Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Fattigmanntal Bergen 1864-1895 - kvar er detaljopplysningane?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Anders Sørensen Ødegaard med kone og fire born er nemnde i Bergen Fattigmanntal 1864-1895: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=11&filnamn=fg12011864&gardpostnr=15637&personpostnr=15637#nedre

 

Her kjem det fram at dei er omskrivne i protokoll 277 - 3. avdeling med referanse: "Ans. No. 189/79".

 

I manntalet er det opplyst at dei tre eldste borni hadde vore fosterborn på tre ulike stader kring Bergen, men at dei i 1885 vart "sende" til foreldri deira i La Crosse, WI.

 

Eg finn ikkje denne huslyden nemnd i "city directories" for La Crosse, WI i 1880-åri, i alle fall ikkje under namni Sorenson eller Odegaard, so eg mistenker La Crosse, WI for å ha vore ein "endestasjon" for jarnbanen eller noko liknande der det vart løyst reisebillett for dei tre borni, og at den rette bustaden var ein stad i nærleiken? MEN, "nær La Crosse, WI" er eit vagt begrep og kan høva med fleire counties i Wisconsin forutan tilgrensande counties i Minnesota og til og med i Iowa!

 

Går det fram av originalprotokollane kva den NØYAKTIGE adressen til Anders og Dorthea var i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ottar for kjapt svar! Me kan vel då berre slå fast at det ikkje finst fleire opplysningar enn dette hjå fattigstellet, eller finst det kanskje eit kartotek eller ei samling med dokument om dei ulike personane? Eg vil tru det må ha vore brevveksling eller kontakt mellom fattigstellet og foreldri for å få det til at borni utvandra?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Oyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Dette materialet er kommunalt, og det er Bergen byarkiv som sitter med arkivmaterialet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for svar på dette problemet!

 

Eg har teke kontakt med Byarkivet og ventar svar derifrå!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.