Gå til innhold
Arkivverket

Nedleggelse av det gamle digitalarkivsystemet.


per aase andresen
 Del

Recommended Posts

Det framstår no som om den einaste grunnen til at ein skal leggje ned det gamle systemet er at riksarkivaren skal feire at ein har forandra på noko og menge seg med storfolk i Kulturdepartementet. Dette hadde eg faktisk aldri trudd, og er absolutt ikkje noko å feire. Om det hadde vore eit ressursspørsmål, så hadde det derimot vore mogeleg å forstå.

 

Ach, Ære, hvad er?

Hvad er dine Kroner og Krandse du bær?

Misundelse sidder dig altjd paa Ryg,

Du hemmelig stødis og sielden est tryg!

Du ofte der snubler, hvor andre de gleed,

Forfængelighed,

Forfængelighed.

 

(Thomas Kingo)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Statsarkivarens svar tyder på ignoranse overfor Digitalarkivet - og også på liten eller ingen oversikt. Han vet jo selv at ny programmvare ble levert nesten 1 år seinere enn planlagt. Likevel skal altså det gamle systemet - som forøvrig fungerer veldig bra! - slås av på et tidspunkt som var satt lenge før ny programmvare ble levert. At det rent praktisk ikke er mulig å overføre mer enn 7.000 filer i løpet av 25 arbeidsdager interesserer ham altså ikke. Og dermed interesserer det ham tydeligvis heller ikke hva det betyr for Digitalarkivet - som fra 01, januar 2014 vil være et amputert Digitalarkiv. Men det vil Riksarkivaren ganske sikkert ikke fortelle ved "feiringen" - hva det nå er han nå vil feire.

 

Jeg håper virkelig at pressen blir informert om hva som er i ferd med å skje her. Det kan i det minste kanskje sørge for litt surt oppstøt hos noen av deltagerne når overgang til ny programmvare skal feires. De politiske lederne i Kulturdepartementet m. fl. vet muligens slett ikke at Digitalarkivet etter 01. januar 2014 vil mangle svært mange data som inntil da var lagt ut?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til alle bidragsytere.

Dere har bidratt til å få satt nedleggelsen av det gamle digitalarkivet på dagsorden.

Muligens noe for sent, men vi får håpe at vi som er brukere av også det gamle systemet for oss en overraskende julepresang, da i form av at nedleggelsen blir utsatt til alle kildefiler er overført til nytt system.

 

Jeg spurte mitt innlegg #6 om det er muligheter for at DIS-Norge v/ DIS-Hordaland kan få overført de kildefilene som muligens kan gå tapt ved at kildene ikke passer inn i det nye systemet.

 

Er dette av privat karakter slik at det er bidragsyteren som må si ja, eller er det systemeieren?

Eller er det Digitalarkivet?

 

Ser fram til et positiv svar.

 

mvh

 

Per Aase Andresen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Digitalpensjonatets filer eies av den som har laget dem. Vi kan ikke distribuere disse filene uten at eierne bestemmer det.

 

De filene som eies av det offentlige, kan man derimot gjøre krav på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ideelle ville kanskje ha vore dersom Dis eller andre kunne gjort ein avtale med Oldervoll om å "ta over" den gamle søkjemotoren, og at ein deretter forhandla om å få bruke flest mogeleg av kjeldene. Er dette mogeleg eller er det berre ynskjetenkning frå ein som ikkje har spesielt mykje greie på data?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

Jeg kan ikke svare direkte på spørsmålet ditt.

Kan ikke så mye om dataprogrammer.

Skal spørre inn i systemet, men jeg er redd svaret kan bli negativt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er jo tøv.

 

Då Digitalarkivet vart skipa, var det nettopp for å få flest mogelege digitale kjelder på ein plass. No kan vi altså enda opp med ei oppsplitting. Det må i så fall Fonnes ta på si kappe!

 

mvh

 

Bjørn D.

 

ps.

Sjølv ikkje denne tekst-editoren fungerar skikkeleg!

ds.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Problemstillingene som er reist her ble lagt fram for Riksarkivaren i går.

 

Vi viste til de henvendelsene vi har fått gjennom epost, foraene og ved personlig fremmøte i Årstadveien 22. Vi refererte synspunktene. Vi pekte på at det på grunn av forsinkelsene i utviklingsarbeidet var gitt for kort tid til at man kan få konvertert alle dataene (7000 filer i løpet av rundt 25 arbeidsdager). Vi pekte på at statistikkene viser at en vesentlig del (godt over 50% av søkene) fortsatt gjøres med gammel programvare. Vi ser en nedgang i prosentsats utover høsten, men fortsatt velger den betydeligste andelen av brukerne den gamle programvaren. Det ble pekt på at årets travleste dager i Digitalarkivet er dagene fra 2. juledag og utover til og gjennom januar, og at en dramatisk omlegging i denne perioden derfor vil ramme spesielt mange. Vi pekte på at det var vi i Årstadveien 22 som ville få storparten av de negative tilbakemeldingene, og vi lovte å sende dem videre til rette vedkommende.

