Gå til innhold
Arkivverket
Inge Nygård

SF, Davik: Endre Ingebrigtsen Aardal (d. 1720) – hans koner og born

Recommended Posts

Inge Nygård

I bygdeboka for Davik skriv Aaland at Endre Ingebrigtsen var gift med (Brite) Noesdtr. Reksnes, som skulle ha døydd i 1697. Endre vart deretter gift med Anne Josephsdtr. Aase, som ifølge bygdeboka døydde 52 år gammal i 1761. Dvs. at ho skulle vere fødd ca. 1709, medan mannen døydde i 1720....

Skiftet etter Borni Dirichsdtr. Aase frå 1709 viser at dottera Anne på det tidspunktet (1709) var gift med Endre.

 

Spørsmålet mitt vert då om nokon veit om kjelder som omhandlar denne Brite Noesdtr.? For alt eg veit, treng ho ikkje ha eksistert. Anne Josephsdtr. var mykje eldre enn bygdeboka skriv, og ho kunne teoretisk ha vore mor til alle borna som Endre hadde.

 

Anne Josephsdtr. på si side var gift i alle fall tre gonger, og ekteskapa førde henne ut av prestegjeldet (Davik) og til Selje/Vågsøy. Fleire av borna følgde henne, og dette gjer sitt til at det er vanskeleg å ha oversikt over dei.

 

Ho vart gift med Joen Olsen Nordpoll (Polden), som det var skifte etter i 1734.

Borni Endresdtr. og mannen Jeremias Pedersen (Håvik) tok over bruket i Nordpollen etter Joen og Anne.

 

Anne vart trulova og også gift i 1738 med Anders (Rasmussen?) Refvik.

Ho døydde i 1754 på Refvik, og då var ho oppgjeven til å vere «81 år 4 uger» gammal.

Bruket i Refvika vart overteke av Endre Endresen.

 

Eit skifte frå 1731 på Reksnes nemner at Endre Ingebrigtsen hadde 4 søner og 5 døtre.

 

Eg har funne desse sønene etter Endre Ingebrigtsen (med lekkjer til gardane i bygdebok):

 

Ingebrigt Endresen (Årdal bnr. 4 i Davik Prestegjeld)

Noe Endresen (Svoren bnr. 1 i Davik Prestegjeld)

Joseph Endresen (Kvernevik bnr. 2 i Selje Prestegjeld)

Endre Endresen (Refvik bnr. 11 i Selje Prestegjeld)

 

Det har vorte nemnd at Poul Endresen Reksnes kunne vere son til Endre Ingebrigtsen, men dette stemmer ikkje. (Han var sonen til Endre Olsen Høynes)

Elles er det nemnt i bygdeboka at kona til Noe Endresen Svoren, nemleg Mari Thorsdtr., døydde 105 år gammal i 1787. Det vart halde skifte etter ho i 1734. Kanskje ikkje grunn til å stole så altfor mykje på Aaland.....

 

Eg har vidare funne desse døtrene:

 

Brite Endresdtr. (Ytre Reksnes bnr. 2 i Davik Prestegjeld)

Borni Endresdtr. (Nordpollen bnr. 3 i Selje Prestegjeld)

Synneve Endresdtr. (Kvernevik bnr. 3 i Selje Prestegjeld)

Ragnilde Endresdtr. (Vederhus i Selje Prestegjeld)

 

Det manglar då ei dotter. Er det nokon som veit kven det skulle vere?

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Hva er kilden til at Paul Endresen Reksnes er sønn til Endre Olsen Høynes?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

I skiftet etter Johannes Endresen på Nedre Høynes i 1739 er farbrørne Ole (Ytre) Remme, Rasmus Humborstad og Poul Reksnes nemnde som formyndarar for borna.

 

I 1701 er Endre Olsen brukar på Nedre Høynes og har då sønene Ole, Johannes og Rasmus.

 

Eg ættar sjølv etter ein femte bror, nemleg Arne Endresen Barmen.

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Jeg er enig med deg at Paul Endresen Reksnes må være fra Høynes.  I skiftet etter han er bl.a. Efi Johan(ne)sdatter Høynes nevnt blant kreditorene.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24233/197/

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Forøvrig er Effi eit lite brukt namn, men både Johannes Endresen Høynes, Poul Endresen Reksnes (Effi Poulsdtr. levde frå 1750 til 1757) og Arne Endresen Barmen hadde døtre med dette namnet.

