Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes og Marie Olsen i Bergen 1910 og 1912 - lagnaden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

FT1910 for Forstandersmuget 5 i Bergen, 2. etasje, syner denne huslyden (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708067507):

 

~~~~~~~~~~~

 

001 01 Johannes Olsen 24.01.1883 Hadsel hf g Fyrbøder D/S H. Adelstein b

002 01 Marie Olsen 18.12.1885 Tromsø hm g Husgjerning b

003 01 Ole Nilsen 09.07.1841 Hadsel b e uten erhverv mt

004 01 Oline Kristoffersen 20.04.1890 Tromsø el ug syerske b

 

~~~~~~~~~~~

 

Johannes og Marie budde same stad i 1912, men då er Johannes kalla verkstadarbeidar, og han og Marie er innflytte i 1909!  Ole Nilsen er IKKJE nemnd i 1912!  Han flytte opp att til Hadsel der han døydde i 1933.

 

Ole Nilsen var fødd i HAFSLO 9.8.1841, men hadde butt mange år i Hadsel i Vesterålen.  Kona Anna døydde på Lekang i Hadsel 31.10.1904, og fleire av borni synest ha nytta Lekang som ættenamn.  Mellom borni hans var sonen:

 

Johannes Olsen, fødd i HADSEL 24.1.1883, som altso i 1910 og 1912 budde i Forstandersmuget 5 i Bergen.

 

Eg finn ikkje noki Marie fødd i Tromsø 18.12.1885.

 

Er det mogeleg å følgja denne huslyden gjennom t.d. Bergen Folkeregister for å sjå kvar det vart av dei?  Finst det dødsmeldingar etter Johannes og/eller Marie Olsen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Bergesen

Johannes gift 2g i JK 22/4-1950 og dør 29/4-1960 begr. 4/5-1960 i JK Drosjeeier gift f 24/1-1883 i Storkmarknes bopel Zetlitzgt. 5 Bis Solheim.

Endret av Rune Bergesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Marie Elida Olsen, drosjeeiers hustru, født i Tromsø 18. desember 1884, døde i Bergen 26. november 1949. Hun etterlot seg enkemannen Johannes, som arvet alt etter gjensidig testament datert 21. august 1949.

 

Johannes Olsen giftet seg igjen i 1950 med Emma Olivia, født i Bruvik 24. april 1897.

 

Johannes Olsen døde 29. april 1960. Hans enke Emma Olivia var enearving etter gjensidig testament datert 29. april 1950.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune og Yngve for kjempeflotte opplysningar!

 

To små tilleggsspørsmål:

 

* Er det mogeleg å finna dato og stad for dødsfallet til Emma Olivia Olsen, fødd i Bruvik 24.4.1897?

 

* Er det i so fall mogeleg å få greie på ervingane hennar?

 

Ervingane (søskeni eller borni deira) av Johannes Olsen burde jo ha rett til arv etter at Emma døydde...(?)

 

Eg takkar igjen for god hjelp!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Emma Olivia Olsen var i live i 1982. Da flyttet hun i Fyllinngsdalen. Folkeregisterkortet hennes forteller ikke om dødsfallet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for nye interessante opplysningar!

 

Det ser ikkje ut til at dødsfallet til denne Emma Olivia skal vera so lett å finna, men syner folkeregisterkortet om ho hadde born?  Ho heitte Fond då ho gifte seg med Johannes og var, so vidt forstår, fråskild.

 

Eg er berre interessert i KOR MANGE søner og døtrer ho hadde?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Emma Olsen døde 1. januar 1990. Hun etterlot seg en datter fra sitt første ekteskap. Hun hadde ikke barn med sin andre ektemann. Ifølge dødsmeldingen hadde han ikke søsken, slik at arven gikk til avdødes datter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for dette siste innlegget som gjev eit endeleg svar på dette problemet.  Me får diverre ikkje greie på søskeni hans Johannes (det var ein "lettvin" måte å løysa arvefølga på, men kan henda var det over hovudet ikkje nokon kontakt med skyldfolki hans...!), men meir kan me ikkje få ut av kjeldene i Bergen!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.