 

Svaret var at det allerede har vært gitt mange utsettelser med utfasingen, at man forlenger enkelte av programmene (f. eks. Webbok/bokhylla), og at man uansett en dag må si stopp, og at den dagen er 31. desember 2013. Ytterligere forlengelse er ikke aktuelt. Det ble sagt at mange vil vente så lenge som mulig med å forlate noe som er kjent (og kjært), og at reaksjonene derfor ville bli de samme uansett hvor lenge man utsetter utfasingen.

 

Riksarkivaren fortalte også at han i januar planlegger å invitere politisk ledelse i Kulturdepartementet m. fl. for å feire at den nye programvaren nå erstatter den gamle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg les det du skriv frå møtet med riksarkivar Ivar Fonnes, minnest eg kulturminister Trond Giske som i 2008 ville at SAB skulle leige i staden for å byggje nytt. Vi veit korleis det gjekk, og du kan helse Fonnes og seia at dei same kreftene no er i sving mot han! Dei kreftene tek ikkje nei for eit svar, berre som ei utfordring.

 

For det er vel nokre år sidan føydalstyret var avskaffa i Noreg, eller ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange har nok lest dette før, men litt historie skader ikke.

 

Jan Oldervoll:

Digitalarkivet – eit resultat av lukke eller forstand?

Sjølv om eg er del av Digitalarkivet må eg vel likevel ha lov til å sei at Digitalarkivet er ein

braksuksess. Det er ei teneste som få eller ingen har make til internasjonalt og som har opna

arkiva for tusenvis av menneske som elles aldri vil ha kome i kontakt med arkiv eller

arkivsaker. Av alle dei som kvar dag sit bøygde over arkivsaker er det berre ein ubetydeleg

del om sit på lesesalane i arkiva. Nesten alle sit over skjermane sine. Så kan ein stilla

spørsmålet om det er ein meisterplan som ligg bak suksessen eller om det berre vart slik; at

det heile kom som ein slags lottogevinst. Eg er kanskje ikkje den best til å sjå på dette, sidan

eg har vore med på heile prosessen. Eg er sjølvsagt ikkje ikkje upartisk, men samstundes sit

eg vel inne med kunnskapar om prosessen som ikkje mange har. Så eg skal prøva. Men denne

vesle artikkelen skal du helst lesa som ei slags minnebok. Digitalarkivet, according to Jan, for

å vri på John Irving sin boktittel.

For å få til eit slikt prosjekt trengst kapital. Mykje kapital, Hadde denne kapitalen måtta

hentast i form av pengar hadde Digitalarkivet ikkje eksistert. Men kapital kan erstattast av

kompetanse, arbeidslyst, entusiasme og pågangsmot. Det er her Digitalarkivet har hatt

kapitalen sin.

Eit Digitalarkiv treng digitale kjelder, eller eigentleg digitale kopiar eller avskrifter av kjelder.

Ein skulle då sjølvsagt byrja med mormonar-kyrkja som på 50-talet mikrofilma kyrkjebøkene

som er no lagde ut som digitale bilete i Digitalarkivet, Korleis det gjekk til veit eg ikkje heilt,

men eg veit me skal vera takksame både for at det vart gjort og at Riksarkivet insisterte på at

originalfilmen skulle bli verande att i Norge.

Eg vil heller børja med 1801-teljinga. Den som i realiteten har ansvaret for at denne teljing

finst i ein digital versjon er no avdøde professor Knut Mykland ved dåverande Historisk

institutt, Universitetet i Bergen. Om det var på ein kafé han sat, ein gong i siste halvdelen av

sekstitalet, skal eg ikkje ha sagt. Men ha sat saman med direktøren i Statistisk Sentralbyrå,

Petter Jakob Bjerve. I alle høve klaga han til direktøren over at det fanst så dårleg med

tabellar basert på den første nominelle folketeljinga i Norge, 1801 teljinga. Her burde byrået

gjera ein innsats til stor hjelp og nytte for det historisk forskingsmiljøet i Norge og utarbeida

eit nytt tabellverk basert på denne teljinga. Direktøren sa straks ja. Men då måtte Mykland

syta for at det vart laga eit magnetband dei kunne bruka for å produsera tabellen. Knut

Mykland var glad for svaret. Lite visste han at det var SSB som burde vera glad for Mykland

sitt svar. Like lite visste han kva han gjekk til. At det gjekk rimeleg bra var nok meir utslag av

lukke enn forstand.