Eg trur difor at kona til Endre Olsen Høynes heitte Effi, men dette har eg ikkje noko handfast prov på. Men "Effi Polsdtr. Rimme" som døydde 73 år gammal i 1742, kunne høve bra i denne samanhangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Effi (av Eufemie) ser jeg er mye brukt i kretsen rundt Vereide-slekta, bl.a. i Synnylven.  Effi på Remme kan være en god kandidat.

 

Jeg har vært bort i disse menneskene tidligere uten å ha funnet noen gode løsninger. Bygdebok for Kjølsdalen Krins har plassert Peder Olsen Reksnes som Ole Pedersen Lefdal, Bøen, gift med 1) Else Jakobsdatter Haus, og 2) Ragnhild Iversdatter Aardal, så her er det rom for forvirring.  Har du klart å sortere ut slektskapsfoholdene etter skiftet på Reksnes? Her står bl.a.:

 

"Endre Aardahlens fire Sønner og fem Døttre som var denne hans døde Sahl Mands halfbrødres børn,  og eller half Søskinde børn til disse andre forannevnte arvinger"

 

Dette skulle vel bety at Endre Aardal var halvbror til Peder Olsen.

 

 http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24224/215

 

I skiftet er følgende navn:

, og som den Sahlig Mand ved Døden afgik uden Børn eller livsarvinger, blev angivet og till deels nærværende alle hans afdøde søskinde, deres nu igienlevende og etterlatte børn og arvinger, navnlige:

 

 1. Jacob Olsen Yttre Nore
 2. Peder Olsen Lefdahl
 3. Erich Olsen Berstad
 4. Ingebrigt Samuelsen Hessevig
 5. Iver Samuelsen Solliedbachen
 6. Ole Larsen (Schalle?) ..  !
 7. Peder Noesen Kiøde
 8. Noe Noesen Bærstad
 9. Eli Olsdatter Lefdahl
10. Brite Olsdatter Lefdahl
11. Marite Larsdatter Løseth
12. Synneve Larsdatter Thue
13. Synneve Noesdatter,
14. Synneve Samuelsdatter Bortne, og
15. Dorthe Samuelsdatter, så også
16. Endre Aardahlens fire Sønner og fem Døttre som var denne hans døde Sahl Mands halfbrødres børn,  og eller half Søskinde børn til disse andre forannevnte arvinger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Skalle er vel ein gard på Sunnmøre (Vanylven ?)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

R. Emil Sæther, bygdebok for Vanylven, bind II side 82.

"Skalle bruk nr. 1. Brukar 1721-1760 Ole Larsen g.m. Dorte."

 

H. M. Fiskå, bygdebok for Vanylven, Gard og Ætt, side 236

"Ole Larsen g. før 1729 m Dorte, br. 1721/60"

 

Korvidt dette er Ole Larsen nemndt i skiftet utlagt av Tor har eg ingen kunnskap om...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Takk, Harald og Morten.  Da tror jeg vi har funnet riktig Skalle. Tidsperioden stemmer veldig bra. :). Morten: Står det noe som gir noen pekepinn om foreldrene til Ole og/eller Dorte? At far til Ole Skalle heter Lars er greit nok, men er Lars en Skalle, og kan Dorte være fra Nordfjord - eller omvendt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Nei, Tor, det står dessverre ingen ting som kan forklare noko om opphavet til desse to. Ingen Lars blandt tidlegare brukarar og Dorte har ingen farsnamn tilknytt seg og det er difor vanskelig å seie noko om ho er datter av nokon av dei tidlegare brukarane. Desse brukarane er forrøvrig

 

"1683-96 Rasmus Jetmundsen"

"1700-11 Erik Pettersen 1650-1702 g.m Marte Andersdatter" og

"1711-21 Knut Mogensen g.m. Brite Christensdtr. Slagnes"

 

Der var nokre brukarar før desse nemnde men dei er vel ganske uaktuelle. Sidan dette er personar utanom min eigen slektskrets (hittil iallefall) har eg ikkje nokon kunnskap om dei heller.

