Gå til innhold
Arkivverket
Arne T

Anna Akselsdotter 1696

Recommended Posts

Arne T

Med hjelp av bygdebøkene for Fitjer har eg kome attende til, Anna Akselsdotter f. 1696. Ho er gift i 1723 med Rasmus Paulson Rimbareid. I 1777 skal ho vera død. Eg har ikkje vore god for å finna noko meir om henne i det skanna materialet på Digitalarkivet. Er det mogleg å finna fleire opplysningar? Kven var denne Aksel som skal vera far hennar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Det ser ikke ut til å ligge noe svar like opp i dagen her. I 1701-manntallet for det som ble Søndre Bergenhus amt var det 22 menn med navn Aksel/Axel. 21 av disse bodde i Sunnhordland. Ikke alle er i en alder som kan forsvare at de fikk en datter rundt 1700, men det er ikke noen som peker seg ut.

 

Skiftematerialet for Sunnhordland viser til en del skifter etter menn med navn Aksel, men jeg finner heller ikke noen Anne Axelsdatter der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arne T

Namnet Aksel i Sunnhordland var vel kanskje ikkje så vanleg før baronen i Rosendal, Axel Rosenkrantz, si tid? I 1696 er baronen 26 år gammal. Er det råd å finna ut noko om "uekte" avkom etter baronen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Manntallet i 1701 nevner 22 med navneform Axel. De var i alder fra 4 til 62. Navnet har altså vært i Sunnhordland lenge før Axel Rosenkrantz' tid. Det er derfor ikke noen spesiell grunn for å tro at han skulle være far til Anne Axelsdatter. Jeg ville ha sjekket fadrene til Anne Axelsdatters barn for å se om noen slektninger av henne kunne dukke opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arne T

Takk for svar som eg finn lite opplysande. Einaste opplysningane eg har er frå bygdebøkene for Fitjar. Der står det ikkje nemnt noko om fadrar eller kvar Anna Akselsdotter er døypt, berre fødselsåret 1696. Dersom Digitalarkivet kunne finna fram til dette ville eg vera takksam. Eg spurde om det finst opplysningar om baronen i Rosendal sitt "uekte" avkom, eg ser ikkje noko svar på dette spørsmålet. Av dei 22 med namnet Aksel frå manntalet i 1701, kan vel ein del utelatast på grunn av alder. Kor mange av desse var aktuelle som fedre i 1696? Det vert opplyst at ein ikkje finn noko Anna Akselsdotter i arveskifta etter menn med namnet Aksel i området. Det er vel lite truleg ei eventuell "uekte" dotter av baronen ville stilla opp på baroniet og krevja farsarv? Kvifor skulle Anna Akselsdotter dukka opp som brur på Rimbareid i 1723? Rimbareid er ein av dei større gardane på Fitjar, dei tok neppe kven som helst inn som kone på garden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ingebjørg Romulslie

Jeg har ikke klart å finne kilder som dokumenterer bygdebokforfatternes innsmett av "Akselsdatter". Den nye Fitjarboka har nok bare kopiert den gamle på dette punkt. Ved begravelsen til Anne er ikke noe patronym nevnt og heller ikke ved en eneste barnedåp. Inntil det dukker opp en kilde som sier noe annet er jeg skeptisk. Ikke har paret noen barn ved navn Aksel heller.

 

Basert på oppkalling burde hun være en Simonsdt. eller Jansdt.

Endret av Ingebjørg Romulslie

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ingebjørg Romulslie

Der var jeg visst litt snar på avtrekkeren. <_< Ser at Anne nevnes som Axelsdt. i skiftet etter Rasmus.

- Men det er fortsatt rart at de ikke har en sønn Aksel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arne T

Bygdebokforfattarane har vel truleg nytta dei kjeldene som finst, kyrkjebøkene? Den amerikanske databasen "Family Search" har same opplysningane som bygdeboka. Det som er merkeleg er at det ikkje finst fleire opplysningar. Det kunne nesten sjå ut for at nokon prøver å løyna noko? Kven kan dette eventuelt vera?

At ingen av dei tre sønene til Anna har fått namnet Aksel, kan ein berre undrast over.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svein O. Tislevoll

Hei Arne T

 

Det ser ut som om alle fadrane (nemnde i Stord kyrkjebok, ved dåpen til borna frå 1727 til 1741), er folk som er i slekt med Rasmus Paulson Rimmereid, og ingen i slekt med kona hans Anna Akselsdotter, så ser på den måten ut for at Anna ikkje har vore frå bygda Fitjar, eller så nær der, for då hadde dei vel vore fadrar til nokre av borna. Eg har også tenkt litt på folka i Rosendal, men er visst vanskeleg å finna ut av dette. I tilfelle, så kan vel dei to barna Kari, f.1733, og Kari, f.1737, vera oppkalla etter Karen Axelsdtr. Mowat, som var mor til Axel Rosenkrantz. Men dette blir jo kun spekulasjoner, kan like gjerne vera ein heilt annan Axel/Aksel som var far til Anna. Namna på to av dei andre barna til Rasmus og Anna: Jan, f.1729, og Barbra, f.1741 kan eg ikkje sjå bakover i Rasmus Paulson Rimmereid si slekt, så dei namna er kanskje oppkalling av forfedre til Anna Akselsdtr. ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arne T

Anna Akselsdotter tykkjest vera eit mysterium. 27 år gammal gifter ho seg med den tre år yngre odelsarvingen til garden Rimbareid på Fitjar. Tilsynelatande har ho ikkje slekt i nærleiken, (alle fadrar til borna hennar er på mannen si side), ho er ikkje å finna som arving ved arveskifte i området. I generasjonane både før og etter Anna Akselsdotter er konene på Rimbareid frå Fitjar og nærområdet kring. Kvifor skal Anna vera unntaket, og kva er det det som gjer at ho er akseptabel som gardkone? Kan ei munaleg medgift vera kompensasjon for ein manglande farsarv?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.