Gå til innhold
Arkivverket
IreneTangen

[MR] Dåp/konfirmasjon Brite Gundersdatter Honningdalsnes, Skodje død 1804 (f. Langeland i Sunnylven?)

Recommended Posts

IreneTangen

Er på jakt etter innføring av dåp og konfirmasjon Brite Gundersdatter gift med Paul Larsen Honningdalsnes i Skodje kommune (MR). I Bygdebok for Skodje; gard og slekt 1 (side 82) er det oppført at ho er i frå Voldset i Sunnylven (1732-1804). I "Sunnylven og Geiranger 2: gard og ætt" (side 300) er ho derimot ført opp som dotter av Gunnar Olsson Langeland f. Stadheim og Synnøve Nilsdotter Langeland (nb! ført opp feilaktig som Synnøve Olsdotter her, på side 310 som Synnøve Nilsdotter) men det er ikkje angitt når ho er fødd. I FT 1801 er det ført opp at Paul og Brite bur som vilkårsfolk på garden Honningdalsnes, ho er då angitt med alder 78 år (dvs f.ca 1723). Når ho døyr i 1804 er det derimot angitt at ho er 72 år gammel (dvs f.1732). Det som er problemet er at Gunnar Olsson og Synnøve Nilsdotter Langeland først giftar seg i 1739 (side 133 i Norddal/Sunnylven 1736-1760, Ministerialbok) (link: http://www.arkivverk...ad?idx_id=17005). Følgende barn har eg klart å finne i den samme kyrkjeboka: Claus f. 1740 (s.134), døyr 7 dagar gml; Nikolai f.1743 (s.140), han giftar seg med Brite Andersdotter. Dei bur på Tryggestad. Anne f. 1744 (side 145) gift med Lars Knudsen Digernes, dei busett seg ei tid på Nedre Skarbø i Borgund. Marta f. 1747 (side 150), gift 1.gong med Knud Knudsen f. Rønneberg. dei bur på Krikane i Norddal. Ho g.2.g med Paul Arnesen Eide. Ho døyr 1812. Inger f. 1749 (s.158). Ho døyr 1 år gml. Tvillingene Pernille og Inger f.1751 (s.165). Pernille blei gift 1775 med Knud Pedersen Skarbø, dei busett seg på Skarbøen i Borgund. Inger blei gift med Knut Danielsson og dei budde på bnr 4 på Voldset i Sunnylven. Knud f. 1754 (s.175) og Helge(a) (datter) f. 1756 (side 182). Ho blei gift 1792 med Ingebrigt Knudsen Midgard.

 

Har sjekket ekstraskatten av 1762 for garden Langeland men då er kun Gunnar og Synnøve og barna Marta og Nikolai (barn over 12 år) nemnd. Eg fann derimot på garden Honningdal ei "Birte Gundersdatter Langeland" som bur hos Ole Pedersen Honningdal og hans kone Mette Christiane f. Ruhe, men alder er ikkje ført opp her. Mette er forøvrig ført opp som fadder for begge døtrene til Paul Larsen Honningdalsnes og Brite Gundersdotter.

 

Som sagt kan eg ikkje finne ho oppført som døpt blant dei andre barna til Gunder og Synnøve og heller ikkje nokon konfirmasjon, samidig verkar det som om dette må vere foreldra hennar. Blant anna får Paul og Birte ei dotter Inger i 1770, ein fadder for barnet er då ei Anne Gundersdotter Langeland som "tiener i Honningdal". Den 10.07.1778 (side 312a) er det skifte etter Nikolai Gundersen på garden Tryggestad (NB! når du søker i skiftereg. er han feilaktig før opp som Cornelius i indeks). Formynder for eldste sonen er då

Paul Larsen Honningdalsnes. Forøvrig er en Povel Honningdalsnes ført opp som fadder for denne samme guten i 1769 (Kyrkjebok: Nordal 1760-1770, side 114). Nikolai Nikolaisen Tryggestad, son av Nikolai Gundersen, er nemnd i skifte etter Paul Larsen Honningdalsnes 01.04.1802. Det ser då ut som om det må være eit slektskapsforhold her.

 

Andre opplysninger: Gunder Olssen og Synnøve Nilsdotter flytta i frå Langeland til Tryggestad rundt 1765. Kan forøvrig ikkje finne noko skifte etter dei, nokon som har noko informasjon om kvar og når dei to døyr og eventuelt om dei eventuelt giftar seg oppatt?

