gjerne få syna manuskriptet mitt pr. dags dato.  Kanskje du, Tone, kan svara på nokon av dei attståande spørsmåli?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johan Fredrik Andreasson Sjøstrøm, frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

     var son av skomakar Andreas Sjøstrøm og

 

     ¤¤¤¤¤ (kona? – var faren bøkkerarbeidsmann Andreas Sjøstrøm som d. i Bergen

            1840, fødd i Göteborg 1763?)

 

     og f.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? – 1802)

 

     Han gifte seg i Hafslo 20.12.1834 med Elen Oline Hermansdotter frå Laksevåg, Askøy.  Ho var dotter av tømmermann Herman Andersson på Laxevaag, opphavleg frå Fauske i Gaular, og kona Martha Andersdotter frå Sygnen i Gaular, men f. i Bergen 24.2.1811.  Johan Sjøstrøm kom til Solvorn som skomakarsvein i 1830-åri, og me trur han og Elen budde i denne heimen i Solvornstrondi fram til kring 1837.

Johan og Elen Sjøstrøm flytte kring 1837 til Sogndalsfjøra i Sogndal, men fór snart vidare til Bergen der dei sidan budde levetidi ut, for det meste i Nøstegaten.  Johan d. i Bergen 5.1.1866, medan Elen Sjøstrøm d. same staden 23.2.1886.  Dei fekk fire born i lag:

a. Andreas Johan Johanson Sjøstrøm, f. i Hafslo 28.7.1834,

 

     ¤¤¤¤¤ (d. før 1866!)

 

b. Hermine Helene Johansdotter Sjøstrøm, f. i Hafslo 7.4.1836, flytte òg med foreldri til Bergen og d. i Bergen 10.8.1899.  Hermine gifte seg første gongen i Bergen 1.11.1857 med Johan Christopher Fredrikson frå Mellingen på Lindås, i Bergen kjend som Johan C. Fredriksen.  Han var f. på Lindås 14.4.1834, men vart borte på sjøen våren 1863.  

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka? – hausten 1862?)

 

     Johan var matros, og han og Hermine budde i Bergen.  Som enkje gifte so Hermine seg 26.9.1869 att i Bergen med enkjemannen Christian Fredrikson, ein bror av første mannen og likeins opphavleg frå Mellingen på Lindås, i Bergen kjend som Christian Fredriksen.  Han var f. på Titland i Manger 20.12.1818 og d. i Sandviken i Bergen 23.3.1900.  Christian gifte seg første gongen i Bergen 26.11.1848 med Henrikke Caroline Hansdotter Ryland, f. i Bergen 7.1.1828.  Ho d. i Bergen 12.12.1864.  Christian var ølbryggjar i mange år, men vart sidan vognmann, og ogso han og Hermine budde i Bergen levetidi ut.  Hermine fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre.  Dessutan hadde Christian Fredriksen ni born frå første ekteskapet sitt.

c. Fredrik Olaus Johanson Sjøstrøm, f. i Sogndal 13.7.1838, d. på Laksevåg ved Bergen 6.1.1906.  Fredrik gifte seg i Bergen 29.6.1862 med Annette Georgine Andreasdotter Gundersen, f. i Fredriksværn (Stavern) 29.7.1840.  Ho d. på Laksevåg 17.2.1910.  Fredrik Sjøstrøm var i mange år styrmann, og han og Annette budde i Bergen, men flytte sist i 1870-åri til Laksevåg ved Bergen der Fredrik var riggermeister.  Dei fekk visstnok seks born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka talet på søner og døtrer?)

 

d. Mathilde Jørgine Johansdotter Sjøstrøm, f. i Bergen 10.3.1841, d. i Bergen 10.6.1842.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje for alle tilleggsdetaljar som måtte dukka opp, små som store!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for spennande innlegg!

 

Denne Johan And. Sjøstrøm som du har finne, kan GODT vera "vår mann", men å prova dette vert ikkje so lett...

 

Eg har søkt hjå FamilySearch på alle vigde Anders/Andreas Sjøstrøm i Sverige mellom 1775 og 1810 og fann desse:

 

* Anders Sjöström og Cajsa Andersdotter frå Torstuna socken, vigde 30.10.1802 i Bred, Uppsala län, Sverige

 

* Anders Sjostrom, og Marta Gabrielsdotter, vigde 17.4.1791 i Högsäter. Älvsborgs län, Sverige

 

* Anders Sjostrom (fødd 1767) og Maja Fagerlind, vigde 2.3.172 i Adolf Fredriks Församling, Stockholm län, Sverige

 

* Anders Larsson Sjostrom og Greta Stenberg, vigde 20.10.1792 i Sala Landsförsamling, Västmanlands län, Sverige

 

* Anders Sjostrom og Kirsti Sangrehn, vigde 9.4.1778 i Sölvesborg, Blekinge län, Sverige

 

* Anders Sjostrom og Ingrid Catharina Ahlund, vigde 2.2.1781 i Åhus, Kristoianstads län, Sverige

 

* Andreas Sjostrom og Elna Christina Lund, vigde 6.11.1792 i Ystad, Malmöhus län, Sverige

 

* Anders Sjostrom og Britta Christina Frisk, vigde 5.11.1785 i Stadsford, Karlskrona län, Sverige

 

og ein i Finland for same tidsrom:

 

* Anders Sjostrom og Cathrina Enberge, vigde 30.8.1791 i Porvoo, Uusimaa provins, Finland

 

Den siste av desse "kandidatane" er foreldri til Johan frå innlegget til Sven, og eg ser at Anders Sjostrom og Cathrine/Cajsa Enberg hadde fleire born, alle fødde i Finland!

 

Er det mogeleg å finna ut om denne Anders Sjøstrøm var SKOMAKAR?

 

PS: So oppdaga eg tillegget i Svens siste melding om at denne Anders var SKREDDAR, so då er han vel uaktuell...?

 

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for kjeldestadfestingi av yrkestitelen til denne Anders Sjøstrøm!

 

Berre EIN av dei andre kandidatane nemnde ovanfor heitte ANDREAS, og kona heitte ELNA.  Eldste dotteri Johan Fredrik i Hafslo heitte Hermine Helene.  Hermine er utan tvil ei oppkalling etter morfaren, men kva med Helene?  Kan det vera ei oppkalling etter Elna?

 

Men eg finn ingen born etter Andreas og Elna...

 

Er det ellers mogeleg å finna ein Anders eller Andreas Sjøstrøm som far skomakar?

 

Eller er det likevel den bøkkerarbeidsmannen Andreas Sjøstrøm som døydde i Bergen i 1840, me er ute etter?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nytt spennande innlegg!

 

Etter dei siste opplysningane dine er det tydeleg at me ogso her er på "villspor".  Det er sovisst ikkje enkelt å finna den "rette" Anders Sjøstrøm...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tone Sjøstrøm

Anette Georgine Sjøstrøm, f. Gunnersen. Riggermesters enke. 

Fødested: Fredriksvern i 1840.

Dødsdato: 17.02.1910. Begravet 24.02.1910. Dødsårsak: Bronkit

Bosted: Laxevaag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.