Det gjorde heller ikkje eg, då eg ein novemberdag i mitt første semester på hovudfag fekk

vitjing av rettleiaren min, Mykland, på lesesalen. Han spurte om eg var interessert i halv jobb

for å ta meg av 1801-prosjektet. Kvifor spurte han meg? Han visste her trongst EDBkompetanse

for å kunna gjennomføra prosjektet. Det fanst det ikkje ved instituttet. Heller

ikkje eg hadde det, men sidan eg hadde matematikk som fag meinte han eg måtte kunna læra

meg det som skulle til. At det var forstanden som fekk Mykland til å gå til meg vil eg nekta

for, om det var ei lukke får andre avgjera.

Så sette me i gang. Det første var å skaffa midlar. Ikkje visste me kva som skulle gjerast og

 

ikkje kor mykje pengar som trongst. Men Mykland hadde forskingspolitisk erfaring og meinte

 

at det maksimale me ville kunna få frå forskingsrådet var 10 årsverk. Så søkte me om det, og

 

fekk det. Men fort oppdaga me at me måte ha noko å skriva på. Dette var før PC-en sine

 

dagar. Det meste av EDB-kommunikasjon føregjekk via holkort. Det meinte me var for tregt.

 

Men det fanst noko som heitte holband punchmaskin, av merke Dura. Det var ein slags

 

skrivemaskin som i tillegg til å produsera eit papirark også produserte eit papirband med holkombinasjonar.

 

Men ein slik maskin var dyr, ca 50.000 kr, eller kanskje 500.000 kr i dag.

 

Mykland og eg reiste til Oslo. Direktøren i forskingsrådet sat i budsjettmøte, men kom ut og

 

høyrde på oss og gjekk inn att. Ein time eller to seinare kom han ut att og sa at dei hadde

 

fjerna to stipendstillingar og gjeve oss Duraen vår. Om det her var lukka eller forstanden som

 

slo til, skal vera usagt.

 

Så fekk me etter annonse i avisa tak i ei ung jente som heitte Målfrid Jakobsen. Ho fekk ein

 

bunke kopiar av folketeljinga, Duraen, ein pult og så sette ho i gang. Me synest ho skreiv

 

raskt, men då me etter eit halvår fann ut at me knapt ville bli halvferdig med våre ti årsverk.

 

Noko måtte gjerast. Eg sat nokre dagar og kika på fingrane hennar. Etter det vart me samde

 

om kva som kunne gjerast for å få opp farten. Deretter puncha ho ca 1000 personar om dagen,

 

200.000 personar om året. Berre Yngve Nedrebø på sitt beste har kunna konkurrera. Alle

 

seinare registreringsprosjekt har lege langt bak Målfrid Jakobsen i effektivitet, langt bak. Etter

 

ti årsverk hadde me registrert, korrekturlese, kontrollert og koda teljinga. Det vart laga ein

 

datafil med talkodar for alle kategoriar som skulle inn i SSB sine tabellar, og tabellheftet vart

 

gjort tilgjengeleg, for Mykland og alle andre historikarar som var interessert i samfunnet på

 

slutten av 1700-talet, byrjinga av 1800-talet. I dette tilfellet var det nok vår lukke og Målfrid

 

Jakobsen sin forstand som berga oss.

 

Datafilane med folketeljinga var på mange måtar eit avfallprodukt, noko me brukte for å laga

 

tabellfilane. Dei har seinare synt seg å vera dei nyttigast, og var, som mange vil vita,

 

utgangspunktet for Digitalarkivet. Hadde me rundt 1970 vore meir kunnskapsrike enn me var,

 

ville dei ikkje ha eksisterte. På seint sekstital og syttitalet vart det laga digitale utgåver av

 

folketeljingar mange stader, helst for mindre område. Det skjedd ved at historikarar manuelt

 

bestemte ein kode for kvar person for dei variablane dei hadde bruk for. Desse vart så puncha

 

inn i datamaskinen for analyse, på holkort. Me tenkte også litt på å gjera det slik, men rygga

 

attende fordi me var usikre på kva kodar me skulle velja. Me viste for lite om kva som fanst i

 

teljinga. I vår store ukunne bestemte me oss for at me skulle skriva av teljinga ord for ord og i

 

neste omgang bruka datamaskinen til å laga kodar. Her fanst EDB-folk som fortalte oss at det

 

fanst datamaskinprogram som ville kunna gjera dette. Me trudde dei og sette i gang. Men dei

 

eksisterande datamaskinprogram kunne ikkje gjera jobben, men me fann løysingar. Men her

 

var nok lukka mykje større enn forstanden. Men midt på syttitalet sat me altså med datafilar

 

som skulle visa seg å vera svært så nyttige meir enn 20 år seinare.

