Gå til innhold
Arkivverket

SF, Davik: Hans Knudsen Huslid og hans koner og born


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Hans Knudson var f. på Kirkhorn i Hornindal ca 1669 og kom til Davik og vart brukar ca. 1695.

Bremanger Bygdebok oppgjev at han var gift med Brite Torstensdtr. frå Askevik i Ålfoten sokn. Dette stemmer, men i følge bygdeboka skal ho være enkja etter forrige brukaren og ha minst 4 born med han.

Det stemmer IKKJE for då Brite Torsteinsdtr. døydde og det vart halde skifte etter henne 7. August 1711 var ho utan livsarvingar og arven vart delt på enkemannen Hans Knudsen Huuslied, hendis moder Marette Ols Datter Aschevigen, hendis broder Olle Torstensen Aschevigen og hendis søster Marette Torstens Datter, 36 aar, ugift.

Skifte etter Brite Torstensdtr s. 406a

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 4b , 1709-1711, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 205-430. Register 1709 fol. 243, 1710 fol. 340, 1711 fol. 425.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24220/203/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127700203.jpg

 

Hans Knudson gifte seg att med Synneve Valdemarsdt. Myklebust Dom: 6 trinit 1712 (3. Juli) i Davik

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 1 (1710-1742), Ekteviede 1712, side 32.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8749&idx_id=8749&uid=ny&idx_side=-34

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418630294.jpg

 

Hans Knudson Huslid døydde 1730, jordfest 23. Juli 1730 (nederst 4. kolonne)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 1 (1710-1742), Kronologisk liste 1730, side 85.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8749&idx_id=8749&uid=ny&idx_side=-87

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418630347.jpg

 

I skiftet etter han er då nemd som arvingar igienlvende hustrue Synneve Valdemarsdtr. og borna, til den salige manden saavel med den forrige afdøde som denne hans igienlevende hustrue aflede siuf børn navnlige Knud Hansen Indre Davigen, Waldemor Hansen, nu 17 aar gammel, Magdelij Hansdatter gift med Hans Pedersen Uglen, Ingebor Hansdatter gift med Torbiørn Allmendingen, Kari Hansdatter nu 14 aar gammel, Brite Hansdatter -11 aar gammel og Mari Hansdatter - 7 aar...."

 

Skiftet etter Hans Knudsen 18. Sept. 1730 s. 408b

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 6 , 1727-1731, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register bak i protokollen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24223/403/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081128610407.jpg

 

Sonen Knut og døtrene Ingeborg og Magdeli veit vi var gifte hhv. 1723, 1721 og 1726 og er såleis for gamle til å være Synneve Valdemarsdtr. sine born. Med andre ord må Hans Knudsen Huslid vore gift enno ein gong med ei FØR han gifte seg med Brite Torstensdatter.

Waldemar Hansen er oppgjedd være 17 år i 1730 (f. ca 1713) og den eldste av dei ugifte i syskenflokken og synes såleis heilt klart være Synneve Valdemarsdtr. sin son (dåpslistene i Davik startar ikkje før 1717)

 

Er det nokon som har ei løysing til kven denne fyrste kona til Hans Knudson Huslid si fyrste av tre koner være?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje noko svar til deg, men du har gjerne sett at Knut, Magdeli og Ingeborg er nemnde i skiftet etter Brite Torsteinsdtr - arven etter deira avdøde mor er gjeld i buet. Skal sjå kva meir eg finn -

 

- nei, ingen fleire spor verken i dette skiftet eller i Knut sitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det Aase.

Det hadde eg ikkje fått med meg, men det er enno eit bevis på at ei (foreløbig) NN er mor deira og det skal vel godt gjerast om ikkje ho forblir NN for oss alle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi kan framleis snuble over henne. Ho har fått barn (Knut) ca 1697 - dei to andre har eg ikkje noko år på, det har kanskje du - så ho har døydd nokså ung. Dermed kan ho godt ha foreldre i skifteprotokollane som er tilgjengelege, eller sysken; vi skal nok ikkje avskrive henne endå, men det er lite hjelp I å leite etter henne, det får bli ei snubling ein gong.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja det vert nok snublemetoden her som må få henne fram frå gløymsla, men slikt har hent før så vi får halde augene opne og ha ho i minne.

Ifølge oppgjedd alder ved død skal Magdeli være fødd ca 1694 og Ingeborg ca 1698

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.