 

Ser ikkje ut til å vere skifter etter dei (under Skalle!)  som kan gje nærare informasjon heller dessverre ... Kun ein av dei nemnde brukarane har eige skifte. Grunnen til at eg kan seie dette er at eg har eit hefte der dei fleste skifta som omhandlar gamle Vanylven sogn er medtekne. Forrøvrig forfatta av ein utflytt vanylving ved namn Olav Gusdal.

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Min teori her er at som bygdeboka for Kjølsdalen krins nemner, var det ein Peder gift med ei som vert kalla Synneve. Desse hadde iallefall 5 born. Denne "Synneve" vart gift att med Ingebrigt, og desse fekk sonen Endre Ingebrigtsen.

 

Peder og "Synneve" hadde borna (tilfeldig rekkefølge):

 

1) Ole Pedersen (Reksnes) som var bornlaus ved skiftet i 1731.

 

2) Ole Pedersen (Lefdal) med borna

   - Peder Olsen Lefdal

   - Jacob Olsen Nore (yttre)

   - Erich Olsen Berstad

   - Brite Olsdtr. Lefdal

   - Eli Olsdtr. Lefdal

 

3) Lars Pedersen (Kriken) med borna

   - Ole Larsen Skalle

   - Marithe Larsdtr. Løvold

   - Synneve Larsdtr. Thue

 

4) ? Pedersdtr. (Lefdalsnes) med borna

   - Peder Noesen Kjøde

   - Noe Noesen Berstad

   - Synneve Noesdtr.

 

5) Dorthe Pedersdtr. Aardal med borna

   - Ingebrigt Samuelsen Hessevik

   - Iver Samuelsen Solibakke

   - Synneve Samuelsdtr. Bortne

   - Dorthe Samuelsdtr.

 

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Tor

 

Via skifteheftet til Olav har eg funne ut meir om Dorte og Ole. Ifølge eit skifte 25 aug. 1749 etter Ola Pedersen Hellebust og kona Brita Olsdatter er han bror til Dorte Pedersdatter g.m Ole Skalle. I ein anmerkning til dette svært store skiftet har Olav bemerka at Ole Skalle er sønn av Lars Pedersen Reksnes og dermed bror til Marit Larsdatter Løvoll og Synnøve Larsdatter Thue. Dorte har forrøvrig seks syskjen (Kristen Pedersen Nave, Lars Pedersen Kriken, John Pedersen Sundal, Anne Pedersdatter Almklov/Sunndal, Inger Pedersdatter Nedreberg i Syvde og Hakatle Pedersdatter (uklart kvar ho var gift, mulig Rundereim).

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Inge: Til det opprinnelige spørsmålet i innlegg 1: Om (Brite) Noesdatter har eksistert som kona til Endre Ingebrigtsen får vi kanskje aldri vite,  om hun ikke skulle dukke opp i et skifte.  At Aaland har fornavnet hennes i parentes tyder jo på at han var usikker.  Alle aktuelle barn synes uansett å være med Anne Josephsdatter.  At navnet hennes er nevnt i skiftet etter moren i 1709, har nok på et tidspunkt blitt tolket som at hun var født dette året.

Hvordan blir oppsettet ditt i innlegg 11 etter opplysningene til Morten?

 

Morten: Takk for et interessant skift.  Lars Pedersen Reksnes er en av mine tipper, men i skiftet er ingen av de personene du har med foran, nevnt. http://arkivverket.no/URN:sk_read/24226/234/  . Kanskje er det flere med samme navn, men det kan også se ut til at han har vært gift flere ganger, og at disse er barn fra et tidlig ekteskap.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

re. innlegg nr. 12

 

Tor (og Inge). Beklager at eg har laga forvirring rundt kven Ole Skalle er sin son. Sånn går det når ein stolar på det andre gjer utan å faktisk sjekke ut fakta sjølv! Inge har sjølvsagt heilt rett i at Ole er son av Lars Pedersen Kriken. Her er skiftet som bekreftar alt Inge har skrive angåande Ole Larsen og Lars Pedersen Kriken: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24546/63/

 

