Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

SF, Hornindal: Guri Paulsdtr. Lødemel gm. Torbjørn Aamundson Hjellbakk

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg etterlyser opplysningar om paret Guri Paulsdtr. Lødemel og Torbjørn Aamundson Hjellbakk som gifte seg i Hornindal kyrkje 3. Juni 1753

(Heilt øverst i siste kolonne s. 73)

Kjeldeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Eid, Ministerialbok nr. A 2 (1741-1769), Kronologisk liste 1753, side 73.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8769&idx_id=8769&uid=ny&idx_side=-73

Permanent biletlenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070503620561.jpg

 

 

I boka "Hornindal Nordfjord. Ættelister for kvar gard i bygda" er det på side 102 under Ospehaugen på Lødemel nemnd at dei flytta ut av prestegjeldet men ikkje kvar. (I den boka er Torbjørn skriven Rasmusson)

 

Det eg er ute etter er kvar vart det av Guri og Torbjørn etter 1753 ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg reknar med at Torbjørn er frå Hjellbakke i Volda, og ikkje Hjellbakk i Hornindal. (som ein lett kunne tenke seg)

 

Det er vel då Torbjørn og Guri (her kalla Mathiasdtr.) ein finn på "Jellebakken" i Volda i 1801: http://digitalarkive...4&merk=654#ovre

 

Guri Poulsdtr. Hiellebakke (84 år gl.) døydde i 1806 (heilt til høgre):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Volda, Ministerialbok nr. 511A04 (1787-1816), Kronologisk liste 1806, side 135.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-138

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Hjerteleg takk for hjelpa Inge. :D

Eg reikna igrunnen med at Torbjørn IKKJE var honndøl opprinneleg pga farsnamnet, men trudde kansje hadde opphalde seg på Hjellbakk i Hornindal ei stund enten som fosterson eller som tenar og difor var skriven Hjellbakk ved vigsla.

 

Står det noko meir i Voldasoga om dette paret ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg må bare kommentere at alderen stemmer betre med "mi" Guri ved gravfestinga i 1806 enn ved FT-1801.

Men det er ikkje uvanleg at ein ser så stor sprik i alders"bedømmelse" med så få års forskjel på den tida.

I Ætteboka for Hornindal er ho oppgjedd fødd ca 1720.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Det er fleire utgåver av bygdebøkene i Volda (3stk?). Kva som står i den nye "Busetnadssoga for Volda" veit eg ikkje. Derimot finn eg garden Hjellbakke i denne utgjevinga frå 1950-talet: http://www.nb.no/nbs...7b3e?index=12#9

Her er det fleire feil, og Guri vert kalla Matiasdtr. her og, som det stod i 1801-tellinga. Ei seinare utgåve nemner borna som Rasmus (f. 1758), Åmund (f. 1759), Brit (f. 1763) og Mari (f. 1765)

 

Elles kan ein merke seg at far til Torbjørn, Aamund Torbjørnsen, som enkemann vart gift i 1749 med Barbra Pedersdtr., enkje etter Ole Pedersen Lødemel.: http://digitalarkive...5&merk=655#ovre

Skiftet etter Aamund Torbjørnsen stadfester at Barbra var enkje etter Aamund:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 18 , 1753-1757, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/24559/292/

 

Barbra (som eg ættar frå) og Guri var nok godt kjent frå før på Lødemel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Takk for nye opplysningar, Inge.

 

Eg ser i Ætteboka for Hornindal at Barbra der er oppgjedd som datter til Ola Pederson Lødemel og at namnet på kona hans er ukjent.

Barbra er oppgjedd som gift med Rasmus Torbjørnson Hjellbakk og at dei styrde bruket ei tid. (også der har forfattaren av Ætteboka for Hornindal tilka Aamund som Rasmus) - altså tydeleg vis ein del feil der og!

Endret av Harald L. Bakke - Davik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård
Ole Pedersen Lødemel hadde rett nok ei dotter som heitte Barbra, men ho var vel ei Olsdtr.?
Skiftet etter Ole Pedersen i 1742 viser at enkja hans heitte Barbra Pedersdtr.:
 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8 , 1733-1744, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Skifteekstrakter. Ved mikrofilming var protokollen katalogisert under Nordfjord sorenskriveri. Protokollen kommer derfor med her, selv om den senere har blitt flyttet til Stiftsamtmannens arkiv, der den hører hjemme. NB: Protokollene er ikke paginert. De angitte sidetallene er derfor fiktive.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24225/101/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081128620680.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ja det er nok forfattaren av ætteboka for Hornindal som har blanda saman mor og datter for då Barbra og Aamund gifter seg i Hornindal 1749 er ho innskriven som Barbra Pedersdtr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Då får eg lage eit supplerande tema med spørsmål om kva som står i Busetnadsoga for Volda om Guri og Torbjørn. ;)

 

Takk for god hjelp, Inge! :)

Endret av Harald L. Bakke - Davik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.