Gå til innhold
Arkivverket

Anna Jensdotter (1770?-1831) - frå Os (Fusa) til Sogndal kring 1790?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I Sogndal dukkar det i 1794 opp ei Anna Jensdotter som tenestejente på Aals prestegard.  Dette året får ho ei dotter Magdalena Margrethe, oppkalla etter dotteri til sokneprest David Werner Edvardson Christie og kona Sara Cornelia Johansdotter Koren.

 

Barnefaren var Ole Sørenson Hove.  Dei gifte seg kort etter og fekk to søner, båe med namn Søren.

 

Denne Anna var IKKJE fødd i Sogndal, og ikkje er ho nemnd korkje i manntalet frå 1776 eller mellom konfirmantane i Sogndal.  FT1801 tyder på at ho var fødd kring 1770, men KVAR?

 

Eg har so langt ikkje funne høvelege "kandidatar" for denne Anna i nokon av bygdene i indre Sogn og lurer på om ho kan vera innflytt frå Os (eller Fusa) der David Christie var sokneprest (eller kanskje kapellan?) før han i 1779 flytte til Sogndal?

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Os eller Fusa som kan bidra med noko her?  Kanskje ei Anna Jensdotter som "forsvinn"?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svehn for spennande innlegg!

 

Jau, eg er merksam på dei to Anna Jensdøtrene i Leikanger, men ein sjekk i bygdeboki syner at

 

* Anna Jensdotter Lagmannsås f. 1770 vart gift til Straumsnes, medan

 

* Anna Jensdotter Hov f. 1773 døydde i 1774

 

Det var òg ei

 

* Anna Jensdotter Forthun i Lærdal, f. 1769, vart gift og budde på Lærdalsøyri

 

og likeins ei

 

* Anna Jensdotter Staveteig i Sogndal, f. 1771, døydde i 1773

 

og so ei

 

* Anna Malene Jensdotter, f. i Gaular 1771, var omstreifarbarn og vart gift i Hafslo!

 

Ser ein på Sogn og Fjordane hjå FamilySearch finn eg i grunnen berre TO som KAN høva so nokolunde:

 

* Anna Henrikke Jensdotter, døypt på Svanø (Kinn) 6.1.1770 av far Jens Janson, og

 

* Anna Pernille Jensdotter, døypt i Kinn 22.6.1772, òg av far Jens Janson - kan henda ei søster av den føregåande?

 

Men ingen av desse "jump out at me"...  So kven var Anna Jensdotter i Sogndal?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har kan henda funne svaret på dette problemet no i kveld?

 

Eg oppdaga nemlig ein barnedåp i Hauge sokn i Lærdal 21.10.1770 for ei Anna Jensdotter, fødd "uægte" 17.10.1770 av foreldri Jens Erikson "af Sogndal" og Marithe Trondsdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-177).

 

Denne Marithe Trondsdotter er truleg identisk med eit almisselem som me i 1801 finn att i Sogndalsfjøra i Sogndal, då 70 år og tydeleg ugift.

 

Me veit at Anna Jensdotter på denne tidi og fram til ho døydde i 1831 var busett i Viki underv garden Hove tett ved Sogndalsfjøra i Sogndal, og so er det at eg finn:

 

Martha Trondsdotter "Wiigen", enkje og legdelem, 76 år, vart gravlagd i Sogndal 21.3.1813 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11659&idx_id=11659&uid=ny&idx_side=-38).

 

Det er vel ikkje so urimeleg at Anna har henta mor si til seg i mori sine siste leveår?  Men noki enkje var ho nok ikkje...

 

Dersom eg har funne rett Anna Jensdotter, er det mogeleg å identifisera opphavi til dei to foreldri, Jens Erikson og Martha Trondsdotter?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er dette problemet endeleg løyst!  Etter ein del "famling" har eg identifisert Martha Trondsdotter som barnefødd på husmannsplassen Plassen under Amla øvre i Sogndal i 1738, og alt i 1806 var ho busett hjå dotteri Anna i Hovsviki i Sogndal der ho døydde i 1813.  Barnefaren Jens Erikson var frå Venes i Sogndal og fødd der i 1748.  Han døydde som husmann i Vindedalen i Lærdal i 1780.  Anna var fødd i 1770 i Hauge sokn i Lærdal, truleg i Vindedalen, der Martha hadde skyldfolk, og der ogso Jens etter kvart slo seg ned...

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.