Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Henrik Hillersøy

Namneforvirring i "Gravminner i Norge"? To stk. Anne Madsie (Marie) i Kinn pr.gj.

Recommended Posts

Torbjørn Henrik Hillersøy

Anne Madsie Kornelia Pedersdtr. (1871-1948?) frå Fanøya under garden Batalden i Kinn

Dåpen her: Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6890&idx_id=6890&uid=ny&idx_side=-177 (nr. 91)

 

(Anne Madsie) Kornelia flytta til Florø 14/4 1887 for å arbeide som tenestejente hos baker Faye. Ho var der eit års tid før ho flytta heim att.

Anne Madsie var to gonger i Amerika, i 1892 og i 1901.

Seinare kom ho attende til Norge. Usikkert kven ho gifte seg med, og når ho vart gift.

 

Anne Madsie Oleanne Madsdtr. (1870-1948?) frå Hillersøya under Batalden i Kinn

vart truleg gift med

Henrik Olai Bertelson (1849-1918) frå Trettevik i Kinn

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6904&idx_id=6904&uid=ny&idx_side=-229

 

 

Bror til Anne Madsie, Abraham, budde førebels i Leversundet i 1910. Han var heime på besøk frå Nord Dakota.

 

______________

 

Iflg. Gravminner hadde den som gifte seg meg Henrik, Anne Madsdtr. som pikenamn, men vart fødd 23/6 1871 dvs. nøyaktig same dato som Anne Madsie Kornelia Pedersdtr. !!!! http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=1401&mode=gp

 

I 1910-FT er ho skreven som Anne Madsdtr! Her er dåpen til henne: Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6890&idx_id=6890&uid=ny&idx_side=-171 (nr 150)

 

 

Kva for ei Anne vart gift med Henrik? Truleg Anne Madsdtr. Men korleis har ein klart å forveksle dei to i Gravminner?

 

Mvh Torbjørn

 

 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Hei Torbjørn. Ved giftemålet i 1909, så står Mads Østensen oppgitt som far til bruda, så då skal vi vel til Hillersøya.

 

Her er FT 1910, Henrik Bertelsen, gift med Anne Madsdtr.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036734003241

 

Datoen i gravminner har eg ikkje noko forklaring på.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

ja, opplysningane i krk. bok må vel vere rett vil eg tru!

 

Men kor vart det av Anne Madsie Kornelia Pedersdtr.? Flytta ho permanent til USA?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Hei Torbjørn. Ved giftemålet i 1909, så står Mads Østensen oppgitt som far til bruda, så då skal vi vel til Hillersøya.

 

Her er FT 1910, Henrik Bertelsen, gift med Anne Madsdtr.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036734003241

 

Datoen i gravminner har eg ikkje noko forklaring på.

 

mvh Egil

 

Kanskje har nokon meldt inn ein fødselsdato til Dis Gravminner slik at det har vorte gjort ei korrigering i databasen deira, og så viser det seg no at dette er feil person? Eg har ein mistanke om at det er litt vel enkelt å få endra ting hos gravminner utan å vise til kjelder, og det burde kanskje også ha funnest ein historikk over kva som er blitt endra når og kvifor. Men om dette er årsaka til feilen er berre ein spekulasjon frå mi side. Også gravregistera inneheld mange feil, og då er det bra at det finst mogelegheit til å få korrigert dataane. (Men historikken bør altså vere tilgjengeleg).

 

Redigert: Her ser det ut til å vere gravregisteret som er problemet. Søkjer ein på Anne Leversund i http://kinn.kyrkja.no/index.phtml?pid=8891 finn ein den same fødselsdatoen der.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for svar Torbjørn!

 

Men kor er då Anne Pedersdtr.? Er Anne M. forveksla med Anne P. så må vel Anne P. finnes ein plass i registeret og kanskje?