 

For øvrig har eg funnet trulovinga mellom Paul og Brite i Kyrkjeboka for Norddal 1760-1770 (side 114): Truloving Povel Larsen Honningdalsnes med Brite Gunnersdatter Langeland. Rett under her igjen fann eg en vigsel mellom Lars Larsen Honningdalsnes og Brite Gunnersdatter Tryggestad. Lurer på om dette er ein feilinnføring for eg finn ikkje noko informasjon om nokon Lars Honningdalsnes som giftar seg i sunnylven i denne perioden men Paul hadde ein bror Lars som og budde på Honnningdal.

 

For å oppsummere, trenger informasjon om når denne Brite blir fødd og konfirmert, ønsker også informasjon om når og kvar Gunner Olssen Langeland (Tryggestad) og kona Synnøve Nilsdotter døyr og om eventuelle skifte etter dei. Takker på forhånd for alle svar! :)

Endret av IreneTangen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

- det var ikkje så mykje respons her...

 

Eg såg på skiftet etter Paul Honningdalsnes (1802). Det var tydelegvis ein kar som greidde seg godt her i livet.

 

Så langt eg kunne sjå var Nikolai Nikolaison Tryggestad debitor i skiftet, med nær 7 rd. (6-5-10). Han hadde anten lånt pengar, eller fått varer/ting av Paul, som han skulle betale seinare. Til samanlikning var det litt meir enn verdien av ei ku og litt mindre enn halvparten av hesten (etter verdsetjinga av dyra i skiftet). Skuldposten vart delt (venteleg for å spreie risikoen for tap), sonen og eine dottera fekk noko av det; resten såg eg ikkje i farta. Eg såg ikkje noko om slektskap.

 

Bygdebokskrivaren (for Sunnylven) må ha hatt ein grunn for å plassere Brite i barneflokken til Gunnar og Synnøve. Om ho manglar i kyrkjeboka kan ha fleire grunnar - det spørs kva du har leita etter. Ho kan vere fødd før foreldra gifta seg. Ho kan ha ei anna mor - og jamvel vere fødd i eit anna sokn (korkje Stranda og Hornindal er langt unna). Om ho var Synnøve si dotter før ekteskapet, skal det vel godt gjerast at ho ville vere "Gundersd.", men ikkje umogeleg.

 

Har du funne ut kvifor dei flyttar til Tryggestad? Er det ein slektning (barn?) som tek over på Langeland?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Nicolai Nicolaisen Tryggestad var oppgjeven som far til eit born (Nicolai Carolus) som Inger Poulsdtr. Honningdalsnes fekk i 1798 (høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Skodje i Borgund, Ministerialbok nr. 524A02 (1780-1817), "Uægte" fødte og døpte 1791-1800, side 221.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-114

 

Dersom bygdeboka for Sunnylven har rett om Brite sitt opphav, var Nicolai Nicolaisen og Inger Poulsdtr. syskenborn.

 

Om bygdeboka for Skodje har rett i at Brite var frå Vollset, er det verd å merke seg at denne garden låg under Indvigs Prestegjeld i Nordfjord. Kyrkjebøkene derifrå før 1750 har vorte øydelagde av brann. Skifter frå Vollset på denne tida, finn ein under Nordfjord sorenskriveri.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
IreneTangen

Takk for svar! Angående flytting fra Langeland til Tryggestad: I "Sunnylven og Geiranger II" skriv dei at det fant sted et makebytte mellom Gunder og ein Lars Larsson Tryggestad. Kona til Lars (Marit) var opprinnelig frå dette bruket på Langeland (yngste dotter av forrige bruker). Dette kan kanskje være ein grunn til at dei ønska seg til Langeland. Ein anna grunn som blir nemnd er at Lars kanskje ønska "namnebyte" ettersom han hadde vore ein av dei som tala bøndenes sak imot danskestyrets harde skattlegging, dette endte visstnok i eit slags opprør uten at det går så mykje i detalj om dette.

 

Har forøvrig stussa veldig over at det i bygdeboka for Skodje blir nemnd at ho er frå Vollset..finn ikkje noko som støttar opp om dette bortsett frå at det som muligens kan vere systera Inger giftar seg med Knut Danielsson som slår seg ned på Vollset.