 

På Statsarkivet i Bergen sat statsarkivar Egil Øvrebø og var interessert i kva me gjorde. Han

 

fekk lurt oss til eit samarbeid som både dei og me er glad for kom i gang. Dei ville nytta

 

datamaskinen ikkje til å laga tabellar, men til å laga register, for at både dei og

 

lesesalsgjestane raskare kunne finna tak i informasjon og også spara protokollane. Det var

 

særleg emigrantprotokollane dei var interessert i. Då Målfrid Jakobsen var ferdig å registera

 

1801-teljinga børja ho på emigrantprotokollane for Bergen. Det var starten på ein meir enn 30

 

år gamal tradisjon med å skriva av kjelder ved Statsarkivet i Bergen. Her trur eg det var meir

 

forstanden enn lukka som rådde.

I 1981 var RHD, Registreringssentral for historisk data oppretta i Tromsø, med føremål å

 

 

registera historiske kjelder. Dei konsentrerte seg i første omgang om folketeljingane frå 1865

 

og 1900. Eg trur ikkje det er feil å sei at dei held fram i tradisjonen frå 1801-prosjektet. M.a.

 

brukte dei i starten ein del av programvaren utvikla for 1801-prosjektet. RHD og det arbeidet

 

dei har gjort er nok også meir basert på forstand enn lukke.

 

Det neste store registreringsprosjektet er vanskeleg å vita kva ein skal sei om; var det lukka

 

eller forstanden som rådde? Televerket hadde tidleg på nittitalet svært mange såkalla

 

overtallige. Telefondamene var blitt utkonkurrerte av automattelefonen. Men samstundes

 

kunne dei etter norsk lov ikkje seiast opp fordi Televerket samstundes hadde bruk for mykje

 

folk med IT-kompetanse. Då var dei pliktige til å omskolera dei overtallige. Som rimeleg kan

 

vera såg Televerket mørkt på det. I staden oppretta dei i 1993 TNM (Televerkets Nye

 

muligheter), eit firma som rett og slett prøvde å finna anna sysselsetjing til overtallige. Der

 

kom Teleslekt inn i biletet. Televerket oppretta eit firma som skulle registrera

 

 

folketeljingsmateriale der folk så skulle betala for å søka i, enten ved å ringja inn eller ved

 

søkja på Internett. Prosjektet hadde klart samband med tidlegare registeringsprosjektet ved at

 

folk både frå RHD og 1801-prosjektet vart trekte inn som rådgjevarar. Det vart også brukt

 

programvare frå 1801-prosjektet til registreringa. Her kan ein kanskje sei at forstanden rådde.

 

Men den kommersielle delen svikta; Teleslekt vart lagt ned i 1997. Digitalarkivet overtok

 

dataene. Det skal me koma attende til.

 

Ved ein kombinasjon av lukke og forstand eksisterte det i 1997 store menger folketeljingsdata

 

i Norge. Om det var lukka eller forstanden som var viktigast kan ein diskutera. Men det var i

 

og for seg ikkje nok til å etablera Digitalarkivet. Ein trong også kompetanse. Den kunne enten

 

kjøpast eller finnast. Teleslekt hadde vist at det på 1990-talet knapt fanst ein kommersiell

 

basis for eit Digitalarkiv. Arkivverket rådde ikkje over naudsynte midlar. Ein måtte prøva å

 

finna kompetanse innan miljøet som var interessert i dataene. Då er det på tide å venda

 

attende til 1801-prosjektet.

 

Då 1801-prosjektet vart starta fanst det i realiteten ikkje noko programvare som kunne

 

brukast. Det fanst ein papirbandlesar på ein datamaskin laga ved marinen i Horten som kunne

 

brukast til å lesa papirbanda (ca 300 km av dei), men programmet for å kunna lagra dei på

 

datamaskinen måtte skrivast. Til og med editorar for å retta i data måtte skrivast. Men det

 

store problemet var programmet for automatisk å koda t.d. yrkestermane i teljinga til dei vel

 

300 forskjellige yrkeskodane me bestemte oss for å nytta. Her trongst forholdsvis høg EDBkompetanse.

 

Pengar til å kjøpa denne kompetansen fanst ikkje i 1801-prosjektet. Redninga

 

vart NAVF (Norges Almenvitenskapelige Forskningsråd).

 

NAVF delte i 1968/69 ut såkalla programmeringsstipend i humanistiske fag. Eg synest å

 

minnast at den noverande riksarkivaren fekk eit slikt stipend. Det same gjorde eg.