Korleis har dei kome fram til akkurat 23/6 1871 ? Hadde kanskje ikke Anne M. fødselsdato i Gravminner  før nokon kom og meldte inn feil dato på ho?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Dødsannonsen i Firda Folkeblad 22/1 1948 gjer ikkje forvirringa noko mindre. Anne Leversund - 76 1/2 år - altså fødd ca midt i 1871.

 

post-77-0-33835600-1391555865_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for den Torbjørn! Ja, det peiker jo faktisk mot Anne P.  Kven er det som set inn dødsannonser i avisene? Dei pårørande?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

(...)

Hadde kanskje ikke Anne M. fødselsdato i Gravminner  før nokon kom og meldte inn feil dato på ho?

Som du ser har eg redigert innlegget etter at eg skreiv det om Gravminner, og det viser seg at same feilen også finst i gravregisteret. Då er nok feilen gjort før både gravminner og internett. Lenge før, ser det ut til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Skal tru kor nær familie ho hadde. Kanskje har ein ikkje visst kor tid ho var fødd, og så har nokon slått opp i kyrkjeboka og funne feil Anne Madsie?

 

Det virkar vel mindre sannsynleg at Anne Leversund = Anne P. som har fått feil jentenamn i gravregisteret? Men kven veit?

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Ja det kan sjå ut som feilen, eller forvekslinga, vart gjort allerede dødsåret, ut frå dødsannonsa i avisa. Anne M. hadde i 1948 nevøer og nieser på Hatledal (Nesbø) i Bremanger. Det var vel den delen av slekta som var nærast geografisk.

 

Eg er einig i at det er lite sannsynleg at Anne Leversund = Anne P. med feil jentenamn.

 

Men kor er då Anne P.?

Anne P. var forresten syster til Anders Pederson, stamfar til Fredheim-slekta i Florø.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for det Torbjørn! Anne og Henrik Leversund hadde ikkje born.

 

Så då må det vere slekta på Nesbø som er næraste pårørande for Anne M. Hadde også slekt på Værøy i Lofoten.

For Anne P. er det Fredheim i Florø.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Bjerkevoll

Kanskje har nokon meldt inn ein fødselsdato til Dis Gravminner slik at det har vorte gjort ei korrigering i databasen deira, og så viser det seg no at dette er feil person? Eg har ein mistanke om at det er litt vel enkelt å få endra ting hos gravminner utan å vise til kjelder, og det burde kanskje også ha funnest ein historikk over kva som er blitt endra når og kvifor. Men om dette er årsaka til feilen er berre ein spekulasjon frå mi side. Også gravregistera inneheld mange feil, og då er det bra at det finst mogelegheit til å få korrigert dataane. (Men historikken bør altså vere tilgjengeleg).

 

Redigert: Her ser det ut til å vere gravregisteret som er problemet. Søkjer ein på Anne Leversund i http://kinn.kyrkja.no/index.phtml?pid=8891 finn ein den same fødselsdatoen der.

 

"Eg har ein mistanke om at det er litt vel enkelt...."

 

Eg meiner at når ein kjem med ein slik insinuasjon som temmeleg direke seier at nokon gjer ein for dårleg jobb så bør det være bygd på noko meir enn "mistankar".

 

Her vart det jo etter kvart oppklara at det ikkje var "Dis-gravminner" som var "syndaren" men det heng likevel att ein mistanke om likesæle.

 

Derfor kopierer eg innlegget ditt og spør i DIS-slektsforum om kva som er røynda og om det er belegg for dine mistankar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Renathe-Johanne Wågenes - DA

Hei

Databasen for Eikefjord i Flora er fra kirkevergen. Etter at personen ble lagt inn på Gravminner har det ikke vært sendt inn korrigeringer og gjort rettinger på personen: Anne Marie Leversund født Madsdtr. 23/6-1871, begravet 25/1-1948

Dvs. at det evt. må være en feil i gravregisterert til kirkevergen eller det er forskjellige personer?!

 

Endringer i gravminner: Enten må man stole på de som sender inn korrigering/tilleggsinformasjon ellers så må man ikke gjøre endringer i det hele tatt. Dette er et dugnadsprosjekt og pr i dag over 61 000 innsendte korrigeringer/tilleggsinformasjon. Disse blir endret av en håndfull personer som ikke har anlending til å gjøre undersøkelser om den informasjonen som sendes inn.