 

I kyrkjeboka for Sunnylven fann eg trulovinga mellom Brite og Paul (1769) og ho skriv seg då for Brite Gundersdotter Langeland, Men like etter der igjen står det "copulert Lars Larsen Honningdalsnes og Brite Gundersdatter Tryggestad". I linja etter der igjen står det dåpen til Nikolai Tryggestads barn Anders der ein fadder er ein "Povel Honningdalsnes". Det som eg stussar på er om dette skjer på "ein og samme dag", eller om det skjer over ein gitt periode..verkar lite sannsynleg om dei ville ha forlova og gifta seg på den same dagen!? Se link (s.114): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?uid=500840&urnread_imagesize=full&show=61#toppen

 

Dessverre står det ikkje noko om Gunder eller Synnøve er enkemann/kvinne ved trulolvinga og vigsel (står kun navn på begge) så eg veit ikkje om dei kan ha vore gift med nokon før dei giftar seg. Trur da mest sannsynleg det må vere Gunder, trur han flytta til Langeland rundt 1735 så han kan ha vore gift ein anna plass som nemnd. Dessverre går ikkje kyrkjeboka for Norddal/Sunylven lenger tilbake enn til 1736! :/

 

Skulle verkeleg ønske at eg fann noko skifte etter Gunder og/eller Synnøve men klarer ikkje eingong å finne ut når dei døyr, siste eg har klart å finne er at dei er nemnd som fadder i diverse dåper, den siste rundt 1771.

 

Synes opplysninga om det uekte barnet mellom Nicolai Nicolaisen og Inger Paulsdotter var interessant, var det ikkje ulovleg å få born med syskenborn på denne tida, eller var dette oppheva da?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Takk for svar! Angående flytting fra Langeland til Tryggestad: I "Sunnylven og Geiranger II" skriv dei at det fant sted et makebytte mellom Gunder og ein Lars Larsson Tryggestad. Kona til Lars (Marit) var opprinnelig frå dette bruket på Langeland (yngste dotter av forrige bruker). Dette kan kanskje være ein grunn til at dei ønska seg til Langeland. Ein anna grunn som blir nemnd er at Lars kanskje ønska "namnebyte" ettersom han hadde vore ein av dei som tala bøndenes sak imot danskestyrets harde skattlegging, dette endte visstnok i eit slags opprør uten at det går så mykje i detalj om dette.

Det var ikkje så uvanleg å byte gard. Men det tyder iallfall at Gunnar og Synnøve var friske og rørige - så då kan det verte mange år å leite i. Det kan vere verd å finne ut når neste generasjon tok over på Tryggestad, og på kva slag vilkår (kår til Lars og/eller Marit?).

 

I kyrkjeboka for Sunnylven fann eg trulovinga mellom Brite og Paul (1769) og ho skriv seg då for Brite Gundersdotter Langeland, Men like etter der igjen står det "copulert Lars Larsen Honningdalsnes og Brite Gundersdatter Tryggestad". I linja etter der igjen står det dåpen til Nikolai Tryggestads barn Anders der ein fadder er ein "Povel Honningdalsnes". Det som eg stussar på er om dette skjer på "ein og samme dag", eller om det skjer over ein gitt periode..verkar lite sannsynleg om dei ville ha forlova og gifta seg på den same dagen!? Se link (s.114): http://www.arkivverk...&show=61#toppen

Permanent lenkje: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15968&idx_id=15968&uid=ny&idx_side=-61

 

Desse tre hendingane er på same dagen (2. pinsedag).Vigsla skulle lysast (kunngjerast) frå preikestolen ved tre gudstenester mellom truloving og vigsel.

Altså må det vere snakk om to par. Hadde Paul ein bror Lars?

Det kan tenkjast at paret som er vigde vart trulova ein annan stad (Skodje?). Og det kan tenkjast at presten har rota med eitt eller fleire namn.

 

 

Dessverre står det ikkje noko om Gunder eller Synnøve er enkemann/kvinne ved trulolvinga og vigsel (står kun navn på begge) så eg veit ikkje om dei kan ha vore gift med nokon før dei giftar seg. Trur da mest sannsynleg det må vere Gunder, trur han flytta til Langeland rundt 1735 så han kan ha vore gift ein anna plass som nemnd. Dessverre går ikkje kyrkjeboka for Norddal/Sunylven lenger tilbake enn til 1736! :/

Mange prestegjeld på Sunnmøre har ikkje bøker frå 1736....

 

 

Synes opplysninga om det uekte barnet mellom Nicolai Nicolaisen og Inger Paulsdotter var interessant, var det ikkje ulovleg å få born med syskenborn på denne tida, eller var dette oppheva da?

Jau, det var straffbart....sjølv om det var i ferd med å verte liberalisert. Forbodet mot ekteskap mellom syskenborn (og dermed som skjerpande regel ved legemål) fall bort i 1800, og praksisen var kanskje i endring i 1798. Straffene ved første gongs legemål var også mjuka opp, men ikkje oppheva. I dei neste innførslene har presten notert at forholda er "anmeldt Fogden" - men det var andre gongs legemål.