 

Stipendperioden vart brukt til å leia 1801-prosjektet og først av alt utvikla programvare til

 

prosjektet. Det høyrest sjølvsagt ut som sjølvskryt, men ein del av denne programvaren var

 

faktisk avansert. Men så kan ein spørja korleis det kunne gå bra når ein professor gjekk inn på

 

ein lesesal og nærast talte på fingrane for å finna ein person til å gjera jobben. Det var som

 

den gamle metoden for å læra folk å symja; kasta dei til sjøss og berre dra dei opp rett før dei

 

drukna. Slik lærte eg å symja og slikt lærte eg å programmera. Men det krovs nokon til å dra

 

deg på land, når det trongst. I programmeringa var det no avdøde Mike Gillow, som på 60- og

 

70-talet var førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen sin EDB-avdelinga. Han hadde ei

 

eineståande evne til å inspirera, og til ikkje å la seg stogga av det vanskelege. Han nekta

 

konsekvent å løysa dei vanskelege problema, men var til ei kvar tid viljug til å peika i rett

retning. Han drog ein på land når trongst. For så å kasta ein uti med det same. Eg vart kasta uti

 

mange gongar og lærte å symja. Men eg trur nok at lukka også her var betre enn forstanden.

 

Det var ein kombinasjon av mange tilfeldige treff som gjorde at det gjekk bra.

 

Tabellane var ferdig, men sjølv synest eg det kunne vera morosamt også å kunna analysera

 

data på ein datamaskin. Men problemet var det var mykje data og den einaste datamaskinen

 

me kunne bruka var UiB sin sentrale datamaskin, med stor trafikk og klar nedprioritering av

 

ressurskrevjande oppgåver. Då måtte eg ta i bruk kunnskapar eg hadde tileigna meg gjennom

 

programmering i første fase av 1801-prosjektet. Resultatet vart at me fekk eit program som

 

kjørte analysar av folketeljinga frå 1801 om lag 1000 gongar raskare enn dei eksisterande

 

statistikkprogramma. Men problemet var at svært få historikarar brukte stormaskiner i det

 

heile tatt. Så kom dei personlege datamaskinane. Ved Historisk institutt først i form av Tiki,

 

som var maskiner med svært liten kapasitet. Teknologien brukt på stormaskiner vart omforma

 

til bruk på desse ’leikemaskinene’ og etter kvart på PC-ar. Det me no hadde var altså

 

teknologi som var i stand til å analysera folketeljing på ein svært effektiv måte.

 

Så kom World Wide Web. Til Norge skjedde det eigentleg i 1994, i samband med OL.

 

Resultat vart då lagde ut på webben, som me kalla det i det dagar. Men også andre ting kom

 

på web, mellom anna telefonkatalogen til UiB. Hans Morten Kind ved IT-avdelinga til UiB

 

laga nokre Pearl-script som gjorde at me fekk fram telefonnummeret til kollegaane våre på

 

skjermen. Eg kika på dei og fann ut at eg burde kunna laga noko tilsvarande for å søka i

 

folketeljingsmateriale. Med god hjelp frå Kind var det i 1995 mogeleg å søka i 1801-teljinga

 

på Internett. Men det var ein lite effektiv måte å gjera det på. Så fann eg ut at eg kunne bruka

 

vanlege Pascal-program til å presentera ting på Internett. Ein sein kveld tok eg fram

 

programma eg tidlegare hadde laga for å analysera 1801-teljinga og tilsvarande materiale på

 

PC, fjerna heile brukargrensesnittet og laga HTML-grensesnitt i staden. Det viste seg å gå bra

 

og 1801-tejinga var på Internett same natta, i 1995.

 

Dermed hadde me data, me hadde teknologi og med hadde kunnskapar. Men framleis

 

eksisterte ikkje Digitalarkivet. Det var det med arbeidslyst, entusiasme og pågangsmot som ar

 

nemnt i innleiinga. Her kjem først og fremst statsarkivar Yngve Nedrebø inn i biletet. Han har

 

elles namnet sitt frå same bøen i Jølster som den førre statsarkivaren. Finst det ein bø også i

 

midten til å ta over når han trekkjer seg attende? Me har svært gode erfaringar med folk frå

 

den bøen. I tillegg til å sitja med solid arkiverfaringar har han i fullt mon også dei nemnde

 

eigenskapane. I tillegg har begge dei to statsarkivarane sett det som ei av sine hovudoppgåver

 

å gje folk god tilgang til det dei har i arkivet sitt. I 1997, om ikkje før, såg han at Historisk

 

institutt sin teknologi kunne brukast til noko meir enn 1801-teljinga. Han og eg børja drøyma,

 

saman. Me såg også for oss at me kunne etablera eit fellesprosjekt, Digitalarkivet.

 

Så måtte også Teleslekt pakka saman, i 1997. Då såg me for oss at me kunne overta

 

databasane deira og leggja dei ut på nettet med vår teknologi. For å få det til måtte me ha med

 

oss riksarkivaren, John Herstad. Eg trur nok han møtte ein del motstand i eigen institusjon.