F.eks dette er min bestefar, han ble født i Harstad i 1940.... Hvordan skal man dokumentere eller sjekk opp en slik informasjon? kirkebøkene er sperret og man skal man betvile barnebarnet.??

 

Resultatet kan bli at korrigering blir stengt og dermed mister man mulighet til å få endret opplagte feil og mangler.


PS. for de som lurer, går det an å hente opp for administrator i Gravminner når og hvilken informasjon som er blitt endret på en person. Dette er ikke tilgjengelig for allmenheten. Det er ikke teknisk mulig pr i dag. Kanskje en gang i fremtiden??!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for svar Renathe!

 

Veit du korleis kirkevergen henter inn slike opplysningar? Korleis vart desse opplysningane ført før dataalderen?

 

 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Renathe-Johanne Wågenes - DA

Før dataalder var det gravprotokoller. Nå skal vi her ta høyde for at det kan være gjort en feil ved innføring på data fra protokoll. Dette er utført av mennesker, og vi gjør alle feil og lager våre trykkleifer :-) Kun primærkilden kan si hva som står der egentlig, men vi vet at selv den som skrev primærkilden gjorde feil......

Derfor må flere kilder sammenstilles (og da er ikke orginal og gravminner motparter, da de er samme kilde) og så må man tilslutt gjøre seg opp en mening om hva som er korrekt og hvem denne personen egentlig er. Husk at å slektsforsker bruker man nesten like mye tid på å eksludere personer som å inkludere personer i sitt familietre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Ja feil kan lett oppstå, det kan eg skrive under på!

 

Det kan vel i dette tilfelle sjå ut som at Anne Marie Madsdtr. på ein eller annan måte er forveksla med Anne Marie Pedersdtr. (begge er skrevne som Anne Madsie under dåpen av presten i krk.bok) ved innføringa i gravprotokollen, eller frå gravprotokollen til data, i og med den eksakte datoen.. eller?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Renathe-Johanne Wågenes - DA

Det er dette som blir vanskelig å bevise eller tolke. Man kan jo evt. høre med kirkevergen hvis de har orginalen hva som står der...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Ja det kan eg gjere! :-) Spm. ang. dødsmelding er allerede sendt til SAB

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

"Eg har ein mistanke om at det er litt vel enkelt...."

 

Eg meiner at når ein kjem med ein slik insinuasjon som temmeleg direke seier at nokon gjer ein for dårleg jobb så bør det være bygd på noko meir enn "mistankar".

 

Her vart det jo etter kvart oppklara at det ikkje var "Dis-gravminner" som var "syndaren" men det heng likevel att ein mistanke om likesæle.

 

Derfor kopierer eg innlegget ditt og spør i DIS-slektsforum om kva som er røynda og om det er belegg for dine mistankar.

 

Dette vart drege noko langt i forhold til det som var tanken min. Eg ser at innlegget mitt kunne tolkast på ulike måtar. Eg har ikkje meint at nokon gjer ein dårleg jobb. Men eg veit generelt at det vert gjort feil både tidt og ofte, og difor vil det alltid vere ein fordel at kjelder vert gitt opp (og helst sjekka dersom det er mogeleg), og at ein kan få sjå historikken over kva for endringar som har vore gjort. Når det gjeld Gravminne-databasen er det mange eksempel på at det er vist til kjelder i feltet for kommentarar. "Mistanken" min om at det av og til kan vere i enklaste laget å få gjort korrigeringar kjem av eiga erfaring etter at eg har sendt inn korrigering av typen "Etternamnet skal vere Vindheim i staden for Haugland, som er jentenamnet", den og den døydde den og den dato og vart gravlagd den og den dato, osv., utan å gje opp noko som helst slags kjelde. Dette har blitt korrigert utan at det har vore stilt spørsmål. I desse tilfella veit eg at det eg har sendt inn er rett, og då er det jo bra at det er mogeleg å få dataane korrigert. Men det reiser samstundes spørsmålet om det bør vere så enkelt å få gjort korrigeringar. Dette er eit tema som eg veit har vore diskutert på forumet før, utan at eg på ståande fot kan greie å finne att den/dei trådane. Og temaet kjem heilt sikkert til å verte diskutert også i framtida. Mi meining er at det bør vere mogeleg med korreksjonar, men då må ein også ta høgde for at det lett kan oppstå feil. Det var dette som var poenget mitt i denne samanhengen. Meininga var såleis ikkje å starte ein debatt om gravminnedatabasen, men å prøve å finne og få sjekka ut mogelege forklaringar på kvifor desse to personane ser ut til å vere blanda saman.

