Gå til innhold
Arkivverket
Anders J. Moen

Erik Jonson Botnen i Kvam, Hordaland - født 1760 - foreldre

Recommended Posts

Anders J. Moen

Er det noen som kan hjelpe meg med et oppslag i Ættarbok for Kvam og finne ut hva som står om foreldre og evt.

besteforeldre til Erik Jonson Botnen født 1760, døpt 07.12.1760? Han var gift med Ranveig Geirmundsdatter Vik og hadde flere barn.

Dåp i kirkeboka:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11541&idx_id=11541&uid=ny&idx_side=-68

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Einar Rygg

Far: Jon Olavson Botnen 1725 - 1777. G.1756 m. Brita Eiriksdtr. Laupsa 1729 - 1799. Dei hadde 8 born.Eirik var nr.3.

Jon bygsla farsgarden frå lektor Fasting i 1757. I 1758 var han lagrettesmann. Jon var bjørneskyttar. I 1754 felte han ein bjørn i Botnadalen.

Jon var helst fattig. Ein dag var han i Longeteig og løypte ved,gleid då utfor løypet og slo seg ihel.

Farfar: Olav Jonson Botnen 1696 - 1767. G.1724 m. Guro Gunnarsdtr. Nygard 1695 - 1749. 4 born, Jon var eldst.

Olav var soldat og låg i felten i 1716 - 18.(Kapt. Lilliengreifs komp.) I 1723

bygsla han 18 mk. smør, 1/2 l.salt i Botnen

hjå magister Rømer i Bergen. Olav hadde tungt for å greia seg på garden.

Oldefar: Jon Olavson Steinstø 1663 - 1705. G.1694 m. Marita Pålsdtr. Botnen 1664 - 1733. 4 born,Olav eldst.

Jon var leiglending på Botnen og sat helst smått i det. Då mannen døydde, laut enkja avstå halve garden etterdi ho ikkje greidde utreidslene.

Dermed vart Botnen Neditun delt i to gardsbruk, som det har vore sidan. I 1708 stemnde grannen Marita fordi ho ikkje hadde teke del i vedlikehaldet av husi som dei hadde i lag, og endskapen vart at dei skildest og fekk hus kvar for seg.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Einar Rygg

Framhald. Marita var dotter til Pål på Botnen 1619 - 1695 (Kona ikkje kjend, kanskje dotter til første nemnde brukar på Neditun,Botnen.

som heitte Jakob, nemnd i tida 1642 - 53.

Pål på Botnen skulle vera innflyttar til Kvam.Han "juska" fortel segni,og det gjeng eitpar faste hermingar etter han som syner at han må ha

vori frå Sør- eller Austlandet. I 1661 er han komen til bunads på Botnen, og i 1666 svarar han 2 mæler i tiend. Skyldi på garden var 1/2 l. smør og 1 laup salt. Fosteret på garden var 1 hest og 8 naut. I 1667 vart skylda sett opp med 1/2 laup smør.

Jon var son til Olav Isakson Skår 1630 - frå Skår, son av Isak Nilsson Soldal og Marita Jonsdtr. Nedre Vik. Dei grukte Skår i 1645 og utetter. 2 born.

Ættarbok for Kvam B. II Øystese Sokn ved L.H. Torpe Kvam Herad 1957.

Mvh Einar

Tusen takk for svar!

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.