 

Mange såg nok ikkje for seg at Arkivverket skulle driva med slike ting, og særleg ikkje at dei

 

skulle gjera det i samarbeid med Historisk institutt, eller for det eg veit, med meg. Men han

 

fekk departementet med på at me skulle overta både data og også ein del av dei tilsette ved

 

Teleslekt. Dei vart til registreringseiningane våre i Stavanger og på Voss, som no nærmar seg

 

ferdige med å registera 1910-teljinga. Dermed vart Digitalarkivet etablert, 23. Januar 1998, i

 

første omgang som eit samarbeidsprosjekt mellom Historisk institutt, Universitetet i Bergen

 

og Arkivverket, ved Statsarkivet i Bergen.

Dei som skal ha æra for at det vart noko Digitalarkivet er først Yngve Nedrebø, som på den

 

eine sida hadde visjon, og på den andre sida hadde evna til å få med seg dei ha trong for at

 

visjonen skule bli røyndom. Den andre på lista er John Herstad som let seg verta oppglødd av

 

Yngve sin visjon og hadde kløkt til å nedkjempa motstand i eigen organisasjon og også oppnå

 

støtte hos dei styrande. Når det galdt å byggja opp data og kompetanse dreidde seg like mykje

 

om lukke som forstand. Men når det galdt å samla data og kompetanse til ein utradisjonell,

 

men velfungerande organisasjon var det forstanden som rådde.

 

Kva så med utviklinga gjennom dei ti åra Digitalarkivet har eksistert? Mange har gjort ein stor

 

innsats. Av dei tilsette må først og fremst Anette Skogseth Clausen nemnast. Ho har i det

 

daglege styrt Digitalarkivet, men både kløkt og forstand. Ho har særleg vist evna til å

 

kombinera stor entusiasme for prosjektet med ein utprega realisme for kva som går an å få til

 

og kva som er umogeleg innan dei grensene me opererer.

 

Men det er også ein annan, Brukaren. Kor mange ulike brukarar me har hatt er det ingen som

 

veit. Det er mange, mange tusen. Somme kjenner me ved namn, særleg frå debattforuma våre,

 

dei fleste ikkje. Men me har fått utallege tilbakemeldingar, alle positive, somme kritiske. Men

 

dei har hjelpt oss å utvikla Digitalarkivet til det det er i dag. Og ikkje minst har dei hjelpt oss

 

med data. Digitalpensjonatet må vel seiast å ha vore ein stor suksess. Eit stort antall databasar

 

har me fått frå brukarane våre for å leggja ut i systemet vårt. Slik sett ber Digitalarkivet

 

framleis preg av å vera eit gigantisk dugnadsprosjekt innan ein organisjon som på mange

 

måtar er svært konservativ, som skal vera det, men framleis har funne rom til ein slik innsats.

 

Bra!

 

Ti år er sjølvsagt ikkje ein høg alder. Men kva skal no skje. Først og fremst meir av det same.

 

Fleire folketeljingar. Det vil koma ei ny kvart tiande år. Så burde me få med oss dei eldre.

 

Først og fremst 1875, men helst også 1891-teljinga. Manntalet frå 1660-åra burde vore rydda

 

opp i og 1701 gjort ferdig. Å få lagt biletfilane frå kyrkjebøkene ut har vore ei storbragd. For

 

meg personleg har det vore ei ekstra stor glede at dette er arbeid som er gjort frå Riksarkivet,

 

sidan eg ofte har hatt kjensla av at staben der har vore negativ til å presentera kjelder på nettet.

 

Eg har sikkert teke feil. Her vil det i åra framover koma mykje meir materiale.

 

Men det er også viktig å gjera biletfilane søkbare på individnivå. Her ser eg for meg at

 

brukarane våre vil vera med på dugnaden. Difor har me no tilbydt eit registreringssystem slik

 

at dei kan registrera indeksar til kyrkjeboksmateriale. Me skal så tilby søkesystem til

 

indeksane.

 

Kva bør så Digitalarkivet gjera i framtida? Det rimelegaste ein kan sei her er ikkje stort, sidan

 

bemanning er så katastrofalt dårleg som ho er. Her burde vore fleire tilsette. Men på den andre

 

sida har det aldri hindra Digitalarkivet i å gjera ting.

 

Noko som bør koma, og som sikkert kjem med det første er søk på tvers av alle kjelder. Då vil

 

ein kunna søkja etter Nils Abrahamsen fødd ca 1880 og få fram opplysningane om slike

 

personar frå alle databasar i Digitalarkivet. Denne tenesta ser eg for meg kjem før sommaren,

 

avhengig av kor mykje tid som kan avsetjast til dette arbeidet.