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Det var en nyttig oppklaring, så takk for den, Morten.  Jeg har prøvd å lete litt i skifter i Vanylven, men det tar tid når det ikke er laget en søkbar database slik vi har for Sogn og Fjordane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Vel, der har faktisk  vore (og er) ei søkbar database tilgjengelig. Opprinnelig var denne oppretta og vedlikeholdt av Arnstein Slinning, men om han er ansvarlig no lenger veit eg ikkje. Iallefall har arkivverket no overført denne til den nye formen for database her på Digitalarkivet og den er tilgjengelig her http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/sok/9/100241

 

Eg brukte den opprinnelige (glimrande!!) databasen ein del før omlegginga og var stort sett veldig godt fornøgde med den! Dessverre fann eg ein del unøyaktigheiter - ved at skifter var registrerte til feil sogn og kommunar samt i nokre tilfeller ved at unøyaktig/feil namn var registrert på den som det vart skifta etter. Tok ein del notat ang. dette men kom meg dessverre aldri til å sende opplysningane til Arnstein. Dette gjelder hovedsaklig skifter som høyrer til sogn i noværande Vanylven kommune. Eg har ikkje sjekka om desse unøyaktigheitane er ført vidare i denne nye databasen. Unøyaktigheitane eg har merka meg er i stor grad (men langt frå unikt) knytte til at Myklebust i Syvde har vorte forveksla med Myklebust i Sande kommune.

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg har nok tidlegare sett dette siste skiftet som Morten lenkar til, og eg meiner det er dei same personane som er nemnd i skiftet på Reksnes. Det er nok dette skiftet som er kjelda til at eg nemner Lars Pedersen med namnet Kriken. Det som er problemet, er vel at det er fleire ulike personar nemnde i denne tråden med namnet Lars Pedersen.

 

- Lars Pedersen Kriken med skifte 1707 (som eg trur er frå Årdal i Davik prestegjeld, og ikkje Reksnes)

Den Lauritz Pedersen som er nemnd som son i 1660-manntalet (m.a. i lag med ein oppsitjar Engelbert og ikkje mindre enn tre stk. Oluff Pedersen!) er vel ein god kandidat.

 

- Lars Pedersen Kriken som Morten nemner var bror til Dorte Pedersdtr., Ole Larsen Skalle si kone.

 

- Lars Pedersen Reksnes som Tor nemner, men som eg ikkje kjenner opphavet til. Eg lenkar til skiftet hans her. Han er elles mellom mine eigne aner, både gjennom dottera Marithe Larsdtr. (gift med Gregorius Olsen Kjøllesdal) og sonen Ole Larsen Reksnes (og hans son igjen Peder Olsen Ervik). Ole Larsen Reksnes sine etterkomarar kjem vel greit fram gjennom skiftet etter dottera Kari Olsdtr. på Rødeggen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Enig i at dette er gode kanditater selv om man må lene seg litt på Aaland, også - her er både Peder og Synneve :

 

"Årdal. Nr. 4.

Peder, br. i 1640-åri 18 mk., sidan 1 pd. 21 mk.

Segner um han liver endå. *Synnøve, n.
1646. I 1666 n. søn. Oluf 17, Laurits 10 og Oluf 6 a. g.

 

Ingebrigt, f. ikr. 1626, br. 1661 halve Ø.-Årdal."

 

Men da blir spørsmålet om hvem blir da Lars Pedersen, nevnt et par ganger før, som giftet seg med enken Else på Indre Reksnes nr. 1.  Han døde 90 år gammel i 1744 i følge vår Aaland.  Hvis Lars Pedersen Kriken er sønn til Peder og Synneve Aardal, må på Lars Pedersen på Reksnes nødvendigvis være fra et annet sted, noe som vi selvfølgelig ikke kan utelukke. Dette er ikke delt enkelt..

 

Kjenner noen til hvor det ble av den Lars Pedersen Sundal som er oppført i bygdeboka for Vanylven?

 

Fra bygdeboka for Vanylven – SUNDAL. Bn. Nr. 1.

1656 – 08  Peder Olufsen 1618 – 1708 g.m. Marit Christensdtr.

Born: 1. Jon (n.br.), 2. Dorte. 3. Christen. 4. Anne. 5. Lars. 6. Marit. 7. Oluf.

Endret av Tor Kvien

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×