 

Eg ynskjer elles å gje ei stor takk til Renate og alle andre som jobbar/har jobba med denne databasen, som er blitt ei fantastisk kjelde til å finne slektsopplysningar. Eg har forståing for at det er begrensa kor mykje ressursar ein kan bruke på å sjekke data, sidan alt vert gjort på dugnad. Likevel vil det alltid vere rom for forbetringar, og mogelegheita for å sjekke historikken over eventuelle endringar er eit eksempel på dette. Men det er iallefall bra å vite at Dis har denne oversikta sjølv.

 

Eit problem med gravminnebasen er at eldre sletta graver ofte ikkje er med, og det er difor stort sett dødsfall av nyare dato som ein finn der. Databasen hadde difor blitt endå betre dersom nokon kunne ha dataregistrert dei gamle gravprotokollane.

 

Elles lurer eg på om det finst kart over dei ulike gravene (både noverande og sletta graver) på ein gravplass. Dette ville ha gjort det lettare å finne ei grav på ein gitt gravplass. Er det i så fall mogeleg for Dis å skaffe til rettes og å få lagt desse karta ut på nettet?

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg har elles ein "mistanke" om at kyrkjeboka og gravregisteret er samanfallande. Difor er det naturleg å samanlikne med dødsfallprotokollen, som forhåpentlegvis er ei uavhengig kjelde(?). Dødsfallprotokollen vil forhåpentlegvis også seie om ein har med Nesbø-slekt eller Fredheim-slekt å gjere  :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Bjerkevoll

Takk til Renate-Johanne for redegjørelse om "Gravminner" og til Torbjørn I for utmerket klargjøring av hva han mente og de erfaringer han har gjort.

 

Uttrykket "Mistanke om" er vel i utgangspunktet noe negativt ladet, og derfor ble nok min reaksjon mest et bomskudd.

 

Men det var da greit å få gått ei runde med avklaring om Gravminnedatabasen selv om det kanskje har tatt vekk fokuset på det egentlige spørsmålet tråden handlet om her, Anne Madsie.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

YN har svart på spørsmålet om oppslag i dødsfallprotokoll. Svaret var diverre at han ikkje fann noko registrering på Anne Leversund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Nei, det var utgjort!  Eg får prøve kirkevergen i Kinn.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg har nettopp sendt følgjande til kyrkjekontoret, så no vart det vel dobbelt opp:

 

Hei!
 
Hos Digitalarkivet går det føre seg ein debatt om mogeleg samanblanding av to personar.
 
I gravregisteret finn ein følgjande:
Anne Marie Madsdtr. Leversund,   23.06.1871  17.01.1948
 
I følgje kyrkjeboka vart det fødd ei Anne Madsie Pedersdtr. 23/6 1871, medan ei Anne Madsie Madsdtr.vart fødd 4/7 1870
 
Eg lurer på om det er mogeleg å få sjekka oppføringa frå 1948 mot gravprotokoll og/eller kyrkjebok. Dessutan lurer eg på om de kan greie å finne ut kven som var pårørande/slektningar/festar, sidan denne informasjonen kan føre til at saka vert oppklara.
 
Mvh.
Torbjørn Igelkjøn

 

 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.