 

Per i dag er lagt inn 1316 bilete av gardar og gardsbruk i 1900-teljinga. Denne tenesta kan me

 

lettvint utvida til også å gjelda personar. Det kunne fort bli ei fabelaktig biletsamling. Dette er

 

ei teneste det knapt kostar noko å få i gang. Eg har vilja venta til eg var trygg på at det fanst ei

interesse for å leggja ut bilete. Den har me sett er der, så no er det kanskje på tide å setja i

 

gang.

 

Men viktigare vil eit lenkeprosjekt vera. Lenking kan gjerast på to nivå. For det første kan det

 

gjerast på bustadnivå slik at når ein er inne på ein gard/bruk kan få all informasjon om denne

 

garden/bruket frå alle teljingar. Det same gjeld sjølvsagt også for hus i ein by. Eg trur kanskje

 

det beste ville vera å lenkja opp mot matrikkelen av 1886. Dette er ikkje noko lite prosjekt,

 

men ved å ta i bruk alle friviljuge hjelparar er det overkommeleg.

 

Så kunne dette utvidast til også å lenkja personar. Ein kunne t.d. ta utgangspunkt

 

i 1900-teljinga. Dei personane som står der finst også i ei rekkje andre kjelder. Ein kunne då

 

tenkja seg at det var råd å få opp lenkje til dei saman med 1900-teljinga. Det er fleire måtar å

 

gjera dette på. Ein måte vil vera at brukarar legg inn lenkje i 1900-teljinga (eller andre

 

teljingar) når dei finn ein person nokon annan stad. Med den energien brukarane våre legg for

 

dagen ville det ikkje gå lang tid før me hadde ei anseeleg mengd lenkjer. Men ein kunne også

 

tenkja seg at det vart utvikla eit datamaskinprogram som grovlenkja materialet og at

 

brukarane fjerna lenkjer som ikkje kunne stemma. Men uansett vil dette vera eit prosjekt som

 

både krev ein god del tenking og også mykje programmering. Men samstundes ville det vera

 

eit prosjekt med svært stor nytte både for lek og lærd.

 

Det siste eg kunne tenkja meg var å kartfesta data. Særleg om ein først hadde lenkja på

 

gardsnivå ville dette vera overkommeleg. Ein kunne då ta utgangspunkt i t.d. matrikkelen av

 

1886 og kartfesta kvar gard. Det kunne truleg gjerast ut frå offentlege kartdatabasar, om ein

 

fekk tilgang til dei. Dermed kunne ein produsera kart av ymse slag. Men ein kunne også laga

 

samanlikningar over tid på ein mykje enklare måte enn no. Ein kunne t.d. sei at ein ville ha

 

alle personane i databasane som budde i same området som ein gjeven kommune dekka i

 

1900. Elles ville ein få nye data. Flytting ville m.a. kunna studerast på ein heilt annan måte

 

enn i dag, fordi ein kunne studera reelle flyttingar også innan ein kommune, og få med

 

flytteavstand. Den kunne bereknast ut frå kartreferansane.

 

Men når det gjeld nye tiltak og nye funksjonar er det først og fremst auka stab som trengst.

 

Ein skulle tru at ei teneste som på den eine sida er til nytte og glede for så mange tusen

 

menneske og på den andre skaffar Arkivverket eit så godt renommé fortente å få ein større

 

stab enn han har. Det vil vera forstandig av dei som bevilgar, og til lukke for alle oss andre.

 

 

 

 

Dette er vel skrevet v/10 års markeringen i 2008.

 

 

mvh Ottar

Endret av O. Eliassen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har prøvd å venje meg til det nye søkesystemet, og stort sett greidd det. På mange måtar er det betre enn det gamle, men etter kvart som vi oppdagar kva vi ikkje får med inn i det nye, blir eg betenkt. Eg har t.d spurt om korleis ein kan bla i ei kjelde, og fått til svar at det ikkje er muleg, anna enn i folketellingane. For oss som ikkje leitar etter ein bestemt person er det eigentleg nokså ille..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har funne folk i emigrantlistene som eg elles ikkje ville ha funne, ved å sjå på personane før og etter i lista. No får ein berre opp ein person om gongen, og må trikse med http-adressa i nettlesaren (leggje til eller trekkje frå) for å bla seg framover eller bakover. Men det viktigaste er likevel at mange databasar enno ikkje er overført til "betaDigitalarkivet" (som eg vel å kalle det for), og at dette kan komme til å ta si tid. Dermed vert det eit amputert Digitalarkiv frå 1/1, og dette skal altså feirast av Riksarkivaren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dessutan er det irriterande at gamle databasar fulle av feil vert hasteoverførte til det nye systemet utan at feila er retta. Dersom det gamle systemet hadde fått leve litt til kunne kanskje databasane ha vore retta fyrst, og dermed ville ein sleppe å bruke ressursar på dette seinare

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der vil mest sannsynlig komme en artikkel om saken i Bergens Tidende i morgen eller over helgen.