Men når slektskapen ikkje er notert, kan det tyde på at dei ikkje var i slekt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Det var ikkje så uvanleg å byte gard. Men det tyder iallfall at Gunnar og Synnøve var friske og rørige - så då kan det verte mange år å leite i. Det kan vere verd å finne ut når neste generasjon tok over på Tryggestad, og på kva slag vilkår (kår til Lars og/eller Marit?).

 

Skjøyte frå Gunnar til sonen Nikolai er her (øvst til høgre), 1771:

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=22714&uid=ny&idx_side=-349

 

(Skrivaren må ha skrive av feil i protokollen: det står "underskrevne Anders Larsen Helset", men det er underskrive av Gunnar.

Neste skjøyte er frå Anders Larsen Helset - og der er det han som har skrive under.)

 

Gunnar levde iallfall hausten 1771...

Men når han hadde selt garden (og rimelegvis buskap og lausøyre), er det lite truleg at det var noko skifte. Pengar er greie å fordele, og det var neppe nokon grunn til å halde offentleg skifte over dei (sannsynlegvis) få personlege eignelutane Gunnar og Synnøve etterlet seg.

 

Gunnar og/eller Synnøve kan ha flytta til ei av døtrene på slutten av livet - så det kan hende du må leite etter dødsfalla i andre sokn også

(eller andre etternamn/bustadnamn i Sunnylven).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
IreneTangen

Takk for hjelpa! Har ein mistanke om at dei kanskje har flytta ut av Sunnylven så får leite litt rundt, dei hadde døtre både i Skodje, Ålesund og i Norddal så det er fleire moglegheite. Ser kanskje ut som om dei er død før 1801 for eg kan ikkje finne nokon som passar i forhold til namn og alder nokon plass i FT 1801. Gunder (Gunnar) er forøvrig fødd rundt 1712 så det er vel lite truleg at han ville levd så lenge. Tenke eg skal leite litt meir i skifta etter borna til Gunnar og Synnøve, er eg heldig så døyr nokon barnlause så kanskje eg får peikepinn på kven syskena er.

 

Ang. trulovinga/vigselen: Paul Larsen Honningdalsnes hadde ein bror Lars; han blei gift 1782 med ei Anne Larsdotter Indre Skodje. Dei skriv då at han er "ungkarl" så eg trur ikkje det kan vere han. Kan vere noko roting med namn men det er vanskeleg å vite.

 

For øvrig fann eg nemnd i Bygdebok for Skodje bind II (side 29) at: "Lars (Knudsen Digernes) f.1744 G. 1776 med Anne Gundersdtr. Tryggestad, Sunnylven. Ho var søster til Brite i Nesvik." Paul og Brite budde forøvrig på Nesvik på denne tida. Kvar forfattaren har denne opplysninga frå veit eg ikkje.

 

Lurte forøvrig på om nokon vil hjelpe meg med litt kildetyding. Har leita litt i skiftet etter Nikolai Gundersen av den 10.07.1778:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24567/215/

Her står det: 1 son Anders Nikolaisen 8 aar med form. Poul Larsen Honningdalsnes.. så er det 4 ord eg ikkje klarer å tyde. Nokon som kan hjelpe?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Lurte forøvrig på om nokon vil hjelpe meg med litt kildetyding. Har leita litt i skiftet etter Nikolai Gundersen av den 10.07.1778:

http://arkivverket.n...read/24567/215/

Her står det: 1 son Anders Nikolaisen 8 aar med form. Poul Larsen Honningdalsnes.. så er det 4 ord eg ikkje klarer å tyde.

 

"... som derom er vidende." (dvs. at han ikkje er til stades, men er orientert på førehand.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Myklebust

I 1734 fikk Gunnar Olsen Stadheim (seinare Langeland) eit barn utanom ekteskap med Anne Iversdatter Tryggestad.

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok , 1732-1735, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/31112/191/

Midt på side 489b:

"LensManden Peder Iffuersen Hellesylt har ladet til dette ting indstefne Gunder Olsen Stadem [og Anne Iffuersdatter Tryggestad] for begangen Løslejes-
maahl med hinanden,......."

 

Anne Iversdatter Tryggestad vart i 1743 gift med enkjemann Peder Mortensen Helset. Anne døyr i 1761 og skifte vert halde 13. juni 1762.

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 20 , 1761-1763, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Merknader: Fol. 488-951. Nytt register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24561/97/

 

Arvingar er 2 døtre: Brithe Gundersdatter og Anne Pedersdatter.

Endret av Tor Myklebust

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
IreneTangen

Tuuusen takk for svar! Endeleg har eg noko å gå etter! :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.