 

Har sett mange steder at man sier at saken burde vært i media, så jeg tok saken i egne hender i går, og kontaktet BT.

De ringte meg opp igjen i dag, og sa de hadde snakket med Yngve, Arnhild med flere.

 

De prøved nå å få tak i "høyeste hold" i Oslo, for å se hva de hadde å si i saken.

 

Så forhåpentligvis kan dette sette saken på dagsorden, og få utsatt stengingen av den gamle basen, til alt er på plass.

 

Er ihvertfall lov å håpe ;)

Endret av Ann Hedvig Øvsthus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Teksten er slik:

 

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Slektsforskere-frykter-kildetap-3030113.html#.UsGZurQav3A

 

Slektsforskere frykter kildetap

 

Digitalarkivet

 

BERGENS TIDENDE

29.12.2013

 

Forfatter: Christina Hauge, foto

 

Omleggingen av Digitalarkivet møter skarp kritikk blant slektsforskere, som er redd mange kilder vil forsvinne.

 

Statsarkivet i Bergen har i mange år arbeidet med å gjøre offentlige dokumenter tilgjengelig på internett gjennom nettsiden Digitalarkivet.no. Her har man kunnet søke i blant annet gamle kirkebøker og folketellinger.

 

I 2010 startet en omlegging av arkivet, og en ny database ble opprettet. Slektsgranskerne har siden da kunnet benytte seg av to forskjellige søkearkiv på nett.

 

1. januar stenges det eldste arkivet på nett, og slekts- granskerne fortviler. Alle dokumentene er nemlig ikke er flyttet over i det nye arkivet.

 

Mister kilder

Slektsgransker Ann Hedvig Øvsthus hjelper amerikanere med å finne sine norske aner. Hun er en av dem som reagerer på at nettsiden legges ned før all dataen er overført det nye arkivet.

 

- Jeg synes det er helt forkastelig å stenge ned denne siden nå. For mange slektsforskere vil dette sette en stopper for arbeidet, sier Øvsthus.

 

Det er blant annet flere skattelister, militærruller og fattig-protokoller fra 1700-tallet som ikke er flyttet til det nye Digitalarkivet ennå.

 

- En bauta på internett

Slektsgranskeren får støtte fra seniorkonsulent Anne Skogseth Clausen ved Statsarkivet i Bergen.

 

- Brukerne våre er fortvilet og forarget, og det kan jeg forstå. Vi er ikke kommet i mål med de nye nettsidene, og det vil faktisk ta lang tid å flytte alt over på det nye systemet, sier Clausen.

 

Hun synes situasjonen er trist.

 

- Selv om ting er flyktig på internett, har det gamle arkivet vært en bauta som har fungert stabilt i mange år, sier Clausen.

 

Riksarkivaren står fast

Riksarkivar Ivar Fonnes sier at nedleggelsen av den gamle nettsiden ikke kommer til å bli utsatt.

 

- Det er noen av de minst sentrale kildene som ikke er overført, og det vil vi sette inn alle ressurser på å få til. Om- leggingen har vært planlagt lenge, og folk har hatt mulighet til å sette seg inn i det nye arkivet, sier riksarkivaren.

 

Kirkebøker, folketellinger og arveskifter regnes som hovedkilder, og riksarkivaren håper dataen vil bli flyttet over i løpet av 2014. Hittil har Arkivverket betalt en lisens for å holde liv i den gamle databasen, slik at slektsgranskere har hatt muligheten til å søke i begge arkivene.

 

Redd for å miste data

I Steinkjellergaten i Bergen sentrum holder Arnfrid Mæland og Rita Grøtte kurs om slektsgransking. Også de er skeptiske til nedleggelsen.

 

- Jeg har ikke satt meg så grundig inn i det nye systemet, men vi frykter at mange av kildene som ikke er rene folketellinger ikke vil bli overført, som for eksempel fattigprotokoller, sier Mæland.

 

Den gamle databasen ble utviklet i Bergen, og har sterk tilknytning til regionen. Hun frykter det er kilder spesielt for Bergen som vil forsvinne.

 

- Det gamle og nye arkivet burde gått parallelt i en periode hvor vi eldre slektsforskerne holder på. Hos oss her i Bergen er det også en del følelser knyttet til det gamle systemet, forteller Mæland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då får vi bruke litt krefter på dette: Tips-knappen og telefon-nummeret til BT står på heimesida deira, og eg har lært at "telefonstorm" er meir enn 2 personar. Det framgår t.d. ikkje av artikkelen at det er viktige funksjonar (t.d. å bla gjennom databasar) som ikkje er på plass i det nye.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.